Når USA og Donald Trump nå trugar Danmark, er det faktisk gamalt nytt. Førre gongen var for 55 år sia, rett nok i ein skjønnlitterær parodi, men den var så nær opp til originalen at den godt kunne ha vore sann. President Richard M. Nixon heldt i april 1971 ein kjensleladd tale mot abort. Dette var berre to dagar etter at han let løytnant William Calley, ansvarleg for My Lai-massakren der fleire hundre sivile blei drepne, gå frå livsvarig fengselsstraff til husarrest.
På bakgrunn av desse to hendingane skreiv forfattaren Philip Roth (1933-2018) i 1971 ein hysterisk artig dramatekst om den fiktive presidenten Trick E. Dixon, med oppnamnet Tricky. Boka «Our gang» med undertittelen «Starring Tricky and his friends», opnar med at ein bekymra veljar spør presidenten om ikkje løytnant Calley kan ha utført ein abort dersom ei eller fleire av dei massakrerte kvinnene i My Lai var gravid. Sjølv om Dixon meiner at kvinnene i så fall kunne ha seg sjølve å takke ettersom dei ikkje hadde kledd seg slik at graviditeten var synleg, ga det han likevel nokre moralske kvalar.
Så for å vise handlekraft, og for å stå opp mot abort, synd og pornografi, og ikkje minst etter å ha forlese seg på Shakespeares «Hamlet», held Dixon ein fjernsynstale med tittelen «Something is rotten in the state of Denmark» der han fortel at han dagen før har gått til eit militært åtak på Danmark. København, pornografiens hovudstad, har han lagt i grus og han har frigjort Hamlets slott frå den langvarige danske annekteringa. Grunngjevinga hans går også ut på at danskane tusen år tidlegare urettvist hadde vore med på å invadere Nord-Amerika, i openberr strid med Monroe-doktrinen(!). Philip Roth har gjort grundige sitatstudiar, og presidentens tale er som å lese den pompøse talestilen som kjennemerka Nixon. Men det er samstundes også som å høyre Trump i rettferdiggjeringa hans av åtaket på Caracas og Venezuela for eit par veker sia.
Boka (med fare for å drive røpealarm) held fram med at Dixon dagen etter invasjonen i Danmark legg seg inn på sjukehus for å operere bort den sveitte overleppa si, eit problem den verkelege president Nixon ofte sleit med i varmen frå fjernsynsspottane. På sjukehuset blir Dixon myrda. Han blir funne naken og rulla opp i fosterstilling i ein plastpose, – som ein abort. Det endar med at Dixon kjem til Helvete der han stiller til val mot Satan. Og vinn!
(Denne baksideteksten stod i Klassekampen tysdag den 20. januar 2026.)
