Ei framtid i fortida

KOMMENTAR

HISTORISK: Med forslaget «Ny framtid for Nationaltheatret» blir både Linstows og Bulls 200 og 100 år gamle planar fullførte. ILLUSTRASJON: LPO ARKITEKTER

«Ny framtid for Nationaltheatret»
Eit privat forslag frå Ellen Horn, Eilif Holte, Erik Collett, Erik Rudeng, Peter Butenschøn og LPO arkitekter ved Alexander Tunby Rosseland og Lars Haukeland

Ein gjennomgang av framlegget «Ny framtid for Nationaltheatret» syner at det i overraskande stor grad gir svar på det teateret treng.

Etter ei sykkelulykke for ni år sia, sat eg i rullestol eit halvt års tid. Eg hadde akkurat gått ut av Hedda-juryen, og hadde sjølvsagt lyst til å vere med på prisutdelinga. Så eg våga meg på turen frå Trondheim til Oslo. SAS og Flytoget rulla nærast ut raud løpar, og alt gjekk problemfritt. Til eg skulle inn på Nationaltheatret på sjølve prisutdelinga. Først blei eg sett i ein vareheis som sende meg i kjellaren der eg var stranda til eg fekk tak i ein vaktmeister. Så skulle eg inn på hovudscena. Dit var det ikkje mogeleg å ha med rullestol, så eg måtte berast inn. Det var noko av det mest audmjukande og nedverdigande eg har vore med på. Det var då eg fekk auga opp for dei skandaløse forholda ved Nationaltheatret. Og etter kvart som eg har freista å setje meg inn i forfallet og tilhøva, er eg berre blitt meir og meir forskrekka.

UNDER BYGGJING: Nationaltheatret blei opna i september 1899 etter teikningar av Henrik Bull. Utvendig og i volum er det lite som har skjedd på 125 år. FOTO: SEVERIN WORM PETERSEN OG NATIONALTHEATRET

Sia reparasjonsarbeidet etter brannen på 1980-talet har det skjedd lite eller inkje med det bygget som skal vere flaggskipet i norsk teater. Vedlikehaldet har vore nesten fråverande, og Statsbygg har ikkje gjort jobben sin. Alt frå opninga for 125 år sia har det vore peika på at huset er for lite, og mange forslag er lagt fram, endåtil ein arkitektkonkurranse på 1970-talet, men det er blitt luftslott og lite og inkje har skjedd.

TRE AKTUELLE FORSLAG
Med mangeårig bakgrunn som arkitekt med hovudvekt på verna og freda bygg, og som frilans teatermeldar, har eg freista å setje meg inn i dei tre ulike forslaga som for tida ligg føre for Nationaltheatret. Det optimale for eit kvart teater er sjølvsagt eit nybygg der alt kan samlast under eitt tak slik det kan gjerast på Økern. Men Henrik Bulls vakre og ikoniske bygg står framleis i sentrum, og sjølv om det ikkje er noka naturlov at nasjonale institusjonar må vere midt i byen, meiner eg at Økernløysinga først er aktuell om det viser seg umogeleg å gjere noko i sentrum. Anette Trettebergstuens framlegg om eit nedgrave teater på Tullinløkka har openbert ikkje politisk fleirtal. Det er svært dyrt, grunnforholda er vanskelege, og det vil medføre ei anleggstid på 18 år. Det er dessutan ikkje tradisjon for å gøyme nasjonale institusjonsbygg under jorda.

MONUMENTALT: Mot Karl Johan og Universitetet vil teateret framstå langt meir komplett og monumentalt enn i dag. ILLUSTRASJON: LPO

NYTT PRIVAT FORSLAG
Men i mars dukka det opp eit privat forslag, «Ny framtid for Nationaltheatret», som tok utgangspunkt i eksisterande bygningsmasse og bygde vidare på det, i hovudsak med eit tilbygg mot nordvest. Det er eit skisseprosjekt utarbeidd av arkitektkontoret LPO, og bak står ei gruppe privatpersonar med stor tyngde innafor teater, kultur, arkitektur, politikk og økonomistyring, leia av tidlegare teatersjef og kulturminister Ellen Horn. Forslaget er ei slags fullføring av Henrik Bulls opphavelege prosjekt, i historisk stil, og med ein prislapp som burde vere akseptabel for dei fleste. Løysinga verka så innlysande at eg lurte på kvifor ingen hadde tenkt på dette før, noko det fort viste seg at dei hadde. Forslaget har vekt stor og ålmenn begeistring, og førebels har eg berre sett to innvendingar mot prosjektet. Fleire meinte ein måtte sjå kva som var inni den fine fasaden før ein kunne konkludere, og nokre arkitektar freista å gjere prosjektet til lått fordi det bygde vidare i historisk stil.

Eg har skaffa meg innsikt i forprosjektet, og studert det så grundig som det let seg gjere, og eg må berre vedgå at jo meir eg set meg inn i det, jo meir meiner eg at dette må vere det beste svaret på Nationaltheatrets behov og ønske.

IKKJE FULLFØRT: Med ovanståande samanlikning av dagens fasade og forslaget, vil dei fleste sjå at det er noko som manglar i dag. ILLUSTRASJON: LPO

MODERNISME ELLER HISTORISK
Det er dei som meiner eit tilbygg må spegle vår tid og dagens formspråk og materialbruk. Men når du skal byggje inntil eit verna bygg, har du i hovudsak tre val. Du kan byggje vidare med same formspråk, materialval og detaljering. Du kan byggje med tilsvarande volum, takformer og materialbruk som det opphavelege, men likevel vise tydeleg at dette er eit nybygg. Eller du kan byggje noko som står i skarp kontrast til det opphavelege. Alle desse tre mogleikane er like legitime, og ein må gjere ei konkret vurdering i kvart einskild tilfelle om kva som passar best.

GAMLE FORSLAG: Henrik Bull såg alt i 1935 for seg ei tilsvarande utviding, og det gjorde også byplansjef Harald Hals i 1928

For Nationaltheatret er eg overtydd om at å byggje vidare på Bulls opphavelege stil og formspråk, er det riktige, særleg fordi det medfører ei komplettering eller fullføring av det opphavelege bygget. Etter at forslaget om tilbygg blei lagt fram, er det kome fram at Henrik Bull sjølv teikna ei tilsvarande utviding alt i 1935, og byplansjef Harald Hals gjorde framlegg om det same i 1928. Ved å spegelvende fasaden mot Karl Johan om scenetårnet, ser ein også at bygningskroppen ikkje framstår så uferdig som i dag, men blir langt meir monumental og symmetrisk, og vender seg på eit heilt anna vis mot Universitetsplassen, Universitetet og dei historiske bygga bak.

PLAN FRÅ 1838: Med forslaget vil ein fullføre Linstows historiske akser frå 1838.

LINSTOWS GAMLE BYPLAN
Slottsarkitekt Linstow teikna alt i 1838 ein reguleringsplan for «Forbindelse mellem Kongeboligen og Christiania Bye» der han i tillegg til aksen langs Karl Johans gate, også hadde ein tverrakse frå Universitetet til dagens Nationaltheater. Linstow ville leggje Stortinget der teateret ligg i dag, men slik blei det ikkje. Både på grunn av den tette trerekka mot Karl Johan og fordi teateret manglar universitetets symmetri, oppfattar ein ikkje denne viktige historiske aksen i dag. Ei forlenging av teateret, og ei opning mot Universitetsplassen, vil difor fullføre Linstows storslåtte plan og skape eit nytt og spennande byrom.

INNHALDET ER VIKTIGAST
Eit nasjonalteater skal vere monumentalt og vakkert, men innhaldet er sjølvsagt det viktigaste. Det skal kunne formidle stor scenekunst, det skal vere ein god arbeidsplass for dei tilsette, og det skal vere opplevingsrikt og lett tilgjengeleg for publikum. Eg har gått gjennom planteikningane i forslaget frå LPO, og sjølv om det førebels berre er eit skisseprosjekt utan eksakt rominndeling og detaljering, syner både areala, voluma og logistikken at dei har fått plass til det meste. Det nye tilbygget på rundt 3000 m² er ei tilnærma spegelvending av bygninga om scenetårnet. Medan det i den delen av bygget som er freda, frå hovudscenekanten og mot Universitetsgata, berre er gjort mindre tilpassingar som nye heisar og toalett og garderobar for publikum.

NY PRØVESAL: Planskissa for 3. etasje viser plass til ein stor, ny prøvesal. ILLUSTRASJON: LPO

I dag har teateret ei hovudscene og to biscener, – Malersalen og Amfiscenen. Alle desse tre blir behalde. Det nye er ein prøvesal med same storleik som hovudscena, og der det også er mogeleg å ta inn publikum og setje opp framsyningar om det er ønskeleg. Vidare er det gitt plass til ny kantine, betre garderobeforhald og sosiale rom for dei tilsette, eit trimrom, meir produksjons- og lagerplass og betre åtkomst for varetransport. Og alle lokala blir oppgraderte ventilasjonsteknisk. I tillegg er det lagt inn ein liten kafé mot Johanne Dybwads plass. Og så blir sjølvsagt heile bygget universelt utforma slik at ein slepp slike uverdige møte som det eg opplevde i rullestolen for ni år sia. Organiseringa av dei ulike areala i planforslaget tyder på at både ekstern og intern logistikk bør vere relativt enkel å løyse.

MOT SØRAUST: Ein animasjon som viser tilbygget sett frå Abelhaugen. ILLUSTRASJON: LPO

MANGLAR VED PROSJEKTET
Eg har freista å finne manglar ved prosjektet, men dei er få. Hovudscena får større sidescene, men har sjølvsagt nokre scenetekniske avgrensingar. Men med publikumskapasitet på 740, er ho likevel landets største teaterscene. Store kulissar må framleis bli produserte annan stad i byen, men lagerplassen i bygget blir langt betre, og inn- og uttransport blir vesentleg forbetra. Når ein snakkar om eit 125 år gamalt freda bygg, eit nasjonalt klenodium, har eg vondt for å sjå at desse små innvendingane skulle vere avgjerande.

MELLOMBELS LØYSING: Eit provisorisk teaterbygg mot Karl Johan vil gjere det mogeleg å drive teater i heile byggjeperioden. ILLUSTRASJON: LPO

ØKONOMI OG TIDSPLAN
Dersom planane får politisk fleirtal, må det til eit reguleringsarbeid, men det kan skje parallelt med detaljprosjektering og anbodskonkurranse. Og ettersom staten alt eig dei tre tomtene som er omfatta av prosjektet, slepp ein tidkrevjande eigedomserverv. Fasaderehabiliteringa kan ta til så snart dei naudsynte løyvingane er på plass. Ein realistisk plan viser byggjestart sommaren 2027 med at det blir sett opp eit provisorisk bygg mellom teateret og Karl Johan. Det vil ha same kapasitet som dagens hovudscene, og kan bli tatt i bruk frå starten av 2029. Då vil tilbygg til og ombygging av dagens bygg ta til med ei byggjetid på to år. Det nye teateret kan bli tatt i bruk frå 2031, og då står det berre att å rive provisoriet og opparbeide Johanne Dybwads plass. Med denne framdriftsplanen kan det bli spela teater samanhengande på området i heile byggjeperioden. I motsetnad til Tullinløkkaforslaget som vil ta atten år, vil dette berre ta fire års anleggstid.

TIDSPLAN: Rekordrask anleggstid utan spelestans for teateret.
ILLUSTRASJON: LPO

Kostnadane er ei historie for seg. Prosjektleiaren, Eilif Holte, har stipulert at byggjesaka, inklusive provisorisk teater, tilbygg, restaurering av det eksisterande og utomhusarbeid vil koste maks. 4,25 milliardar. I motsetnad til Tullinløkka som vil koste rundt 10 milliardar.

HISTORISKE AKSER: Med forslaget vil Oslo sentrum få eit nytt og historisk byrom omkransa av kunnskapens og scenekunstens høgborger. ILLUSTRASJON: LPO

EIT COLUMBI EGG
Etter å sett meg inn i forslaget «Ny framtid for Nationaltheatret», blir eg berre meir og meir overraska over korleis brikkene fell på plass. Både for dei tilsette og for publikum vil dette bli ei nærast optimal løysing, og det med ei tidsramme og ein kostnad som ikkje bør skremme nokon. Som arkitekt med særleg hug for arkitekturhistorie og forvalting av verna bygg, gler det meg å kunne slå fast at forslaget vil fullføre Linstows og Bulls to- og eitt hundre år gamle planar. Med den symmetriske og monumentale fasaden mot Karl Johan vil hovudstaden få eit vakkert og historisk byrom omkransa av Universitetet og Nationaltheatret, kunnskapens og scenekunstens to høgborger. Kva meir kan fru Thalia ønske seg?

(Ei litt forkorta utgåve av denne kommentaren stod i Klassekampen måndag den 19. mai 2025.)

One Response to “Ei framtid i fortida”

  1. Siri Rørholt sier:

    Et godt prosjekt som skaper et fint og verdig byrom!

Leave a Reply