Møteplassen

TEATER

MØTEPLASSEN: Fire lagnadar og eitt møte. Minda (Marianne Nielsen), Johanne (Reidun Melvær Berge), Sivert (Glenn André Kaada) og Anja (Nina Ellen Ødegård) FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Vær meg fremmed»
Rogaland Teater (i samarbeid med Den Nationale Scene og Festspillene i Bergen)
Av: Arne Lygre
Regi og scenografi: Stéphane Braunschweig
Regiassistent: Alexandre de Dardel
Kostymedesign: Ragnhild Anda Tengesdal
Komponist og lyddesign: Xavier Jacquot
Lysdesign: Geir Hovland
Med: Glenn André Kaada, Nina Ellen Ødegård, Reidun Melvær Berge og Marianne Nielsen

Eit kunstverk, ein møteplass, og fire ulike og einsame personar som tar til å snakke saman. Med Arne Lygres innsiktsfulle tekst kan det bli stor scenekunst av slikt.

Frå 2014 og gjennom seks år samarbeidde dramatikaren Arne Lygre og biletkunstnaren Sverre Bjertnæs om fleire møte mellom dramatekst og skulptur. Arbeidet kulminerte med framsyninga «Bjertnæs, Lygre» som hadde urpremiere på Trøndelag Teater i 2020. Det blei eit spennande møte mellom to kunstformer, laga av to av landets fremste i kvar sin sjanger. Nå har Arne Lygre laga nok eit drama der ein skulptur spelar ei viktig rolle, men denne gongen er det ikkje eit konkret kunstverk, men kva ein regissør og scenograf måtte hente av inspirasjon i Lygres tekst.

«Vær meg fremmed» er skrive for Rogaland Teater i samarbeid med Festspillene i Bergen og Den Nationale Scene, og hadde urpremiere i Stavanger før det skal vidare til festspela. I eit kystlandskap, ikkje så langt frå eit bustadområde, er det montert eit kunstverk som er så stort at folk både kan gå inn i og under det. Hit søkjer fire personar med ulik bagasje, men som alle har det sams at dei er einsame og kontaktsøkjande, men likevel, og kanskje nettopp difor, sosialt særs reserverte. Kanskje det er kunstinstallasjonen som gjer det, ikkje veit eg, men i staden for å utveksle trivialitetar om ver og vind, opnar dei fire ganske raskt opp om dei langt meir grunnleggjande og eksistensielle sidene ved å vere menneske.

FLØRT?: Ser vi meir enn berre ein samtale mellom Sivert (Glenn André Kaada) og Anja (Nina Ellen Ødegård)? FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

Til å regissere denne framsyninga har teateret henta den franske regissøren og scenografen Stéphane Braunschweig som har hatt eit mangeårig samarbeid med Lygre, og som har god kjennskap til dramatikken hans etter å ha sett opp fleire av Lygres drama i Frankrike. Braunschweig har laga ein scenografi som berre indikerer kva for eit stort og minimalistisk kunstverk dette er, men som samstundes gir ei god ramme for teksten og det vesle som skjer. Skråstilte veggar med sittebenkar, eit tak og ein liten dam i midten, ein dam som på symboltungt vis fangar opp små drypp frå taket. Alt i kald og kjenslelaus betong. Hit kjem folk for å slappe av, tenke, finne ro eller bere vere seg sjølve.

EINSEMD: Gravid og åleine sørger Johanne (Reidun Melvær Berge) over tapet av sin beste venn. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

Sivert (Glenn André Kaada) bur like ved og er her ofte. Han har vore gift, og har ein vaksen son han meir eller mindre har mista kontakten med. Men denne dagen kjem også Anja, framsyningas omdreiingspunkt og største katalysator (Nina Ellen Ødegård). Ho er skilt, barnlaus, har vanskar med å halde på vennskap og forhold, har nettopp flytta hit, og er openbert kontaktsøkjande. Dei to er heilt ukjende for kvarandre, men på eit overraskande tilforlateleg vis er dei raskt inne i ei djupare samtale som også kan sjå ut som ein flørt, i alle fall frå Anjas side. Så kjem Johanne (Reidun Melvær Berge). Ho er yngre enn dei to, ein nær ven har nyleg døydd, og ho er gravid med barnet hans. Ho nynnar lett, men greier ikkje å la vere å gråte. Til slutt kjem Minda (Marianne Nilsen) inn i installasjonen. Ho er eldre enn dei andre, har stått og høyrd på samtalen deira før ho valde å kome inn, og presenterer seg med at ho er god på venner. Ho er meir ambisiøs enn dei andre, men sjølvinnsikta er kanskje ikkje all verda.

Gjennom Arne Lygres varme og innsiktsfulle tekst får vi presentert fire einsame lagnadar som alle strever med sitt. Det syner seg etter kvart også at dei kanskje ikkje er like ukjende for kvarandre ettersom livshistoriene deira lag for lag tar til å flette seg saman. Og etter kvart får vi også møte venner av kvar einskild av dei fire, personar som utfordrar, korrigerer og utfyller det bildet eller sjølvbildet som dei fire har gitt oss. I staden for å introdusere fire nye personar, blir det gjort med tydelege brot der ein og ein av aktørane går inn i ei anna rolle. Visuelt blir dette understreka ved at lyset blir dempa medan brota blir presenterte. Det er eit fint dramaturgisk grep Lygre sjølv har lagt inn i teksten, men den sceniske løysinga, spesielt med lysdempinga, er ikkje heilt vellukka. Det skjer noko brått og umotivert, og på premieren var lyskøyringa ikkje spesielt synkron.

SYNG FOR MEG: Anja (Nina Ellen Ødegård) freistar å trøyste Johanne (Reidun Melvær Berge) ved å synge songen Johanne nynna på. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

Ettersom «Vær meg fremmed» er eit samarbeidsprosjekt, har teateret nytta to skodespelarar frå DNS (Berge og Nielsen) og to frå Rogaland Teater (Kaada og Ødegård). Dei fire byr på eit tett, nært og godt ensemblespel av uvanleg høg klasse der dei på finstemt vis greier å gi oss fire heilt ulike menneske med sine særtrekk, men likevel så mykje sams. Samtalane, som er både menneskelege, djupt eksistensielle, og til å kjenne seg att i for dei fleste, blir formidla naturleg og med stor innleving samstundes som det blir spela med innestemme og utan fysiske geberdar. Slik Arne Lygre og Stéphane Braunschweig presenterer dei, og med det inderlege spelet vi blir vitne til, er det uråd å ikkje bli rørt av og involvert i desse fire lagnadane. Det er levde liv, men det er håp og draumar bak all einsemda. Det handlar rett og slett om det djupt menneskelege og kva vi er og kan vere for kvarandre. Og det handlar også om at det kanskje er håp, og at det ikkje alltid er så mykje som skal til. Som når Anja syng trøystande, først for Johanne og seinare for Minda. I Lygres tekst står det berre at det er ein «poplåt», men i denne versjonen er det AHAs «Hunting High and Low» og Gloria Gaynors «I will survive», båe symboltunge og gode låtval, og som står heilt på eigne bein i Nina Ellen Ødegårds inderlege og lågmælte tolking.

GOLDE OMGJEVNADAR: Trass minimalistisk brutalisme fungerer kunstverket som ein katalysator for samtalar, som her mellom Anja (Nina Ellen Ødegård) og Minda (Marianne Nielsen). FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

Eg opna ved å vise til Arne Lygres tidlegare tverrfaglege samarbeid med biletkunstnaren Sverre Bjertnæs. I «Vær meg fremmed» nyttar ikkje Lygre eit konkret kunstverk, men det er likevel slik at det fysiske rommet som denne skulpturen skapar, blir som ei rolle i seg sjølv og heilt avgjerande for å forme den møteplassen som kan utløyse desse kvardagslege, men likevel så spennande samtalane. Indirekte er dramaet difor også eit argument for kunstens rolle som møteplass, for med dagens fragmenterte liv og aukande einsemd er det viktigare enn nokon gong at vi møtest og pratar saman.

One Response to “Møteplassen”

  1. Bjørn Krogstad sa:

    Lyder som en forestilling som jeg gjerne skulle ha sett!

Leave a Reply