Såg vi det same?

september 16th, 2023

TEATER

SYNSBEDRAG: To av desse er på skjerm, og den tredje fysisk til stades, men kven? Margareta Stone i blått og Maria Salomaa i skjørt er projiserte, men Ida Ingels i raudt er «ekte». FOTO: ANDREAS BRÄNNLUND

«Tre rom»
Riksteatern, Rosendal Teater
Idé: Andreas Brännlund
Manus og regi: Filip Alexanderson
Scenografi: Marika Feinsilber
Kostyme: Frida Hultqrantz
Lyddesign: Anton Söderberg
Med: Ida Ingels (N), Margareta Stone (S) og Maria Salomaa (SF)

Teknisk briljant, men historia er litt for føreseieleg.

Medan vi drøymer om kva vi skal gjere med livet vårt, oppdagar vi med eitt at det faktisk har passert. Denne erkjenninga kjem til meg når eg ser urpremieren på det svenske kompaniet Riksteaterns oppsetjing «Tre rom» på Rosendal Teater. Urpremieren skjedde samstundes i Jakobstad i Finland, Sundsvall i Sverige og på Rosendal Teater i Trondheim. Ein skodespelar og to tynne screens kvar stad, der dei to skodespelarane som ikkje er til stades hjå oss, blir strøymt live, og det så synkront, saumlaust og perfekt at det var som å ha dei i rommet. Produksjonen er i så måte både imponerande og nyskapande, og det skal ha tatt nærare ti år før teknologien var skikkeleg på plass. Framsyninga heiter symptomatisk nok «Tre rom», og her fekk vi dei i eitt.

Situasjonen kvar av dei tre spelestadane er at den nasjonale skodespelaren, for vårt vedkomande Ida Ingels, er fysisk til stades på scena, medan dei to andre, Margareta Stone i Sverige og Maria Salomaa i Finland blir vist på flortunne og nesten usynlege skjermar. Det tar til ved at dei alle sit som byråkratar med rapportskriving ved kvart sitt skrivebord, der «vår» kvinne, nettopp har tatt til i ein jobb ho hatar og med ein sjef som er langt frå god. Vi får raskt presentert draumen om noko anna, eit musikarliv med feite riff, band på turné, og kanskje det ein kan sjå som verkeleg fridom? Etter kvart som samtalane og interaksjonen mellom dei tre går, forstår vi at dei er same person, men på ulike stadium av livet. Ingels er den unge med livet framfor seg, Salomaa småbarnsmora som sit fast i tidsklemme og pliktar, og Stone den aldrande som bittert må erkjenne at det berre blei som det blei.

Dei tre ulike periodane av eit kvinneliv er særs lette å kjenne att, og det er kvinneperspektivet der frykta for ikkje å strekke til, den øydeleggjande pliktkjensla, dårleg samvit og you name it som pregar kvardagen deira. Medan motsatsen, dei få mennene som vi berre høyrer om, ser ut til å surfe problemlaust gjennom livet. Alt dette er godt tatt vare på. Det er observant gjort, det er tidvis humoristisk, og ein treng ikkje vere kvinne for å kjenne att det dei skildrar. Men er det nok å peike på og beskrive røyndomen? Framsyninga er ein god spegel på draum, forventing, brostne illusjonar og levde liv, men seier ikkje så mykje meir. Og ettersom dette er tema mange har skrive om før, blir ho litt for føreseieleg.

Dei tre skodespelarane står godt til kvarandre, utfyller og kommenterer situasjonane, og trass i at dei alle blir filma og strøymt, beveger dei seg så ledig og fritt at eg stadig gløymer at to av dei berre er projiserte. Det mest spennande ved denne framsyninga er difor det tekniske, og erkjenninga om at dette på same tid er ei og tre framsyningar. Teater er interaktivt, der og då, og sjølv om vi ser dei to i Sverige og Finland, veit vi lite eller inkje om korleis opplevinga i salen er der. Og der eg opplever den unge som hovudpersonen her, ettersom det er ho som er fysisk til stades, kan opplevinga vere at den gamle er hovudpersonen i Sverige. Så kanskje såg vi ikkje same framsyninga likevel?

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 16. september 2023.)

Ei multimedial oppleving

september 14th, 2023

TEATER

BAK RYGGEN: Utan at Constanze og Amadeus (i bakgrunnen) veit det, driv Salieri (Kyrre Haugen Sydness) sitt skitne spel. Og han erkjenner det sjølv. FOTO: LARS GUNNAR LIESTØL

«Amadeus»
Kilden teater og konserthus
Av: Peter Shaffer
Omsett av Øyvind Berg
Musikk: Wolfgang Amadeus Mozart
Regi og koreografi: Tomas Adrian Glans
Musikalsk ansvarleg: Simon Revholt
Scenografi og kostyme: Katja Ebbel
Lysdesign: Oscar Udbye
Lyddesign: Simen Hefte Endresen
Med: Kyrre Haugen Sydness, Fredrik Høstaker, Ragnhild Meling Enoksen, Henrik Rafaelsen mfl.

Kanskje ikkje det mest intense og djuptpløyande teater, men ei fantastisk scenisk oppleving.

Kilden Teater og konserthus i Kristiansand er eineståande i norsk samanheng ettersom det er både teater, symfoniorkester og opera i same eining og hus. Det har dei tatt konsekvensen av ved å setje opp Peter Shaffers «Amadeus» som ei multimedial og uvanleg spektakulær framsyning der heile det store kulturhuset får vise kva dei kan. Det er blitt ein omfattande produksjon som få teater- og konserthus kan gjere dei etter.

Antonio Salieri (1750-1825) er ein feira hoffkomponist hjå det keisarlege hoffet i Wien. Så kjem den litt yngre Wolfgang Amadeus Mozart (1756-1791) til byen etter å ho vore barnestjerne og turnert kontinentet på kryss og tvers med foreldra. Mozart er ein infantil spjert med klokkartru på sin eigen genialitet, men som ikkje kan alle dei sosiale kodane. Keisaren er ein musikkelskar og fell for Mozart, men utrygg som han er på eigen smak, lit han på Salieri. Salieri på si side, er den einaste som verkeleg fattar kor god Mozart er. Men truga som han kjenner seg, gjer han alt for å halde ynglingen nede. I alle fall i følgje mytane som i stor grad er skapt av Salieri sjølv.

PRODUKTIV: Mozart (Fredrik Høstaker) var særs produktiv dei ti åra i Wien, både med komposisjonar og barn, men han og Constanze (Ragnhild Meling Enoksen) fikk lite anna enn armod og død som resultat. FOTO: LARS GUNNAR LIESTØL

Framsyninga tar til med dødsleiet til Salieri (Kyrre Haugen Sydness) der han ser attende på eige liv, og gjer opp rekning med seg sjølv. Og i desse tilbakeblikka manar han fram historia frå Mozart (Fredrik Høstaker) buset seg i Wien i 1781, giftar seg med Constanze (Ragnhild Meling Enoksen) året etter, og etter ti vanskelege, men produktive år dør ein alt for tidleg død i 1791. Skal vi tru Salieri sjølv, fekk sjalusien hans store følgjer for Mozarts liv og karriere, men mykje av dette er myte, og Shaffers historie går ut på at Salieri regisserte denne forteljinga sjølv for slik å bli like udødeleg som Mozart.

SYMFONIORKESTER: Lykkeleg er Kilden som har både skodespelarar, dansarar, songarar og eit heilt orkester i stallen. Då kan det bli både mektig og magisk. FOTO: LARS GUNNAR LIESTØL

Normalt blir denne framsyninga sett opp som reint teater med nokre musikalske islett. Men med Kildens uvanlege kapasitet, har dei vald å lage ei storslått framsyning med både operasongarar, symfoniorkester og dansarar. Og som om ikkje det var nok. Kilden spelar ikkje repertoar, og det har ført til at scenografen Katja Ebbel og lysdesignaren Oscar Udbye har fått høve til å lage ein scenerigg som er like komplisert som han er elegant. Kombiner dette med Simon Revholts kyndige musikalske leiing, god regi av Tomas Adrian Glans, framifrå dansarar og songarar, og eit meir enn kompetent orkester, og vi har ei framsyning som er så rik i uttrykk at ho går utanpå det meste av det ein ser på norske scener. For når Salieri eller Mozart fortel om musikken, så får vi ikkje berre illustrerande smakebitar frå orkesteret, men lange pedagogiske passasjar. Det er både lærerikt, og ei musikalsk oppleving. Utfordringa er sjølvsagt at det kan bli lite teater, vel omstendeleg og litt langdrygt, men det var berre heilt mot slutten at dette blei eit problem.

Og sjølv om dette er høge parykkar, flott musikk, illustrerande dans og spektakulære tablå, held regissøren ei fast hand om sjølve forteljinga. Kyrre Haugen Sydness er myndig og tydeleg som Salieri som både innser eigen inkompetanse og forsonar seg med vondskapen sin. Fredrik Høstakers Mozart er ikkje like barnsleg og analhumoristisk som mange tidlegare produksjonar, men gir oss ein sårbar og sosialt naiv person med skylappar for anna enn sin eigen genialitet. Og Ragnhild Meling Enoksen kontrasterer dette godt som den jordnære og langt klokare Constanze som i røynda er den einaste som forstår spelet og Salieris intrigar.

SPEKTAKULÆRT: Scenograf Katja Ebbel og lysdesignar Oscar Udbye manar fram spektakulære rom og situasjonar. FOTO: LARS GUNNAR LIESTØL

«Amadeus» er noko av det mest spektakulære og mangefasetterte eg har opplevd, og den kanskje viktigaste ingrediensen er korkje framifrå musikk eller spel, men scenografi og lysdesign. Utan stort anna enn eit flygel og nokre stolar, greier Katja Ebbel og Oscar Udbye likevel, og det berre med lys og draperi, å mane fram uendeleg mange rom og situasjonar.

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 14. september 2023.)

Leik med illusjonar

september 12th, 2023

TEATER

HEKSEBRYGG?: Macbeth (Leo Magnus de la Nuez) let seg overtyde og forføre av heksene (Mareike Wang, Ragnhild Arnestad Mønness og Helga Guren). FOTO: GRETHE NYGAARD

«Macbeth»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: William Shakespeare
Omsetjing, tilarbeiding og regi: Tyra Tønnessen
Scenografi og kostyme: Leiko Fuseya
Lysdesign: Geir Hovland
Koreografi: Kristin Hjort Inao
Med: Leo Magnus de la Nuez, Mari Strand Ferstad, Øystein Martinsen, Espen Reboli Bjerke, Mareike Wang, Helga Guren, Ragnhild Arnestad Mønness, Svein Solenes mfl.

Tyra Tønnessens «Macbeth» på Rogaland Teater er ein kreativ teaterleik, og ei gåve til publikum.

Teater er illusjon, og ikkje røyndom. Med Tyra Tønnessens leikne og kreative oppsetjing av «Macbeth» på Rogaland Teater syner ho oss dette til fulle der ho boltrar seg i teatrale konvensjonar og leikar seg med teksten utan å gå på akkord med korkje tematikk eller innhald.

«Macbeth» av William Shakespeare (1606), er kanskje den svartaste tragedien han har skrive, og i Norge er det i motsetnad til «Hamlet», «Romeo og Julie» og komediane hans årevis mellom kvar oppsetjing. Macbeth er ein skotsk general som vinn eit viktig slag mot irske og norske styrkar. Han får heiderstittel av kongen, men før det møter han tre hekser som fortel at han skal bli heidra to gongar, men til slutt også bli konge av Skotland. Etter at dei første to spådomane er oppfylt, blir Macbeth, og ikkje minst kona hans, Lady Macbeth, fylde av overmot og maktbegjær, og han drep kongen, blir sjølv ein paranoid monark som drep og forfølgjer alt og alle før han til slutt fell for eige grep. Temaet er sjølvsagt kva makt og overmot kan gjere med eit menneske.

Alt dette er godt tatt vare på i Tyra Tønnessens oppsetjing som i tillegg er blitt så uendeleg mykje meir. Tønnessen har sjølv omsett og tilarbeidd teksten, og i eit godt samarbeid med scenograf og kostymedesignar Leiko Fuseya, har ho laga ein tidlaus tragikomedie av stykket, og med haugevis av referansar til likt og ulikt for alle som vil sjå og tolke.

Den fysiske handlinga tyder på at dette er for nærare tusen år sia, men kostyme, og særleg dei mange enkle, men særs illustrerande rekvisittane er frå i dag. Slik kan vi alle dikte inn referansar til krig og ulike despotar, utan at Tønnessen har gitt oss anna enn små indikasjonar. Opninga er ikonisk og set tonen med sendebodet (Matias Kuoppoala) som skal fortelje om slag og siger, (som ein Maratons Pheidippides) og som går i eitt med sandsekkar og skanseverk. Det gjer også dei tre heksene (Mareike Wang, Helga Guren og Ragnhild Arnestad Mønness) som dansar seg gjennom heile framsyninga som eit gresk kor, og med songar i eit spenn frå Robert Burns til Jennifer Rush. Slik, og utan at det blir påtatt, leikar Tønnessen seg med heile teaterhistoria frå antikken til våre dagar. Sentralt i det heile er Leo Magnus de la Nuez som i ei framifrå tolking av Macbeth syner den gradvise utviklinga frå ein uredd general til ein maktsjuk og paranoid konge. Og bak han står den endå meir infame Lady Macbeth (Mari Strand Ferstad) som kompenserer barnløysa med maktsjuke. Det er eit stort og velregissert ensemble som alle dreg dette i riktig retning, og som ser ut til å storkose seg i rollene. Og som eit brot på vondskap og tragedie har Svein Solenes fått vise sine store absurd-komiske talent som Macbeths tenar.

KONGENS SKÅL: Enkel og humoristisk bruk av rekvisittar, som når ein skal skåle for kongen (Øystein Martinsen). FOTO: GRETHE NYGAARD

Brot er det mykje av i denne oppsetjinga, men dei er langt frå berre påfunn, men godt underbygde, og gjer framsyninga på mange vis til ein underhaldande parafrase over både seg sjølv og teateret som institusjon. Særleg gjeld det rekvisittbruken der våpen og vinglas er naivistiske pappfigurar, men likevel så illustrerande.

Tyra Tønnessen kunne sikkert ha bora litt djupare i det indre sjelelivet til fleire av aktørane, men la det liggje, og det var vel heller ikkje forsettet hennar. Ho har i staden skapt ein kreativ teaterleik, velregissert, underfundig og på same tid både svart og underhaldande. Etter nesten 25 år som regissør, er dette første gongen Tyra Tønnessen gjer ein produksjon på Rogaland Teater. Og det er faktisk også første gongen ho set opp Shakespeare. Det bør så avgjort ikkje bli den siste.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 12. september 2023.)

På gyngande grunn

september 11th, 2023

TEATER

ALLE HAR MOTIV: Sjølv ikkje skipets kaptein (Marit Adeleide Andreassen) går fri for mistanken frå Stephan Reckyll (Øystein Røger), – men var ho mordaren? FOTO: ERIK BERG

«Detektimen – en kriminalmusikal»
Kimen kulturhus, Stjørdal
Riksteatret, Nye Hjorten Teater og Nationaltheatret
Manus: Mads Bones og Olve Løseth etter ein idé av Øystein Røger
Musikk: Kyrre Havdal
Regi: Mads Bones
Scenografi: Katja Ebbel
Kostyme: Christina Lovery
Koreografi: Martha Standal
Med: Øystein Røger, Olve Løseth, Silje Lundblad, Marit Adeleide Andreassen, Emil Olafsson mfl.

Ein klassisk lukka rom-krim og ein humoristisk parafrase over sjangeren, men altfor omstendeleg.

Dei siste ti åra har Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal laga den eine musikalen meir ellevill enn den andre. Framsyningane er ofte bygd over gamalt kjend stoff som med stor grad av respektløyse blir vridd og vrengt på. Humoren er burlesk, folkeleg og med haugevis av ordspel og metaforar. Dei leikne og oppfinnsame tekstane til Løseth og Bones, para med særs melodiøs musikk av Kyrre Havdal har sørga for eit utal publikumssuksessar toppa av spelparodien «Slaget på Testiklestad» som dei spela for fulle hus kvar sommar i mange år.

Etter ein idé av Øystein Røger har dei tre nå gitt seg i kast med Detektimen, ein programpost som samla nasjonen på fredagskveldane den tida det berre var NRK. Som ein samproduksjon mellom Riksteatret, Nye Hjorten Teater og Nationaltheatret er det blitt ein kriminalmusikal-komedie der referansane til og harselasen med krimsjangeren sit laust. Året er 1980, vi er på M/S Kronprins Harald, også kjend som Kielferja på veg frå Oslo til Kiel. I botn av båten ligg Unter den Wellen, ein nattklubb for spesielt inviterte. Under øving fell klubbens primadonna, songaren Nora Boman (Silje Lundblad) om etter cyanidforgifting. Tilfellet vil ha det til at den pensjonerte kriminaletterforskaren Stephan Reckyll (Øystein Røger) er om bord på veg heim til Hamburg etter å ha vore på fiske med sin gode ven og kollega Horst Tappert (meir kjend som Derrick). Reckyll har overmot så det held, og let ikkje høvet gå frå seg til å finne ut av ei klassisk mordgåte. Tvillingsystera til den drepne, ein kjend menneskerettsadvokat, er med på båten, og blir Reckylls Harry Klein eller Doktor Watson om du vil. Og i tillegg møter vi skipets kaptein (Marit Adeleide Andreassen), skipslosen (Olve Løseth), ein politikar og ei umake og ganske fargerik forsamling av artistkolleger til den avlidne. Ein av dei må vere mordaren, men kven?

Det syner seg sjølvsagt raskt at alle har sterke motiv for å ta livet av Boman. Som ei blanding av Derrick, Columbo, Sherlock Holmes og med referansar til mange fleire, nøstar Reckyll opp heile historia, ikkje utan sprang og sidespor, og alt medan vi som publikum også blir dregne inn i gjettinga. Før sjefsetterforskaren konkluderer, og peikar ut ein mordar som naturlegvis ikkje er den opplagte. Undervegs blir det heile krydra med eit utal songar og ein god del humor, diverre ikkje alltid like artig.

Det er stram regi, presise skift og mykje god song, men spelet er litt ujamt. I spissen står ein særs opplagt Øystein Røger som eig både situasjonen og scena. Silje Lundblad er trygg i dobbeltrolla som syster og myrda, og syner nok ein gong fantastisk stemmeprakt. Og Emil Olafsson som transen Bruno Bang har vore med i fleire tilsvarande produksjonar, og viser at dette er ein type humor han kan og er fortruleg med. Elles går det litt over stokk og stein, og då er det ofte diksjonen som blir den skadelidande.

Framsyninga kjem diverre ikkje heilt i hamn. Ho er for omstendeleg, mange av ideane blir uforløyste, og det tek for lang tid før det heile verkeleg tar til. Humoren er heller ikkje så subtil, frodig og ellevill som det Bones og Løseth har vist oss i tidlegare produksjonar.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 11.september 2023.)

Varmt, vemodig og vakkert

september 2nd, 2023

TEATER

SØT MUSIKK: Daniel (Jon Lockert Rohde) er verdsvand, men sosialt usikker, og i møte med Lena (Sunniva Du Mond Nordal ) tar det litt tid før han gir etter for også denne typen musikk FOTO: ERIKA HEBBERT

«Så som i himmelen»
Trøndelag Teater, hovudscena
Av: Kay og Carin Pollak
Musikk: Fredrik Kempe
Omsett av Ragnar Olsen
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Musikalsk leiing: Åsmund Flaten
Koreografi: Magnus Myhr
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Jon Lockert Rohde, Sunniva Du Mond Nordal, Tor Ivar Hagen, Ingrid Bergstrøm, Hallvard Holmen, Iren Reppen mfl.

Ei heilstøypt framsyning, som får formidla så mange ulike lagnadar med innsikt og varme.

Den svenske filmen «Så som i himmelen» tok publikum med storm då han kom i 2003, og i 2018 var det premiere på musikalversjonen i Stockholm. Her heime har alt Oslo Nye og Nordland Teater rukke å setje den opp, og onsdag var det Trøndelag Teater sin tur. Men den som trur teateret berre vil mjølke ein sikker publikumssuksess, tar grundig feil, for oppsetjinga i Trondheim er eit heilstøypt og mangesidig scenisk verk som står fjellstøtt på eigne bein.

I denne versjonen veks vedunderbarnet Daniel Daréus opp i Lysåker, ei avsidesliggjande lita bygd ein stad i Trøndelag. Mobbing gjer at mora tek med seg sonen og flyttar. Han blir etter kvart stjernedirigent i verdsklasse og er fullbooka i åtte år framover. Men han køyrer seg for hardt, 39 år gamal vil ikkje hjartet meir, og han må avslutte karrieren. Så flyttar han heim til Lysåker der ingen lenger kjenner han att. Her vil han lytte og vere i fred, men den vesle bygda vil det annleis, og ganske motviljug seier han etter kvart ja til å dirigere kyrkjekoret. Daniel er eit musikalsk geni, men ein sosial analfabet, grunnleggjande redd, og når han forelskar seg, er det mange fobiar som må overvinnast.

Lysåker er ingen metropol, men kan likevel by på all verdas mennesketypar, og i dette mangslungne menasjeriet får vi rulla opp det meste av ingrediensane frå verdsdramatikken som kjærleik, avundsjuke, vald, misbruk, maktstrukturar, kjønnsroller, religiøse tvangstankar, og alt dette i ein varm, fornøyeleg, vemodig og ikkje minst særs attkjenneleg miks. Og når Trøndelag Teaters versjon blir så vellukka, skuldast det også at regissør Kjersti Haugen nok ein gong syner seg som ein framifrå historieforteljar.

LILLE DANIEL: Anna J. L. Robson FOTO: ERIKA HEBBERT

Saman med scenograf og kostymedesignar Katrin Bombe har ho skapt ei stilsikker og vakker ramme for den gode forteljinga. Scenografien er like enkel som effektiv. Ei opphøgd dreiescene og eit piano, og det solide sju personars orkesteret plassert på høgtsvevande hyller rundt om i scenerommet. Her er knapt rekvisittar, for det er folka i Lysåker og alle dei ulike lagnadane som er det viktige. Alt i opninga får vi ei aning av kva dette blir når den feterte Daniel (Jon Lockert Rohde) ser attende på oppvekst som mobbeoffer og vedunderbarn, og den unge Daniel blir personifisert av den snautt 11 år gamle Anna J.L. Robson som med spel og fiolinsolo sjarmerer publikum trill rundt.

Kjersti Haugen har ikkje vald ei vanleg realistisk tilnærming. Ho stykkar i staden opp handlinga med små vakre, stiliserte brot, ofte nennsamt, detaljrikt og diskré koreografert av Magnus Myhr. Det gjer det heile meir poetisk, og får ofte sagt meir enn handling og dialog. Personinstruksjonen er framifrå, og det er eit stort og strålande opplagt ensemble vi møter der einskildprestasjonane er så gode at eg gjerne skulle nemnt dei alle om det hadde vore plass nok.

ARNE: Tor Ivar Hagen som kjøpmannen Arne er motoren i framsyninga. FOTO: ERIKA HEBBERT

Sentralt er Jon Lockert Rohde som får godt fram den verdsvande, men likevel klossete og sosialt usikre Daniel. Og Sunniva Du Mond Nordal som kjærasten Lena er særs truverdig som den langt enklare, men til gjengjeld livskloke personen med stort sosialt samvit. Båe har dei meir enn tilstrekkeleg stemmeprakt. Det har også Ingrid Bergstrøm, – Gabriella, som lever i eit valdeleg ekteskap, og som i framføringa av Gabriellas song, framsyningas musikalske høgdepunkt, greier å tilføre han så mykje ekstra intensitet og kjensler at vi gløymer at vi har høyrt songen hundrevis av gongar før. Prestefrua Inger er også ein kua person, men på heilt anna vis, og Iren Reppen gir oss ei moden kvinne i nærast desperat lengsel etter den mannen ho eingong gifta seg med. Men den som er motoren i denne framsyninga er Arne, bygdas kjøpmann, og altmogelegmann, levande og mangefasettert, frodig og fargerikt framstilt av Tor Ivar Hagen. Hagen er ein framifrå dansar og musikalartist, men her får han også vist seg som ein utmerka karakterskodespelar. Han er høgt og lågt, flørtar med publikum, og er den som driv framsyninga framover.

Med Åsmund Flaten som kapellmeister, dyktige musikarar og ikkje minst overtydande songlege prestasjonar, syner Trøndelag Teater nok ein gong at dei er ei av landets leiande musikalscener. Og Kjersti Haugens gode forteljargrep gjer at dette ikkje er i nærleiken av den sentimentale tårepersa framsyninga kunne ha blitt.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 2. september 2023.)

Bak forhenget

august 28th, 2023

TEATER

ERKJENNINGA: Hedvig (Kristine Hartgen) går ein siste gong gjennom den symboltunge veggen. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

«Villanden»
Teatret Vårt, Molde
Av: Henrik Ibsen
Tilarbeidd av: Brit Bildøen
Regi: Victoria Meirik
Scenografi og lysdesign: Norunn Standal
Musikk: Daniel Herskedal
Med: Kristine Hartgen, Bjørnar Lisether Teigen, Jon Bleiklie Devik, Sara Fellman mfl.

Ei alt for tydeleg framsyning som aldri greier å røre meg.

I «Vildanden» viser Henrik Ibsen oss den vesle familien Ekdahl som lever relativt lukkeleg på det som syner seg å vere ei gedigen livsløgn. Så kjem Hjalmar Ekdahls barndomsven, den sanningssøkjande Gregers Werle, og skal lufte ut løgna, og dermed redde dei, trur han. I staden går familien til grunne. Denne problemstillinga om løgn og forteiing kontra absolutt sanning er like aktuell i dag som i 1884. Teatret Vårt i Molde har difor fått Brit Bildøen til å tilarbeide og modernisere teksten. Handlinga er lagt til ei litt nyare tid, og språket er gjort lettare og meir munnleg. I tillegg har Daniel Herskedal skrive bakgrunnsmusikk som absolutt kler framsyninga. Men dette er diverre også det mest positive eg kan seie om denne oppsetjinga.

I Norunn Standals scenografi er hovudscena i teateret delt i to symmetriske rom på kvar si side av ein vegg. Den består av skyveglas og forheng. Publikum sit på eine sida der også det meste av handlinga går føre seg. Bak forhenget får vi berre indikasjonar og skuggebilde av kva som skjer. Eg reknar med at regissøren, Victoria Meirik, med dette vil syne det opne kontra det løynde. Symbolikken er kanskje tydeleg, men han fungerer ikkje. I staden blir denne veggen ei tvangstrøye der skodespelarane brukar alt for mykje tid på å gå ut og inn, dra for forheng, og skyve på glas utan at det er korkje motivert eller forklårande.

Historia er sett til eit 1970-tal med musikalske populærkulturelle referansar, slengbukser og brunt servise. Alt slikt er greitt, men bør ha ei meining. I staden for å gjere problematikken tydelegare eller meir ålmenn, blir han her tidvis ulogisk. Og når løgna familien Ekdahl lever på blir avkledd, blir slikt som i 1884 var dramatisk, meir melodramatisk i 1970. I Ibsens tekst, og i dei fleste oppsetjingar eg har sett av «Vildanden» får vi heile tida små hint om kva for løyndom og løgn som skjuler seg i dei to familiane Werle og Ekdahl. Det skjer subtilt og gradvis. I Meiriks regi blir dette langt tydelegare alt frå starten, og slik mistar vi også mykje av den dramaturgiske oppbygginga.

TO RØYNDOMAR: Ein symboltung vegg deler scena, og røyndomen, i to. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

Framsyninga er bygd opp rundt familien Ekdahls spisebord og fotoatelier der folk kjem og går, tidvis ganske umotivert, og leitar seg fram gjennom dei mange opningane i skiljeveggen. Med unnatak av nokre få scener der vi kjem bakom personane, er det for mykje av at aktørane snakkar til kvarandre i staden for med kvarandre. Når mange av dei stundom også er litt overspela, blir dei ikkje heile menneske og lagnadar til å tru på. Kristine Hartgen som Hedvig er unnataket. Trass i at også ho har fått for lite å spele på, syner ho oss den sårbare ungjenta som etter kvart forstår meir enn dei vaksne. Men vegen dit er for lang, omstendeleg, og greier diverre aldri å røre meg.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 28. august 2023.)

Ein makelaus konge

august 26th, 2023

TEATER

ASTRID ELLER FRØYA? Olav (Tarjei Sandvik Moe) fekk kone til slutt, men var det Astrid eller Frøya (Maja Christiansen)? FOTO: OLE KRISTIAN FALSTAD

«Olav den Heldige – Frøyas kjærlighet»
De Heldige og Styggdalsnemnda, Spelamfiet Stiklestad
Idé og konsept: Patrik Stenseth
Manus: Aslak Maurstad og Mathias Luppichini
Regi: Nils Petter Mørland
Tilarbeiding: Sjur Marqvardsen og Nils Petter Mørland
Komponist: Andreas Humlekjær
Arrangør, medkomponist: Håvard Gressum Antonsen
Scenografi: Eilif Fjeld Teisbo
Koreografi: Charlott Utzig
Lysdesign: Oscar Udbye/Thomas Gallagher (tilpassing Stiklestad)
Kostyme: Anette Werenskiold
Lyddesign: Thomas Gallagher
Med: Tarjei Sandvik Moe /Mathias Melsæter Rydjord, Maja Christiansen, Marte Mørland, Simen Bredesen, Patrik A. Stenseth, Kenneth Lorentsen, Beatrice Lystad Akselsen, Terje Brevik, Lavrans Haga, Nikolai Høymyr Abelsen mfl.

Del to av trilogien om Olav Haraldson («den heldige») er like respektlaus og kreativ som førre delen, men noko betre med forteljinga.

Olav Haraldson, eller Olav Digre som han også blei kalla, har gjennom at han fall på Stiklestad gitt opphav til eit utal myter og ei helgendyrking som tidvis overgår det katolske. Og det jamvel om han var ein av dei mest barbariske kongar landet har fostra. Dei siste sytti åra er dette blitt forsterka med det pompøse og ganske innhaldslause «Spelet om Heilag Olav» på Stiklestad, og det meiningslause i at eitt av landets største sjukehus er kalla opp etter denne massemordaren. Men det er ikkje berre Trøndelag som krev eigarskap til Olav. Mindre kjend er det at han grunnla byen Borg (Sarpsborg), og sarpingane har eit litt annleis syn på helgenkongen. Det kjem særleg fram gjennom dei årvisse utandørsframsyningane produksjonsselskapet De heldige i fleire år har sett opp. I fjor laga dei ein større produksjon, «Olav den heldige – Ranes hemmelighet» som var første del av ein trilogi. Den blei spela både i Sarpsborg og i spelamfiet på Stiklestad, og ga oss eit litt alternativt syn på Olav og livet hans. Ganske fritt etter minnet, med referansar både til Snorre, Bibelen, norrøn mytologi og ikkje minst med haugevis av populærkulturelle innslag og mykje metateater, laga dei ei framsyning om Olavs første leveår, og den kloke Ranes redningsaksjon for å berge guten frå dei gamle gudane. Historia var kreativ, tidvis absurd og særs underhaldande, men gjekk litt i stå undervegs ettersom forfattarane hadde så alt for mykje på hjartet.

I sommar var det premiere på del to, «Olav den heldige – Frøyas kjærlighet» i Sarpsborg, og fredag var det nypremiere på Stiklestad. Denne gongen var forteljinga litt meir spissa, og jamvel om historia blei ganske omstendeleg og intrigen nesten like komplisert som ein Shakespearekomedie, var det eit langt framsteg frå fjorårets framsyning.

Medan vi i fjor var på slutten av 900-talet, er vi nå komne til året 1016. Olav skal signast, er full av hybris og gler seg som ein unge til å bli konge. Ettersom han i førre episode sikra seg verdas beste sverd, er han ikkje til å slå i tvikamp, og sjølv om vi møter ein konge som på botn er alt anna enn skråsikker, er han ganske viss på at han ikkje er til å slå. Og så er han makelaus i dobbel tyding, for han har ennå ikkje funne seg ei kone som på den tida var det jamgodt med alliansebygging.

ÆSENE: Odin og Loke.

Eg skal halde meg frå å gå i detalj på historia, for den er, som alt sagt, både litt omstendeleg, og ganske komplisert. Tidvis kanskje litt i overkant. Men stutt fortald dreier det seg om at Rane (Terje Brevik) slår Olav (Tarjei Sandvik Moe) til konge. Etter råd frå eit par urkomiske sarpingar (eller særpingar er vel meir korrekt) blir Borg grunnlagd, og der vil Olav bu. Dei gamle æsene er redde for at Olav, som ein kristen konge, tyder slutten for dei, og freistar å lage intrigar for å ta livet av han. Oppi det heile dukkar svenskekongen Olof (Kenneth Lorentsen) opp med den kåte og giftesjuke dottera Ingjerd (Beatrice Lystad Akselsen). Olav på si side, er som ein Peer Gynt, – seg sjølv nok, og elskar berre seg sjølv. Æsene tek menneskekroppar for å lure Olav i ei felle, og her er vi ved kjernen i historia. Kjærleiksguden Frøya (Maja Christiansen) blir då det svenske sendebodet Astrid, som også viser seg å vere svenskekongens andre dotter. Og når ho møter Olav og skal lure han, blir det i staden søt musikk. Frøya er ikkje kjærleiksgud for inkje, må vite. Meir skal eg ikkje røpe, anna enn at her må ein verkeleg henge med, men då blir det også underhaldning så det held.

Manusforfattarane og ikkje minst regissøren Nils Petter Mørland, har laga ei langt meir spissa og betre dramaturgisk oppbygd framsyning enn det vi fekk i fjor. Men framleis er det mykje å gå på. Etter ei særs god opning, og mykje forrykande halloi, blei historia vel omstendeleg mot pause. Men så tok ho seg opp att, og i kunstljoset på slutten blei det ei rekkje heilt magiske scener. Personinstruksjonen er god, og dei mange hovudaktørane er tydelege, og akkurat på grensa til å vere overspela. Det er eit trettitals lokale statistar, og i ganske ung alder. Instruksjonen av desse, og ikkje minst koreografien til Charlott Utzig, er framifrå.

Framsyninga er eit musikkspel, og som i fjor, er musikken til Andreas Humlekjær noko ujamn. Nokre songar er for vanskeleg å synge, men dei eg vil hugse, er dei mange vakre, lyriske låtane. Og songprestasjonane til dei mange aktørane er i hovudsak særs bra, sjølv om lydkøyringa nok kunne ha vore betre. Framsyninga starta i dagsljos, men då sola gjekk ned etter pause fekk vi sjå korleis kunstljos nytta på rette viset kan skape fantastiske scener. Oscar Udbyes lysdesign (med tilpassing på Stiklestad av Thomas Gallagher) var imponerande god, og skapte tidvis heilt magiske rom.

SJARM: Tordenguden Tor (Patrik Stenseth) er ei lita framsyning i framsyninga, full av overmot, ikkje spesielt lur, men såååå sjarmerande. FOTO: OLE KRISTIAN FALSTAD

I dei berande rollene er det stort sett godt røynde skodespelarar og musikalartistar. Jamvel om historia og intrigen er komplisert, og det også var dobbeltroller som når æsene blei menneske, så var alle tolkingane tydelege. Terje Sandvik Moe ga oss ein Olav som var langt meir menneskeleg enn det Olavsmyten freistar å formidle. Han var usikker, men samstundes full av hybris, glad i seg sjølv, men likevel open for kjærleiken når den baud seg fram. Til hans eiga store overrasking. Maja Christiansen var overtydande i dobbeltrolla som Frøya og Astrid der ho greidde å få fram både intriganten og den kjærleiksfulle på truverdig vis. Og så synte ho god stemmeprakt. Men trass i at desse to var hovudrollene i denne ganske uhistoriske framstillinga, var det Patrik Stenseth som var mest avgjerande for at dette blei så underhaldande. Han ga oss ein stor og kraftig Tor med hammaren, men samstundes ein erkekomisk figur, full av overmot, men ikkje spesielt lur for å seie det forsiktig. Han var høgt og lågt, velmeinande, men fullstendig øydeleggjande for dei andre gudane, og ekstremt sjarmerande. Slik blei han ei lita framsyning i framsyninga, og korleis han drog opp dei yngste i amfiet under og rett etter pausen var imponerande.

Del to av trilogien om Olav den heldige har framleis ein del å gå på, men er eit godt steg fram frå fjoråret. Og sjølv om avslutninga både var banal, litt klissete og nesten rosaromantisk, så let eg meg underhalde. Og slik verka det som resten i det fullsette amfiet også hadde det. Denne framsyninga var eit uhøgtideleg, respektlaust og særs underhaldande skråblikk på historia.

Om å høyre til

august 13th, 2023

TEATER

IKKJE SÅ SJARMERANDE LENGER: Etter kvart går det opp for Anna (HildeDrevsjømoen) at Karl (Jonathan Tufvesson) berre utnyttar henne.
FOTO: TINA MARI RØSTEN

«Anna i ødemarka»
Kopparleden teaterlag, Engerdal Setermuseum
Basert på ei bok av Dagfinn Grønoset
Manus: Ida Høy
Regi: Ida Høy
Scenografi: Jan Inge Knutsen og Nikolai Joten Langsjøvol
Kostyme: Marit Odden
Koreografi: Mai Elin Løkken
Komponist og kapellmeister: Anders Lillebo
Visekomponist: Svein Arild Johnsgård
Orkester: Sigrid Stubsveen, Jens Linell, Bendik Smedåsgjelten Qvam og Per Inge Trøan Sømåen
Med: Hilde Drevsjømoen, Jonathan Tufvesson, Ola Otnes, Ingunn Beate Strige Øyen, Stein Bjørge Skaslien, Einar Hyllvang, Inger Johanne Fuglaamoen Nordvang, Per Inge Trøan Sømåen, Per Jørgen Høye, Runar Rønning, mfl.

Med enkle middel, men med gode menneskelege ressursar både på og bak scena, er «Anna i ødemarka» blitt ei varm og god framsyning om den harde røyndomen som er ei ganske nær fortid.

Då forfattaren og journalisten Dagfinn Grønoset i 1972 gav ut boka «Anna i ødemarka», starta han ein sjanger der kvardagsheltane og slitarane blei henta fram frå parentesane dei levde i. Boka til Grønoset trefte openbert ein nerve, for ho selde i 160 000 eksemplar, og er omsett til femten språk. Romanen og historia om Anna Widén skriv seg inn i noko av det finaste ved den store, norske historieforteljinga som har plass også til andre enn kongar og storfolk, og er i slekt med og kanskje inspirasjonskjelde for både Erik Byes mange program om kvardagsmenneska, for ikkje å snakke om to av dei mest populære programma i NRK; «Norge rundt» og «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

SJARMØR: Karl (Jonathan Tufvesson) medan han ennå kunne forføre. FOTO: TINA MARI RØSTEN

Sjølv fekk Anna Widén (1890-1973) oppleve lite av viraken. Det siste året før ho døydde rokk ho å bli rikskjendis og få kongens fortenestemedalje. Men livet hennar før det hadde vore ganske annleis, eit liv i armod, svolt, kulde og slit. Ho var født i Ringsaker, og berre tre år gamal blei ho sett bort første gongen fordi foreldra ikkje hadde råd til å fø henne. Etter litt skulegang og konfirmasjon, var ho tenestejente, med mykje arbeid og lite fritid. I 1918 møtte ho den svenske tateren Karl Widén. Han var ein særs sjarmerande kar med stor overtalingsevne, Anna let seg forføre, gifta seg med han og etter tre års lausarbeid i Ringsaker tok dei til å reise, som på den tida var å vandre. I traktene mellom Gudbrandsdalen og svenskegrensa var dei på stadig vandring. Det synte seg raskt at Karl var ein drukkenbolt, latsabb, og småkriminell, og det var den arbeidsame Anna som sytte for det vesle som var av inntekt. Etter ti år tok dette livet slutt då Karl selde henne (!) til folka på det vesle bruket Haugsetvollen, eller berre Vollen som dei kalla det, på vestbreidda av vatnet Isteren. I dag ligg bruket idyllisk til berre hundre meter frå riksveg 26 i Sømådal i Engerdal, men for hundre år sia låg det fleire mil frå næraste nabo. Her blei Anna verande, nå bufast, men framleis i tronge kår og med mykje og hardt arbeid.

IDYLLISK? Haugsetvollen i dag. FOTO A. GRIMSTAD

Annas lagnad var langt frå spesiell. Det viktige ved Grønosets bok var ikkje å presentere eit menneskeliv i konstant slit, og utan omsorg eller kjærleik, men å nytte Anna Widén som ein representant for dei mange tusen anonyme Anna’er der ute. I all vår oljerikdom, sosialdemokratiske velstand og med trygge og gode oppvekstvilkår, er det viktig å hugse at livet til Anna er vår nære fortid. Det er mindre enn hundre år sia.

Annas øydemark ligg i Engerdal kommune, og det var såleis berre eit tidsspørsmål før nokon lokale tok tak i historia, dramatiserte henne og laga spel av det. Det gjorde Kopparleden teaterlag, og deira primus motor, Hilde Drevsjømoen. I 2011 var det premiere på eit spel skrive av Morten Joachim og regissert av Erik Schøyen. Etter kvart er det blitt sju produksjonar (inkludert årets), og dei blir sette opp annakvart år. Ida Høy, truleg landets mest produktive dramatikar og regissør for tida, blei engasjert som regissør i 2019, men framleis i stor grad bygd på Morten Joachims opphavelege dramatisering. Men i år har ho skrive det heilt om, og med litt småjusteringar trur eg denne versjonen vil kunne gjere «Anna i ødemarka» til eitt av dei mest sjåverdige sommarteatera i landet.

Engerdal er ein liten kommune med berre drygt 1 300 menneske, og det er framleis langt mellom busetnadane. Kopparleden teaterlag har sjølvsagt også særs avgrensa middel, både økonomisk og menneskeleg. «Anna i ødemarka» er difor blitt ein lågbudsjettproduksjon utan kostbare og fancy effektar som i «Elden» eller Peer Gynt på Gålå». Men Ida Høy og teaterlaget har greidd dette utan å gå på akkord med det kunstnarlege. Snarare tvert om.

SCENA: Setertunet gir ein enkel men illustrerande scenografi med god plass til det meste, også bryllaupsfest og masseopptrinn. FOTO: TINA MARI RØSTEN

Scena er det nyrestaurerte setertunet rett ved ungdomsskulen i Engerdal. Setervollen, med to gamle tømmerhus, eit hus for orkesteret, og skogen bak, dannar ein enkel, men særs illustrerande scenografi som både nyttar naturen og er ein hyllest til han. Her var tilført lite anna enn ei lita mobil bu som synte seg å kunne nyttast til det meste. Enkelt, men velfungerande, og scena skapte fine rom for både store masseopptrinn med slåttefest, bryllaup, fiskarbu og mykje meir. Heilt avgjerande for inntrykket var Marit Oddens framifrå kostymedesign, og ikkje minst arbeidet hennar med å sy alle kostyma. Heile 35 aktørar i fine tidsriktige kostyme, og fleire av dei skifta undervegs. Saman med den særs stemningsskapande musikken til Anders Lillebo, blei det mana fram ei rekkje ulike tablå til å tru på og leve seg inn i.

FORTELJARTEATER OG LITT META: Hilde Drevsjømoen som Anna og Ola Otnes som seg sjølv (forteljaren). FOTO: TINA MARI RØSTEN

Ida Høy har vald å presentere historia som ei blanding av forteljarteater og regissert spel. Og med ein god porsjon metateater i tillegg. Det har vore eit godt val, gir fine brot, mykje lun humor, og artige referansar for den som ser etter og kosar seg med slikt. Sjølv fann eg avstikkarar til både Prøysen, Ibsen, Hamsun, Bør Børson jr, Vømmøl og Monty Python. Ola Otnes spelar seg sjølv som forteljaren som, kledd i sivil, både fortel litt om det som skjer og som samstundes kommenterer handlinga, ofte med ein humoristisk snert. Men også skodespelarane, og særleg Hilde Drevsjømoen i tittelrolla, går stundom ut av rolla og fortel i staden for å spele.

Handlinga følgjer i hovudsak Annas liv kronologisk og ganske anekdotisk og episodisk frå ho blei sett bort som treåring, gjennom arbeid, litt skulegang, mykje arbeid, møtet og livet med Karl til ho endeleg blir bufast på Vollen. Der sluttar framsyninga, truleg på tidleg trettital, men dei førti åra som følgde fram til ho døydde var heller ikkje nokon dans på roser, sjølv om alt blei mindre dramatisk og meir føreseieleg. I hovudsak følgjer historia også Grønosets forteljing, men med nokre fine endringar, der ei er historisk korrekt, men ikkje med i boka, og andre er med som viktige tidsbilde. Alle endringane byggjer opp under ein strammare og betre dramaturgi, og nokre av dei blir fine og artige brot som gjer at det som verkeleg kunne ha blitt ganske svart og tungt, også får lun humor. Slik som Peder Post (Per Inge Trøan Sømåen), landpostbodet, datidas sosialarbeidar og nyhendekanal, som kjem som eit friskt pust med bod frå «den store verda», eller Oslo, som han også heiter. Eller dei urkomiske kommunebyråkratane (Per Jørgen Høye og Runar Rønning) som er like hjelpelause som stumfilmens Keystone cops, og som aksler rollene til fingerspissane.

URKOMISK Hjelpelause byråkratar (Per Jørgen Høye og Runar Rønning). FOTO: TINA MARI RØSTEN

Eg har før nemnt musikken til Anders Lillebo. (Og eg må legge til at nokre av songane er skrivne av Svein Arild Johnsgård.)  I tillegg til dei fem songane (trur eg) som blei overraskande godt framført av eit songsterkt ensemble, var det også stemningsskapande bakgrunnsmusikk som bygde flott oppunder dramaturgien. Her var det ei herleg sjangerblanding frå rein tradisjonsmusikk via Vømmøl-inspirerte songar til to vakre balladar.

Det 35 personar store ensemblet er toppa av ein handfull profesjonelle i berande roller. Ola Otnes spelar seg sjølv som forteljaren, og gjer det med fin humoristisk vri. Hilde Drevsjømoen har spela Anna i alle oppsetjingane, kjenner stoffet og er openbert fortruleg med og trygg i rolla si. Og Jonathan Tufvesson greier å gjere Karl akkurat like sjarmerande og overtalande, og på same tid uspiseleg. Det er ikkje vanskeleg å fatte kvifor Anna fell for han, sjølv om ein med dagens briller nok har verre for å sjå kvifor det tok så lang tid å gjere seg ferdig med han. Og så var det den vesle huslyden på Vollen. Ingunn Beate Strige Øyen er ein særs røynd og merittert skodespelar, og i den heilt infame tolkinga av Tyri, gardkjerringa som veit best og som ikkje lit på nokon, får ho verkeleg vist mange sider av registeret sitt. Sonen Johan og mannen Jo, har ikkje mykje å stille opp med når Tyri les dei teksten. Og heller ikkje kommunebyråkratane for den del. Sonen Johan, han som skal arve det vesle bruket, men som slett ikkje har lyst, blir spela av Sten Bjørge Skaslien Hansrud. Han får fint fram skiljet mellom plikt og lyst, og det verkeleg gnistrar når han endeleg vågar å ta eit oppgjer med mora. Og freistnaden hans på å forstå metaforar om ekteskapet, samt forholdet hans til Anna, er av framsyningas mest rørande. Bonden sjølv, Jo, er kanskje ein tøffelhelt. Men i Einar Hyllvangs nedtona og litt lågmælte tolking, er han ein mann av integritet og eit verkeleg godt menneske.

FOR GOD FOR DENNE VERDA: Jenny blir overtyande formidla av Inger Johanne Fuglaamoen Nordvang. FOTO: TINA MARI RØSTEN

Og så er det Jenny, den noko evneveike jenta dei har tatt til seg mot litt betaling. Inger Johanne Fuglaamoen Nordvang gir oss med henne eit naivt og godtruande vesen, kanskje litt for god for denne verda, men nettopp difor så fin kontrast til dei som berre må tenke overleving og kost/nytte. Og i songen ho framfører saman med Anna, syner ho også imponerande stemmeprakt.

Ida Høy har i hovudsak all ære av denne produksjonen. Det som imponerer meg mest er den solide personinstruksjonen av alle statistane. Og særleg dei unge. Alle er lokale, og tilfanget av skodespelartalentar på ein liten plass som Engerdal er sjølvsagt særs avgrensa. Likevel var det presisjon, godt samspel, tydeleg artikulerte og naturlege replikkar, og framfor alt var koreografien, og framføringa av dei mange masseopptrinna overtydande.

FAMILIEN PÅ VOLLEN: Sonen Johan (Sten Bjørge Skaslien Hansrud), gardkjerringa Tyri (Ingunn Beate Strige Øyen) og bonden Jo (Einar Hyllvang). FOTO: TINA MARI RØSTEN

Men trass i alle desse godorda, har oppsetjinga openbert meir å gå på, både med tanke på forteljinga, dramaturgi, spel og nokre regigrep, særleg i samband med skifta. Når det gjeld forteljinga, kan Anna framstå som litt eindimensjonal. Rett nok blir ho rive mellom Karls sjarm (når han skrur den på), og det som ho inst inne veit er meir rett. Men ho blir i det meste presentert som det gode mennesket frå Ringsaker, ein Mor Theresa som er arbeidsam, rettskaffen og med høg moral. Eg trur ikkje heilt på det, og saknar fleire fasettar. Kva skjedde i livet hennar før ho møtte Karl? Og ho måtte vel vite at Karl stal like mykje som han drakk. Eg trur at Anna hadde blitt vel så interessant, også som døme på sine samtidige, om ho viste litt fleire sider.

Eg har før vore inne på at scenografien ikkje er spesielt komplisert, men at skifta blir gjort tydelege ved enkle grep som å gå rundt huset eller nytte skogen bak scena. Men i avslutninga sviktar det. Anna er ute på fjellet for å redde Tyri, kjem gåande åleine heim, for så å møte Jo som kan fortelje at Tyri står han av og er på betringas veg. Her er eit skift som Høy har gløymt å forklåre.

FORSONING: Tyri (Ingunn Beate Strige Øyen) og Anna (Hilde Drevsjømoen) i framsyningas mest gripande scene. FOTO: TINA MARI RØSTEN

Avslutninga har ei rekkje tablå som er både vakre og magiske, og sjølv om det er langt frå happy ending, går det likevel så godt som det kan gå under dei materielle forholda dei hadde. Både ei vakker scene mellom Anna og Jenny etter ein øydeleggjande brann, eit rørande fornuftsfrieri frå Jo, og ikkje minst forteljingas mest gripande tablå, den endelege forsoninga mellom Anna og Tyri. Alle desse tre dramaturgiske høgdepunkta kjem i løpet av finalen, og dei har alle så mykje viktig i seg at eg gjerne skulle ha sett at Høy dvela litt meir med dei, kanskje særleg samtalen og forsoninga mellom Tyri og Anna.

Med årets framsyning er Ida Høy i ferd med å skrive «Anna i ødemarka» inn i det beste av norsk speltradisjon, eit lokalt forankra spel, både geografisk og historisk, og med ei god blanding av profesjonelle og lokale amatørar. Og ikkje minst syner ho at det er mogeleg å lage eit kunstnarleg fullverdig spel med relativt enkle middel og ikkje alt for god økonomi når ein berre veit å dyrke fram dei menneskelege ressursane både på og bak scena.

Var han eit mobbeoffer?

august 5th, 2023

TEATER

SKEPTISK: Mor Åse (Liv Bernhoft Osa) er ikkje heilt viss på om hu skal tru på Peer (Aksel Hennie). FOTO: BÅRD GUNDERSEN

«Peer Gynt»
Peer Gynt ved Gålåvatnet
Av Henrik Ibsen
Regi og tilarbeiding: Per-Olav Sørensen
Komponist og lyddesign: Kristian Eidnes Andersen
Medkomponist: Hans-Kristian Kjos Sørensen
Scenografi: Geneviève Lizotte
Koreograf og medregissør: Thea Bay
Kostyme: Oddfrid Ropstad
Maskedesign: Tonje Lie
Lys- og videodesign: Richard Andreas Richardsen
Videodesign: U. Lucas Dubé-Cantin
Med: Aksel Hennie, Liv Bernhoft Osa, Mimmi Tamba, Maja Christiansen, Dennis Storhøi, Ameli Isungset Agbota, Frode Winther, Eivin Nilsen Salthe, Tom Styve og 42 statistar.

Eit lågmælt, stramt og heilskapleg drama om eksistensielle val frå ein Peer på leiting, men ei oppsetjing som likevel ikkje heilt greier å røre meg.

Heilt sia 1989 har ulike regissørar og kunstnarlege lag fått høve til å tolke «Peer Gynt» i naturskjønne omgjevnader ved Gålåvatnet i Sør-Fron. For å seie det forsiktig, har resultatet vore ganske ymse. I fjor overtok Per-Olav Sørensen regiansvaret, og fredag var det duka for premiere på hans, og denne produksjonens, siste sesong. I eit regnvêr som aldri greidde å øydeleggje opplevinga, fekk vi ei litt meir lågmælt tolking enn mykje vi har sett tidlegare. Og det meiner eg i positiv tyding.

ENKEL SCENOGRAFI?
Berre tilsynelatande.
FOTO: BÅRD GUNDERSEN

Det første som slår ein når ein finn plass i det fine amfiet i enden av Gålåvatnet, er den tilsynelatande enkle scenografien. Borte er den øydeleggjande plaskedammen til Snøhetta. To stiliserte haugar omkransar scena som er ein gangbane og eit gruslagt plan, der ein halvsirkels spegel avsluttar og formidlar scenerommet ut mot vatnet. I utgangspunktet kan det sjå litt nake og enkelt ut, men den kanadiske scenografen Geneviève Lizotte har skapt ei scene som gir rom for det meste utan å vere overmøblert eller påtrengjande. Det neste som slår meg etter kvart som handlinga skrid fram, er at Sørensen har tillit til publikum. Vi er komne for å sjå Henrik Ibsens Peer Gynt, og ikkje ein turistattraksjon med fullt av gags som dollarglis, småfly, segway og slike påfunn ein del tidlegare regissørar har krydra framsyningane med. Ved å stole på Ibsens tekst og at publikum ikkje er dumme, blir dei få effektane og overraskingselementa som regissøren nyttar, desto sterkare.

I eit intervju i programmet seier Per-Olav Sørensen at han ser dramaet som djupt religiøst. Han har også vald å leggje vekt på det spesielle forholdet mellom Peer og Mor Åse. Og sjølv om han i hovudsak følgjer Ibsens kronologi gjennom dei fem aktene, har han sjølvsagt gjort nokre endringar og regigrep. Han har dessutan vald å få Kristian Eidnes Andersen og Hans-Kristian Kjos Sørensen til å skrive ny musikk. Det har vore eit godt val, for sjølv om Edvard Griegs musikk er både vakker og ikonisk, er den særs førande for innhaldet, og kan nok gjere det vel nasjonalromantisk. Solveigs song er framleis med, og for å understreke det religiøse, har Sørensen også nytta eit par salmar. Opningsscena er også ny. I staden for å gå rett på bukkerittet, startar det med eit slagsmål der Peer får skikkeleg juling. Slik blir han framstilt som eit mobbeoffer som alle hakkar på, og det legg på mange vis premissane for den vidare tolkinga av Peers liv og val og kvifor han blei som han blei. Så let Sørensen Peer gå rett inn i den mest dramatiske forteljinga om bukkerittet utan å gå vegen om ei av verdsdramatikkens mest kjende opningar; «- Peer, du lyver». Ein ørliten detalj kanskje, men den fungerte særs skjerpande på meg som publikum.

MOR ÅSES DØD.
FOTO: BÅRD GUNDERSEN

Aksel Hennie er Peer. Han er tydeleg og klår, og spelar litt meir lågmælt enn det vi ofte ser av Peer-tolkingar. Det er eit godt val, og understrekar at dette, kanskje meir enn religiøst, er eit djupt eksistensielt drama der vi bak løgnhalsen og skrytepaven også ser eit sårbart vesen, uviss på seg sjølv, og stadig på leiting. Alt dette får Hennie utmerka fram i dei intime tablåa, særleg i samspelet med Mor Åse, den grønkledde og knappestøyparen. Men når han er åleine i det store scenerommet, blir det ikkje same intensiteten, det blir for lite variasjon i registeret hans til at eg trur heilt på han og han greier ikkje å røre meg.

Sjølv om det aldri er tvil om at dette handlar om Peer, står Mor Åse, og Peers forhold til mora, fram som særs viktig i første akt. Det skuldast i stor grad at Liv Bernhoft Osa gjer ei formidabel tolking av Mor Åse der ho på eit inderleg og truverdig vis greier å ta vare på tvisynet i forholdet til Peer, på den eine sida kjærleiken til han, og på den andre vissa om at han er ein dagdrivar og løgnhals. Og Mor Åses død er ei av dei mest gripande scenene i denne framsyninga der samspelet mellom Hennie og Osa er på sitt beste.

SOLVEIG OG PEER
FOTO: BÅRD GUNDERSEN

Henrik Ibsen har skrive om så mange sterke kvinner, og eg er ikkje åleine om å finne Solveigs rolle som ganske problematisk. Ho som i sin kompromisslause kjærleik, nesten til det sjølvutslettande, berre ventar og ventar. I Mimmi Tambas tolking blir Solveig for meg meir eit symbol på det motsette av Peer, enn på eit heilt menneske. Det kviler noko nesten religiøst og guddommeleg ved henne, ikkje heilt av denne verda, men Tamba har fått alt for lite å spele på til å vise oss meir av dette og kven Solveig er. Då er det langt tydelegare kva regissøren vil med den grønkledde. Ameli Isungset Agbota er eit fyrverkeri, det dampar erotikk av hennar møte med Peer, og det er ikkje vanskeleg å fatte kvifor han let seg forføre. Dennis Storhøi, som sjølv har spela Peer i ei årrekkje for 10-15 år sia, er nå attende på Gålå i rollene som knappestøyparen og den framande (passasjeren). Lågmælt og utan store geberdar gjer han maksimalt ut av båe rollene.

ANITRAS DANS:
Stiliserte, koreograferte tablå
FOTO: BÅRD GUNDERSEN

«Peer Gynt» er eit dramatisk dikt i heile fem akter, og i ei slik oppsetjing er det naturleg at noko må strykast. Sørensen har fjerna scena med mannen som hogg av seg fingeren for å sleppe unna militærteneste, og då også sjølvsagt gravferda til den same mannen. Det gjer at «prestens tale», som eg alltid har oppfatta som viktig for Peers gryande sjølvinnsikt, også er kutta. Eg er ikkje overtydd om at det var eit rett val. Og så er ikkje Sørensen åleine om å få problem med skildringa av Peers mangeårige eksil i Amerika og Nord-Afrika. Nokre av desse scenene er skore ned til det minimale, og både møtet med Anitra og med Begriffenfeldt i dårekista, er vist meir som vakre, stiliserte og koreograferte tablå, enn som heile scener. Her får Thea Bay verkeleg vist kva ho kan få til av koreografert rørsle frå langt frå profesjonelle statistar. Slik blir desse scenene nesten meir som bakteppe og vakre og visuelle brot, enn som del av handlinga.

DEN GRØNKLEDDE:
Ameli Isungset Agbota
FOTO: BÅRD GUNDERSEN

Eg har tidlegare vore inne på scenografien, men den fortener meir omtale, for det er i samspelet mellom regi og scenografi at denne framsyninga verkeleg har sin styrke. Scena er tilsynelatande enkel med eit gruslagt golv. Men så syner det seg at denne grusen byr på overraskingar så det held, som når det i første akt med eitt myldrar av troll ut av inkje. Det er magisk. Endå meir magisk blir det etter pause når mørket fell på og Richard Andreas Richardsens fine, men diskré lyssetting kjem til sin rett. Og når det dreg set til med storm og havari, manglar det ikkje på dramatiske sceniske effektar. Då viser det seg at spegelen som er golv på den ytste delen av scena, bikkar opp i vertikal stilling. Ein kunne tru at å fjerne den flotte utsikta til Gålåvatnet som bakteppe, ville vere øydeleggjande, men det motsette skjer. Spegelen er godt eigna til videoprojeksjonar der Peer blir konfrontert med fortida, og i særleg grad med Solveig og Mor Åse. Og så er symbolikken med denne bakveggen tung og overveldande. For det første er ein spegel eitt av dei viktigaste elementa for ein som skal gjere opp rekning med seg sjølv slik Peer gjer i siste akt. Og for det andre, blir det som var ei ope verd der Peer kunne gjere som han ville, med eitt eit tett og lukka rom. Det tetnar seg til rundt han, og det er ikkje lenger nokon stad å «gå utanom» for å redde seg. Før Solveig dukkar opp med ei guddommeleg evne til tilgiving og forsoning. Dette er Henrik Ibsens finale, og Per-Olav Sørensen er tru mot den. Men finalen er for meg likevel ganske uforløyst, for ikkje å seie vanskeleg å fatte.

Årets «Peer Gynt» ved Gålåvatnet er blitt ei rein og tydeleg framsyning, stram, lågmælt og utan noka form for publikumsfrieri. Det er vakre, stiliserte og velkoreograferte tablå, og med ein særs illustrerande og vellukka scenografi. Nokre av Sørensens kutt og endringar fungerer godt, men eg er ikkje samd i alle. Og sjølv om det aldri var vanskeleg å forstå kva regissør og skodespelarar ville, greidde diverre ikkje framsyninga i stor nok mon å røre meg.


Eit lite etterord om det ikkje regisserte til slutt:
Å spele friluftsteater er ein risikosport. Eitt er at ein aldri kan vete kva for vêr ein får. Denne gongen var temperaturen god, men det regna nokså samanhengande heile tida. Slikt må ein tole, og på premieren ga regnet ofte litt ekstra dramatiske effektar som ga oss ein liten tilleggsdimensjon.
Men så må ein også ta høgde for faunaen i spelområdet. Litt uti framsyninga sprang med eitt ein hare tvers over scena. Alle trudde at det var tilfeldig, eit uventa, men artig innslag. Eivind Nilsen Salthe skulle ha neste replikk. Han stoppa opp litt, venta til haren var forsvunne, og så sa han noko om ein steik, ein replikk som
eg trur korkje kom frå Ibsen eller Sørensen. Men som syner kva gode skodespelarar som er trygge i rollene kan få ut av uventa situasjonar. Med denne spontane kommentaren fekk Salthe både meg og mange andre til å lure på om haren kanskje var del av Sørensens regi likevel.

Så mange historier

juli 31st, 2023

TEATER

TRAUMEHANDTERING: Både Gisken «Marie» (Vanja Øverdal) og Beret Anna (Emilie Mordal) har mista eit nyfødd barn, men taklar det ganske ulikt. FOTO: BJØRN FILIP KJELDSEN HOLM

«Bjørnørfolket, del 3»
Osen Bygdetun, Vingsand
Av: Helena Wik
Regi: Michaela Gettwert
Kostymedesign: Sunniva Hårstad
Komponist: Gunhild Hjertaas
Kapellmeister: Knut Erik Jensen
Musikarar Håkon Hammer og Live Smidt
Med: Emilie Mordal, Vanja Øverdal, Per Rødøy, Barbro Amrud Nilsen mfl..

Spektakulære tablå og framifrå musikk, men for mange uforløyste historier.

I hundreåret fram til 1920 utvandra 800 000 nordmenn til Amerika. I den tidlegare storkommunen Bjørnør på Nord-Fosen i Trøndelag, var det så mange som halvparten av befolkninga som drog. For nokre år sia sette dramatikaren og regissøren Helena Wik, som sjølv er frå Roan, seg føre å skrive teater om dei som drog og dei som blei att. På bakgrunn av både forteljingar i hennar eigen familie og historiene frå Sigurd Brattgjerds fem-bands bygdebok, «Bjørnørfolket», frå 1993, var det for fire år sia premiere på det som skulle vere første del av ein ambulerande trilogi.

Ved ei flytebrygge i Bessaker fekk vi sommaren 2019 første del. Den omhandla i stor grad utvandringa, og både på godt og vondt. Hovudpersonen drog frå ei gravid kone for å tene raske pengar «over there», men kom aldri att.

Pandemien gjorde at det blei opphald fram til i fjor då Kuringen i Åfjord var scene. Nå var utvandringa meir eit bakteppe for det som skjedde her heime, og tema var flukt frå ulike former for utanforskap. Ein gudfryktig konfirmant forstod at han var homofil. Og bestevenninna til systera hans var eit godt og arbeidsamt menneske, men måtte ty til prostitusjon for å livberge seg og ungen sin.

Laurdag var det premiere på det vi trudde var den siste del av trilogien. Nå var scena det idylliske bygdetunet på Vingsand i Osen. I desse oppsetjingane har det vore nokre få profesjonelle, og ei mengd lokale amatørar. For å kunne gjere seg nytte av alle statistane, har Helena Wik vald å måle folkelivet og dei ulike lagnadane med brei pensel. Vi er i 1888, og får presentert flotte miljøskildringar og store opptrinn i tidsriktige kostyme. Medan drøsen og sladderen går, møter vi både bygdedyr, avundsjuke, overtru, fattigdom, barnedød, og sjølvsagt draumen om noko betre. Fattige fiskarbønder er prisgjevne naturen. Havet tek og avlinga slår feil. Så finn dei trøyst i ei djupt rotfesta gudstru som stadig får seg skot for baugen når ulike ulykker rammar. Men dei tviheld på at dei ein dag skal få det betre og kome til det «lova landet». Etter kvart blir dette håpet om paradiset ofte blanda eller forveksla med eit Amerika som kan verke som ein himmel på jord.

Regissøren Michaela Gettwert presenterer alt dette i store spektakulære tablå, og med forbausande god personinstruksjon. Som i dei førre oppsetjingane, har Gunhild Hjertaas skrive ei mengd melodiøse songar. Med imponerande korinstruksjon av Simon Grønås, og med dyktig musikalsk leiing av Knut Erik Jensen, blir vi tekne frå den eine godt framførte songen til den neste, toppa av «Bjørnørsongen» som etter kvart set seg godt fast i øyret.

I dei to føregåande oppsetjingane har vi bak all folkelivsskildringa etter kvart fått ganske tydelege historier. Her ligg nok det største problemet til årets framsyning. Helena Wik har på eine sida alt for mange historier å fortelje, og samstundes for lite tid til å gå i djupna med dei. Nokre blir difor vanskelege å få tak på, og andre blir uforløyste. Den nådelause og alt for tidlege døden er eit gjennomgåande tema. Vi får tidleg høyre om ein prest som forsvann på havet etter ei gravferd tre år tidlegare, poetisk, men litt uforståeleg illustrert ved eit godt koreografert innslag. Barnedødelegheita er stor, og mange er dei som også dør i barsel. Korleis kan ein leve vidare etter slike traume? Dette er vart og vakkert framstilt i framsyningas sterkaste og mest inderlege tablå, ei scene mellom Gisken «Marie» (Vanja Øverdal) og Beret Anna (Emilie Mordal). Dei har båe mista nyfødde barn, men taklar det heilt ulikt.

Ei anna historie som på mange vis gjennomsyrer oppsetjinga, men som likevel blir både lite forståeleg og noko uforløyst, er det konfliktfylte arveoppgjeret på Vingsand der gardbrukaren bestemmer seg for å skrive garden over på eit fem år gamalt barnebarn, ikkje til odelsguten, ikkje til dottera som forpaktar garden, og heller ikkje til dei som er komne heim frå Amerika for å ta over.

I dei store masseopptrinna og den frodige folkelivsskildringa blir alle desse tre sterke historiene berre delar av bakteppet, og med unnatak av scena om spedbarnsdød, ikkje noko regissør og dramatikar greier å dvele nok ved. Det er synd, for i desse forteljingane ligg det materiale til mykje meir. Dette blir det kanskje mogeleg å gjere noko med, for nå syner det seg at det truleg blir meir enn ein trilogi om Bjørnørfolket. I seinare oppsetjingar bør Helena Wik gjere meir ut av dei mange spennande historiene ho sit på.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 31. juli 2023.)