Fantasifull dystopi

TEATER

ILLUSJON: Med utsøkt bruk av effektar, som såpebobler, greier Ida Høy det kunststykket å få oss til å tru at Romsdalsmuseet ligg under vatn. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

«Undervannsbyen»
Teatret Vårt, Romsdalsmuseet, Molde
Av: Ida Høy
Regi: Ida Høy
Kostyme: Solveig Bygdnes
Lyddesign: Odin Staveland
Med: Nora Gjestvang, Preben Lillebø Rongve, Kristoffer Egset og Linn Wennersten

Ein dystopisk framtidsvisjon der det skumle blir overskygga av fantasifulle overraskingar.

Med dagens klimakrise og forureining er det ikkje rart at det blir produsert ein del endetidsdramatikk. Og i ei familieframsyning for alle frå fire år og oppover, kan slikt fort bli skumlare enn vanleg troll- og skurketeater. Men «Undervannsbyen», som hadde urpremiere på Teatret Vårt i Molde i helga, er trass i bakteppet først og fremst blitt ei fantasifull og underhaldande oppsetjing som neppe vil ta nattesøvnen frå dei minste. Vi er i år 2323 då havnivået er godt over dagens. Dyr, fisk og planter er borte, og maten er syntetisk. I dette scenarioet skal pappa Theodor (Preben Lillebø Rongve) og den ni år gamle dottera Pia (Nora Gjestvang) på «verdas beste sommarferie». I båt og med dykkarklede legg dei ut for å finne att Molde. Pappa har eigentleg ikkje ferieplanar, men vil leite etter ein skatt frå Sigurd Jorsalfars tid. Så dykkar dei ned, finn Molde, og ei mengd fantasifulle menneske og vesen.

Først møter dei ReDe, (Kristoffer Egset), ein redesignar, opptatt av gjenbruk, og som syner dei at det går greitt å både puste og snakke under vatn. I tillegg kan han fortelje at havbotnen er som ei ungdomskjelde der ein ikkje eldest. Det får vi verkeleg prov for når ReDe tek dei til ein professor (Linn Wennersten) som har vore i havet i 300 år, og framleis ser ut som ho er 40. Professoren er naturforskar, og var av dei som, – til inga nytte, åtvara mot naturøydeleggingane trehundre år tidlegare. Etter kvart dukkar også ei potetkjerring, ein sjøkaptein og den farlege Draugen opp, og utan at eg skal røpe meir, går det sjølvsagt godt til slutt, om ikkje heilt som forventa.

Ida Høy står sjølv for både manus og regi. Det siste eg har sett av henne er så ulike produksjonar som «Instamamma» og «Peer på pub», båe med artige og overraskande vriar på aktuelle samfunnsfenomen og kjende historier. Slik er det også denne gongen, der ho leikar seg i spennet mellom miljøkampen og myten om den forsvunne byen Atlantis. Historia er i tynnaste laget, og bygd på særs tradisjonelt barneteater der det er ein skurk eller eit troll som må overvinnast, dei vaksne er dumme og der barna må ordne opp. I tillegg ligg det også ein del litt for tydeleg moralisme i teksten. Men i regien har Høy tona ned mykje av dette, og i staden gjort framsyninga til ei opplevingsrik og fantasifull historie full av artige overraskingar.

PÅ LAND: Etter ei opplevingsrik reise til eit Molde under vatn, er Pia (Nora Gjestvang) og pappa (Preben Lillebø Rongve) endeleg på turr grunn att. ERIK BIRKELAND, TINGH

Å lage friluftsteater i fullt dagsljos utan annan scenografi enn den naturlege, kan fort bli flatt og monotont. Men saman med gode lydeffektar av Odin Staveland, fantasifulle kostyme av Solveig Bygdnes, og ikkje minst utsøkt bruk av røykmaskin, såpebobler og enkle illusjonar, greier ho faktisk å lage eit undervassunivers til å tru på. Og det verka heller ikkje som dei yngste i premierepublikummet hadde vanskar med å leve seg inn i situasjonen og fantasere vidare. Fin og synkron koreografi og nokre godt framførte rap-nummer gjer også sitt. Dei fire aktørane spelar med stor energi, er samspela, og fulle av sjarm. Og sentralt er Nora Gjestvang som gjer ein overtydande tolking av Pia i sin debut på Teatret Vårt.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 6. juni 2023.)

Leave a Reply