Menneskeforakt og hykleri

TEATER

IKKJE I VATER: Forholdet mellom Alceste (Isak Holmen Sørensen) og Célimène (Sunniva Du Mond Nordal) er asynkront og vil aldri kome i balanse, jamvel om dei forsøker. FOTO: PERNILLE SANDBERG

«Misantropen»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Molière
Omsett av André Bjerke
Regi: Johannes Holmen Dahl
Scenografi og kostyme: Nia Damerell
Lysdesign: Eivind Myren
Komponist: Alf Lund Godbolt
Koreografi: Kristin Ryg Helgebostad
Med: Isak Holmen Sørensen, Sunniva Du Mond Nordal, Emma Caroline Deichmann, Jo Saberniak, Maria Pontén, Fabian Heidelberg Lunde og Christian Eidem

Ein komedie der forma kom i vegen for innhaldet, og der det er vanskeleg å fatte kva regissøren vil seie oss.

Ein av den franske dramatikaren Molières mest kjende og spela komediar er «Misantropen» frå 1666. Som vanleg i komediane hans, held han eit oppgjer med hykleri og menneskeleg dårskap, men i dette stykket går skytset i fleire retningar, og det er langt frå openbert kven ein skal halde med, om nokon. Vi er i overklassens Paris for 350 år sia der intrigar, baksnakk og løgner er ein naturleg del av veremåten, og der Alceste (Isak Holmen Sørensen) er den heilt kontrære. Han er nådelaust sanningssøkjande, og i utgangspunktet den vi føler er prinsippfast og til å stole på, og som vi difor kjenner for. I motsetnad til alle dei andre. Før vi ganske raskt forstår at Alceste ikkje er ein helt, men ein misantrop, det vil seie ein som foraktar menneska. Men trass i si djupe mistru til alle dei andre, er han også djupt forelska, og det i Célimène (Sunniva Du Mond Nordal). Ho er på si side ei kokette og ein intrigemakar som på forførarisk og hyklersk vis held seg med eit utal friarar. Og slik sett er ho hans rake motsetnad. I dette menasjeriet finn vi også Célimènes kusine, Alcestes bestevenn, og tre andre, som alle meir kommenterer og utfyller handlinga og det noko asynkrone forholdet mellom dei to, enn å spele viktige sjølvstendige roller.

Regissøren Johannes Holmen Dahl og scenografen Nia Damerell, ofte i samarbeid med lysdesignar Eivind Myren, har dei siste åra levert den eine solide og prisvinnande produksjonen etter den andre. Og det opnar særs lovande også denne gongen. Scenografien er enkel, minimalistisk og stilrein, – berre ein skråstilt sirkel som på dreiescena går sakte rundt for å illudere noko som går og går. Rundt og rundt. Og heile tida med diskré, men lekker lyssetting av Eivind Myren. Kostyma er ikkje riktig så overdådige som det Damerell gjorde i publikumssuksessen «Tid for glede» på Det Norske Teatret i fjor, men likevel flotte og typiske for sekstenhundretalets franske overklasse. Inn på scenekanten kjem Arisoné (Emma Caroline Deichmann) som på glitrande og litt underspela humoristisk vis nærast varmar opp publikum med ulike komiske songøvingar der vi villig let oss forføre. Slik set ho den humoristiske standarden for oppsetjinga. Trur vi. For så greier framsyninga aldri i særleg grad å følgje opp denne komikken vidare.

Oppsetjinga har nytta André Bjerkes omsetjing og gjendikting frå 1957. Den er i bunden form og er verkeleg språkleg elegant. Men i denne oppsetjinga kjem forma i vegen for dialogen. Med unnatak av dei to hovudrolleinnehavarane Isak Holmen Sørensen og Sunniva Du Mond Nordal, blir det for lite replikkveksling og for mykje deklamasjonar og difor vanskeleg å følgje med.

Om ein skal setje opp gamle komediar som denne, må det vere fordi dei framleis har noko å seie oss, eller for rein underhaldning, og kanskje helst av båe grunnar. Rett nok er denne framsyninga underhaldande, men tidvis blir ho rett og slett lite interessant. Og sjølv om misantropi og hykleri finst i god mon også i våre dagar, blir ein likevel sitjande og lure på kva det er regissøren freistar å fortelje, og når det skal ta av. Det gjer det diverre aldri jamvel om det sjølvsagt finst komiske lyspunkt og fengslande scener.

Dei to i hovudrollene bidreg i størst grad til dette. Isak Holmen Sørensen er overtydande i den motsetnadsfylte rolla som sanningssøkjaren som elskar ein løgnhals, og som mot slutten lir kvalar når han blir konfrontert med sine eigne motsetnadar. Og Sunniva Du Mond Nordal er imponerande utstudert og infam som intriganten Célimène som med eleganse tvinnar friarane rundt litlefingeren. Og så syner ho i tillegg ein fantastisk stemmeprakt. For musikken i denne oppsetjinga er nesten ei sak for seg.

Peder Varkøy, i kostyme og parykk som dei andre, sit heile tida synleg ved tangentane og følgjer framsyninga tett med nyskriven musikk av Alf Lund Godbolt. Og resten av ensemblet trakterer også ein del instrument. Alt dette er godt og kler framsyninga. Men så har oppsetjinga også ein del nesten surrealistiske musikkval som ikkje er like vellukka. I starten byr eit populærmusikalsk innslag rett nok på eit artig og fint dramaturgisk brot, men så tek det overhand og endar etter kvart opp i reint publikumsfrieri.

«Misantropen» er ei visuelt lekker framsyning og tidvis underhaldande. Men ho tek diverre aldri heilt av. Og eg har vondt for å sjå kva teateret og regissøren har ønska å seie oss.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 2. mai 2023.)

Leave a Reply