Velspela og artig, men kva så?

TEATER

ALDRI NOK: Yossarian (Cato Skimten Storengen) flyg tokt etter tokt, men aldri nok til å få reise heim. FOTO: GRETHE NYGAARD

«Catch 22»
Rogaland Teater, hovudscena
Av: Joseph Heller
Dramatisert av Joseph Heller
Regi: Yngve Sundvor
Scenografi: Arne Nøst
Kostyme- og maskedesign: Helena Maria Andersson
Maskør: Mio Eyfjord
Lyddesign: Andreas Veire, Arild Lægreid og Frode Ytre-Arne
Lysdesign: Trygve Andersen
Med: Cato Skimten Storengen, Nina Ellen Ødegård, Øystein Martinsen, Leo Magnus de la Nuez, Espen Reboli Bjerke og Matias Kuoppala

Ei framsyning der nesten alle ingrediensane er framifrå, men der innhald og regi ikkje held heilt same mål.

Det er skrive ei rekkje gode anti-krigsromanar, men det er vel berre ein som har gått inn i språket som eit eige omgrep. Alle veit i dag kva ein «catch 22» er, sjølv om ikkje alle kjenner opphavet. Ein slik hake er eit slags synonym til omgrepet «damned if you do, and damned if you don’t». Du er fanga, og det hjelp ikkje kva du gjer. «Catch 22» frå 1961 var debutromanen til den amerikanske forfattaren og dramatikaren Joseph Heller (1923-1999), og er eit satirisk oppgjer med krigens meiningsløyse skrive med bakgrunn i eigne røynsler som bombeflyskyttar under andre verdskrigen. Vi er på ein amerikansk flybase på øya Pianosa på den italienske vestkysten mot slutten av den same krigen, og vi følgjer skyttaren kaptein Yossarian, ein antihelt som har fått nok av det heile og først og fremst vil heim. Men så er det nokre haker, og etter kvart blir det fleire av dei, dei fleste med heimel i paragraf 22, eller catch 22. Skal du heim, må du minst ha floge 40 bombetokt. Og etter kvart som Yossarian nærmar seg det målet, blir talet heva. Og slik held det fram. Så er det mogeleg å bli sendt heim om ein er gal. Men då må ein ha legeattest, og om ein går til legen for å få papir på at ein ikkje er rett, er det eit prov på at ein er rasjonell. Og så er ein like langt.

HEILT KAFKA: å gå til legen for å få attest på at ein er gal, er prov på at ein er rasjonell. FOTO: GRETHE NYGAARD

Romanen blei raskt ein kultbok og klassikar, og filmatiseringa i 1970 blei også ein kjempesuksess. Året etter dramatiserte Heller sjølv historia for teater, og meir enn femti år etter er det duka for norgespremiere på Rogaland Teater. Det tar til særs lovande med eit svært bombefly som dekkjer nesten heile sceneopninga, og som vi ser ryggen på. Der sit den fortvila skyttaren Yossarian (Cato Skimten Storengen) og siktar seg inn medan lyd- og lyseffektar på overtydande vis fortel oss kva for eit inferno vi har hamna i. Så forsvinn flyet opp i snorloftet, og resten av framsyninga finn i hovudsak stad på flybasen. Arne Nøst har laga ein heilt fantastisk scenografi, først med det svære bombeflyet, og så eit nesten magisk hus på dreiescena. Det har berre fire rom, men etter kvart som det blir dreidd rundt, kjem ein fort ut av teljinga, for her er sjukestue, legekontor, offiserskontor, horehus i Roma og mykje meir. Og i dette vesle absurde universet som går rundt og rundt er det 29 ulike og særs tydelege personar som blir spela av berre fem aktørar, ,og i eit tempo som kan ta pusten frå deg.

FORHØYR: Tredjegradsforhøyret av feltpresten var av dei mest absurde, – og humoristiske tablåa. FOTO: GRETHE NYGAARD

Yngve Sundvor har laga ei episodisk framsyning der det nærast blir eit nytt opptrinn kvar gong scena dreier og nokon går gjennom ei dør. Påkledarar og kostymearbeidarane har ein stri tørn, for det beste ved denne framsyninga er alle dei små absurde tablåa, ofte utan særleg samanheng, men presentert så synkront at det er ikkje anna enn imponerande. Og dei fem aktørane greier med maske, parykk, påklednad, dialekt, mimikk og veremåte å framstille og gjere attkjenneleg dei ulike personane som bur og arbeider på denne basen. Og som har det sams at dei alle er heilt outrerte og karikerte. Krigen er uviktig og nesten fråverande, og alle driv berre på med å mæle si eiga kake. Dei einaste rasjonelle er Yossarian og feltpresten (Nina Ellen Ødegård). Og i nokre av scenene mellom desse to får vi fine og vare tablå som kontrasterer det andre og minner oss om at dette eigentleg handlar om krigens gru og meiningsløyse, og ikkje berre absurd humor.

Det heiter om Rogaland Teater at deira største stjerne er ensemblet, og det får vi her nok ein gong prov på. For spelet, den saumlause vekslinga mellom dei ulike figurane, og timinga er framifrå. Cato Skimten Storengen er overtydande som den meir og meir desperate Yossarian, fanga i ein umogeleg og heilt surrealistisk situasjon. Og sjølv om dette er ensemblespel av klasse, må eg likevel få trekkje fram Nina Ellen Ødegård som på same tid spelar alt frå hore til feltprest, og ikkje minst Øystein Martinsen som gir uendeleg mykje finstemt og detaljrik humor til både ein karrieresjuk oberst og ein lege som til slutt fell for eige grep.

WANNABE: Ein oberst som gjer alt for å bli general samlar undervegs på «fjør i hatten». FOTO: GRETHE NYGAARD

Det er gått 52 år frå «Catch 22» blei dramatisert og til stykket fekk norgespremiere, og når ein ser resultatet er det neppe utan grunn. Både romanen og filmen står støtt på eigne bein, men dramatiseringa er ikkje god. Ho er blitt ei vareoppteljing i små humoristiske opptrinn, og blir aldri noko særleg meir enn det. Sjølv om Yngve Sundvor har laga mange artige typar, vidareutvikla humoren, og boltra seg i komiske detaljar, blir det likevel etter kvart langdrygt, repeterande og lite spennande. Krigen, som dette skal vere eit kraftig oppgjer med, blir berre eit bakteppe. Slik er denne framsyninga nesten like surrealistisk som det ho freistar å formidle. Det er framifrå spel i alle ledd, det er teknisk briljant og med imponerande timing, det er ein velfungerande og særs god scenografi. Men så er sjølve historia berre blitt ein bleik skugge av den opphaveleg romanen.

Leave a Reply