Sjå på meg, eg kan fly!

MUSIKAL

FLYGANDE PRINSESSE: Sjå, – eg kan fly. I alle fall nesten. FOTO: KRISTIAN WANVIK

«Kråkeslottet»
Musikalfabrikken, Olavshallen, Trondheim
Av: Gunnar Hauk Gjengset
Komponist: Ingrid Kindem
Regi: Kari Wist Holmen
Musikalsk ansvarleg: Hannah Kosberg Larsen
Koreografi: Henrikke Sølvberg Borgersen
Med: 169 barn frå Musikalfabrikken

Ny norsk dramatikk for barn i ei oppføring som var eit halsbrekkande stykke teater.

Barns rettar og oppvekstvilkår har lenge vore på dagsorden. Men framleis blir fleire millionar jenter gifta bort kvart år, og barnearbeid er langt frå avskaffa. Her heime veks alt for mange barn opp med omsorgssvikt og overgrep. Og sjølv blant den generasjonen som meiner dei set barna i høgsetet, er mange meir opptekne av å dele bilde og videoar av ungane på nettet enn å sjå dei i kvardagen. Dette har lenge oppteke dramatikaren og litteraturvitaren Gunnar Hauk Gjengset, og for fire år sia skreiv han dramaet «Kråkeslottet». Det handlar om barn med ulik kulturell og nasjonal bakgrunn, men som har det sams at dei ikkje blir sett, og som difor lurer på kva dei skal gjere med det. Gjengset bør vere godt kjend for lesarar av denne avisa, for kvar dag leverer han små gullkorn og aforismar i «Dagens sukk». Mindre kjend er det at han har skrive fleire drama, musikalar og ein opera. Sjølv om «Kråkeslottet» handlar om, og er for barn, skreiv han den opphaveleg for vaksne skodespelarar. Men så ville Musikalfabrikken i Trondheim setje den opp. Det er ein organisasjon med eit halvt tusen aktive i alle aldrar og som set opp fleire musikalar for barn kvart år. Til nyskriven musikk av Ingrid Kindem og tilarbeidd og regissert av Kari Wist Holmen, var det urpremiere i Olavshallen i Trondheim tysdag. Og i rollene, ja hald deg fast, var det 169 barn i alderen 8 til 11 år.

Det opnar med anonyme vaksne statistar som går over scena med nasen i mobilen, og ein fengande song om sosiale medium. Så møter vi Hauk, ein gut som så gjerne vil bli sett av foreldra. Men korleis? Kanskje vil dei sjå han om han lærer seg å fly? Medan han grublar på det, stikk han av, inn i ein skog der det dukkar opp ungar frå mange land og kulturar. Det er Fariha frå India som ikkje vil giftast bort. Det er ei «prinsesse» som har fått oppnamnet av ein fråverande far, det er sirkusartistane som er lærte opp til ikkje berre å trylle, men også å stele. Og det er Tord Evil som lurer på om han skulle heitt Tor Devil eller Tordivel i staden. I tillegg er det heksa Rosa Furiosa, eit førtitals pingvinar, som heller ikkje kan fly, og mange andre. Og sjølvsagt også den skumle Grøftegreisen.

MEKTIG: Masseopptrinn med over hundre aktørar på scena samstundes. FOTO: KRISTIAN WANVIK

Handlinga er tidvis surrealistisk og Gjengsets tekst er full av språkleg leik der ord blir vrengde og vridd på. I Kari Wist Holmens regi og tilarbeiding til så unge aktørar, er mykje forenkla og stroke, men humoren, leiken og det litt absurde er likevel forbausande godt tatt vare på. Personinstruksjon og koreografi på 169 barn er sjølvsagt umogeleg å få synkront, men nettopp fordi temaet er barns behov for å bli sett, spela det i grunnen lita rolle. Henrikke Sølvberg Borgersens koreografi har likevel greidd å skape mange spektakulære masseopptrinn. Særleg gjorde dei førti pingvinane inntrykk. Ingrid Kindems musikk er vakker og stemningsskapande, og songane er særs melodiøse og lette å synge både for dei mange gode solistane og for det mektige koret.

Korleis det gjekk, og om ungane til slutt greidde å fly, skal eg ikkje røpe. Men at dei blei sett, er i alle fall heva over ein kvar tvil.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 29. april 2023.)

Leave a Reply