Heile sanninga?

TEATER

HUMOR: Ein måpande og turt registrerande svensk etnograf, eller spel med litt større geberdar? FOTO: FOTO.SAMFUNDET.NO

«KON-TIKI 2:
Thor Heyerdahl i landet under havet»

Studentersamfundets Interne Teater, Knaus
Av: Knut Nærum
Regi: Inga Ragnhild Skogseth
Scenografi: Maria Grankvist Buhaug
Kostymedesign: Tamara Malesevic
Med: Rikke Skindlo, Ali Waarieh, Martine Wergeland Ulseth, Kari Melhuus Jenssen, Johannes Rosenberg, Isabella Deng Solvang, Martha Løseth Borgen, Selma Schøyen Løkken og Emilio Lombardo

Det er aldri godt å vite kva som er den eigentlege sanninga, men i denne framsyninga får vi eit innblikk i noko som var så usannsynleg at deltakarane valde å halde kjeft av omsyn til sitt eige truverd. Til Knut Nærum avslørte det heile.

I 2001 ga Knut Nærum ut boka «Norsk litteraturhistorie fritt etter hukommelsen». Der fortel han tørt, sakleg og kunnskapsrikt, men altså fritt etter minnet. Og då blir det korkje så nøye med årstal, innhald eller fakta. Det var ei fornøyeleg bok, men også ei av dei skumlaste eg har lese, for alt var formidla så tilforlateleg at eg greip meg i etter kvart å ikkje vere heilt viss på kva som var sanning og ikkje. Om ein av 1950-talets mestseljande forfattarar, Thor Heyerdahl, skreiv Nærum mellom anna at Heyerdahls forteneste var å prove at Polynesia kan ha blitt busett av folk som kom drivande frå Sør-Amerika, og at dei fleste som prøvde må ha drukna. (!) Fjorten år seinare fekk Nærum høve til å vidareutvikle historia om Heyerdahl og Kon-Tiki-ekspedisjonen. På spørsmål frå Arendal Dramatiske Selskab om å skrive eit jubileumsstykke for dei, skreiv han «KON-TIKI 2 – Thor Heyerdahl i landet under havet» som hadde urpremiere hausten 2016. I stykket får vi vite kva som «eigentleg» skjedde i starten av ekspedisjonen, men som har vore hemmeleg til nå. Og relativt hemmeleg har det også vore i åra deretter, for etter urpremiere i Arendal, er historia etter det eg veit berre sett opp ein gong til før Studentersamfundets Interne Teater (SIT) nå vil fortelje verda den heile og fulle sanninga.

Det gjer dei på intimscena Knaus i Studentersamfundet, ein scenografisk umogelegheit og så langt frå Stillehav og balsaflåtar som det er mogeleg å kome. Men scenografen Maria Grankvist Buhaug har likevel fått til eit truverdig scenerom som kan illustrere både flåte, sørhavsøy, vulkan og meir til. I Tamara Malesevic’ kakikostyme, som kan gi like store assosiasjonar til Brødrene Dal som til Kon-Tiki, og det er faktisk heilt greitt, møter vi dei seks ekspedisjonsmedlemmane som med eitt unnatak er kvinner. Men det er også heilt greitt, for her er det surrealismen som gjeld. Eller for å seie det slik, – ein tørr og sakleg realisme som syner seg å vere fullstendig absurd.

For her får vi etter kvart avslørt at førti døgn før Kon-Tiki driv i land på eit korallrev i Polynesia hadde flåten eit mellombels havari på ei hittil ukjend vulkansk øy. Der dukkar den kvinnelege flygarhelten Amelie Earhart (Martha Løseth Borgen) opp, ho som ti år tidlegare forsvann over Stillehavet i eit forsøk på å fly jorda rundt. Her har ho overlevd i pakt med naturen og funne sitt Shangri-La ettersom ingen blir eldre eller dør på denne øya. Det er godt kjend at Thor Heyerdahl (Rikke Skindlo) ikkje var den mest monogame av oss, og jamvel om han er godt gift heime, blir det søt musikk mellom han og Amelie. Men på øya er det også nokre meir enn 200 år gamle stranda spanske piratar. Og når Heyerdahls nestkommanderande, NTH-studenten Herman Watzinger (Ali Waarieh) som ein Woody Allen i filmen «Annie Hall», går ut av framsyninga og seier seg lei for at han «av dramaturgiske omsyn» må vere ein annan enn den han eigentleg er, – med klår adresse til den nyare filmatiseringa av Kon-Tiki-ekspedisjonen, så er det av framsyningas beste og mest surrealistiske scener. Og som samstundes gir rom for å lage endå ein vri om at Watzinger eigentleg også var ein sabotør.

Det blir med andre ord mang ein absurditet, mykje humor og ein god del uventa saker som skjer før dei seks endeleg kjem seg vidare mot Polynesia, samstundes som dei som eidsvorne menn lover kvarandre å aldri fortelje om denne hendinga fordi ho er for fantastisk til at nokon ville tru dei, og truverda sleit dei nok med som dei alt gjorde.

Det er ei mangslungen røvarhistorie med fleire metalag som Knut Nærum har dikta i hop. Og det er ikkje enkelt å formidle både alt som skjer reint fysisk, samspelet mellom realismen og det absurde, og den spesielle tørrvittige Nærumske humoren vi kjenner så godt frå dei første sesongane med «Nytt på Nytt». I Inga Ragnhild Skogseths regi er historia fortald tydeleg, og trass i den knøttlitle scena, er sceneskifta gode jamvel om det stundom går litt over stokk og stein, både konkret og i overført tyding. Skogseth har freista å ta godt vare på metalaga og det absurde, men her stiller eg nokre spørsmål ved personinstruksjon og humorformidling. Regissøren har vald overspel, stor ståhei og høgrøysta spel, og det kan sjølvsagt vere ein måte å få fram humor på. Men ikkje i denne framsyninga. Og det blir særs synleg når ensemblet leverer så ulike spelemåtar. Alle som hugsar Knut Nærums humor frå «Nytt på Nytt», veit at han framførte den på eit ekstremt sindig og tørt vis, – og med steinandlet. Martha Løseth Borgen som flygarhelten, og i særleg grad Kari Melhuus Jenssen (som den svenske etnografen og stuerten Bengt Danielsson) har forstått dette og spelar med innerøyst og er nesten overdrivne i det nøkterne og saklege. Melhuus Jensen greier, ved nettopp å vere så nedpå og lite affisert, å få fram den store humoren som ligg i alle dei absurde kontrastane i teksten.

«Kon-Tiki 2: Thor Heyerdahl i landet under havet», med heile ni aktørar, er eit vanskeleg stykke å setje opp på ei så umogeleg scene som Knaus. Det scenografiske, sceneskifta og det fysiske spelet fungerer likevel brukbart i denne produksjonen. Mindre vellukka er valet å nytte høgrøysta overspel til å få fram subtil humor. Dette er ikkje slapstick, men intelligente og underfundige absurditetar med mykje undertekst. Då krevst det etter mi meining ei litt anna tilnærming, og ikkje minst langt betre diksjon.

Leave a Reply