Dei indre maktene

TEATER

INDERLEG: Med stor skodespelarkunst, og med god hjelp av eit kunstverk av ein scenografi, greier Hildegunn Eggen å levandegjere heile 28 ulike personar. FOTO: MARIUS RUA

«Juvikfolket»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Olav Duun
Dramatisert av Elisabeth Matheson og Hildegunn Eggen
Regi: Elisabeth Matheson
Scenografi: Bård Lie Thorbjørnsen
Videodesign: Stein Jørgen Øien
Lysdesign: Tommy Geving
Komponist: Marthe Belsvik Stavrum
Med: Hildegunn Eggen

I denne kraftprestasjonen av ei framsyning gir Hildegunn Eggen oss eit eineståande innblikk i Olav Duuns frodige skildringar av menneska på godt og vondt.

For hundre år sia avslutta Olav Duun (1876-1939) sin store seksbands romansyklus «Juvikfolket». Der følgjer vi seks-sju generasjonar Juvikingar på Namdalskysten frå slutten av 1700-talet til 1918. Det er eit verk med mange lag som mellom anna skildrar overgangen frå det gamle pietistiske bonde- og ættesamfunnet til utvandring, modernisering og industrialisering, og der gamle verdisyn og etiske normer må bryne seg mot nye idear. Det er samstundes ein frodig og rik sosial roman med mange fargerike personportrett og ulike lagnadar. Det er overtru, gamle forbanningar, framandfrykt, kjærleik, intrigar, hemn, avundsjuke og alt som er menneskeleg.

Verket er tidlegare dramatisert og sett opp på Det Norske Teatret og Nord-Trøndelag Teater. I samband med at Hildegunn Eggen til sommaren går av etter nesten førti år ved Trøndelag Teater, har ho og Elisabeth Matheson dramatisert bøkene på nytt. Og i Mathesons regi og med Eggen som einaste skodespelar, var det laurdag premiere på Trøndelag Teaters gamle scene.

Ei dramatisering må sjølvsagt kappe ganske kraftig i eit seksbands verk. Dei store etiske og næringspolitiske linene, og transformeringa og moderniseringa blir i denne oppsetjinga berre eit vagt bakteppe. Når Duun ofte skildrar mennesket og maktene, dreier denne framsyninga seg mest om våre indre makter, og om mennesket er vondt. Det gjer ho ved å konsentrere seg om Blind-Anders» (1801-1880) og oldebarnet hans, Odin (1880-1918), og alle dei ulike folka og lagnadane rundt desse to. Og så syner det seg at dette, og dei frodige menneskeskildringane til Duun, er meir enn nok til å lage godt teater.

Framsyninga er bygd opp som ei blanding av forteljarteater og spela teater der Hildegunn Eggen både er forteljar og skodespelar. I eit ekstremt teksttungt maratonløp over to akter fortel ho samstundes som ho hoppar ut og inn av totalt 28 ulike roller. Med eit ganske nøytralt kostyme er det stemmeleie, mimikk og intonasjon som er dei einaste instrumenta hennar. Og jamvel om ho snubla ørlite grann på premieren, syner Hildegunn Eggen nok ein gong at ho er blant dei aller fremste skodespelarane i landet. I eit slikt persongalleri der alt for mange heiter anten Anders eller Per, og der vi ikkje har noko anna enn Eggens spel og forteljing å lite på, er det sjølvsagt ikkje alltid greitt å henge med. Men med den overtydande framføringa hennar gjekk det likevel forbausande godt sjølv om det nok er ein fordel å kjenne litt til historia.

I Mathesons og Eggens dramatisering er den særeigne dialektbaserte nynorsken til Duun tatt framifrå vare på, og Eggen er klår, godt forståeleg og har tydeleg diksjon. Her er det berre å lene seg attende og kose seg med det frodige språket.

Elisabeth Mathesons regi er tru mot tekst og handling, og er truleg gjort i nært samarbeid med Eggen. Trass i alle personane, tidsspennet og ulike plassar, er det meste overraskande tydeleg, og sceneskifta er gode. Eit avgjerande moment i så måte er Bård Lie Thorbjørnsens heilt spesielle scenografi. På scena er det berre ein stein og ein liten modellbåt. Men på bakveggen blir det projisert eit utal ganske nonfigurative måleri. Meir enn hundre slike har Thorbjørnsen laga, og ved hjelp av sinnrik videodesign, skapt i samarbeid med Stein Jørgen Øien, blir det saumlaust skifta mellom ulike assosiative og stemningsskapande landskap. Det er så enkelt, men samstundes så vanskeleg, og eit lite kunstverk i seg sjølv.

Med «Juvikfolket» har Hildegunn Eggen levert ei monumental avskilsframsyning. Men sortien hennar er heldigvis berre som fast tilsett, for til hausten står ho på scena att som pensjonist og frilansar.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 15. mars 2023.)

2 Responses to “Dei indre maktene”

  1. […] «Juvikfolket» av Olav Duun i regi av Elisabeth Matheson på Trøndelag Teater. Som avskilsframsyning før ho gjekk av med pensjon gir Hildegunn Eggen oss, heilt åleine på scena, ikkje mindre enn 28 rolletolkingar og eit eineståande innblikk i Olav Duuns frodige skildringar av menneska på godt og vondt. […]

  2. […] «Juvikfolket» av Olav Duun i regi av Elisabeth Matheson på Trøndelag Teater. Som avskilsframsyning før ho gjekk av med pensjon gir Hildegunn Eggen oss, heilt åleine på scena, ikkje mindre enn 28 rolletolkingar og eit eineståande innblikk i Olav Duuns frodige skildringar av menneska på godt og vondt. […]

Leave a Reply