Trekkfugl på veg ut

TEATER

FUGLEKASSE: Mor og dotter, to eksotiske fuglar, og den eine meir trekkfugl enn den andre liker. FOTO: EILIF FJELD

«Eksotisk dans»
Trøndelag Teater, Studioscenen
Av: Anna Renolen
Konsept: Kristinsdottir/Willyson
Regi og kostyme: Hildur Kristinsdottir
Scenografi: Eilif Fjeld
Komponist/lyddesign: Vilde Ilkama Nupen
Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Med: Emma Bustnes, Emil Olafsson og Madalena Sousa Helly-Hansen

Fysisk, absurd, humoristisk og til ettertanke, men ikkje minst to unge, lovande debutantar.

Frå 2012 og seks år framover hadde Trøndelag Teater og Kjernehuset ved Rita Abrahamsen ei samarbeidssatsing dei kalla «Unge dramatikere». Ungdom mellom 13 og 19 blei invitert til å levere tekstskisser, og kvart år blei nokre vald ut, fekk regi- og dramaturghjelp, før tekstane blei sette opp som små einaktarar med profesjonelle skodespelarar. Det var spennande å sjå kva som opptok dei unge for resultatet var mykje eksistensielt og ganske svart. Men prosjektet har også bore konkrete frukter i ettertid. Både Ibrahim Fazlic og Daria Glenter, i dag etablerte dramatikarar, var blant dei som fekk prøve seg. Då Trøndelag Teater laurdag hadde urpremiere på «Eksotisk dans», var det duka for nok ein heilaftans dramatikardebut med bakgrunn frå «Unge dramatikere».

I 2016, berre seksten år gamal, deltok Anna Renolen frå Trondheim med teksten «Dagdrømmer». Det var ein munter og litt absurd dialog mellom to personar som venta på eitt eller anna. Etter dette har Renolen tilarbeidd manuset, og tre år seinare sende ho det til Norsk dramatikkfestival. Der fatta juryleiar og regissør Hildur Kristinsdottir interesse for teksten, og i eit samarbeidsprosjekt mellom kunstnarduoen Kristinsdottir/Willyson og Trøndelag Teater var det laurdag urpremiere på det som er blitt ei fysisk, leiken, humoristisk, litt absurd og særs velspela framsyning med mange lag.

HUN (Emma Bustnes)
FOTO: EILIF FJELD

Hovudpersonen «Hun» (Emma Bustnes) er ei ung jente på terskelen til vaksenlivet. I eit lite hus i ingenstad bur ho saman med den litt eksentriske mora (Madalena Sousa Helly-Hansen). Jenta ber på ein draum om å bli det ho kallar eksotisk dansar, bli rik og namngjeten og kome seg ut og vekk, – til Syden. Mora kallar dansen for stripping og horeri, er redd for å bryte navlestreng og miste dottera, men er mest opptatt av å redde dei sjeldne trekkfuglane i hagen frå trugande kråker. I spennet mellom desse to ulike universa får vi ein humoristisk og litt surrealistisk dialog som i botn dreier seg mykje om oppbrot og bryting av band, men med mange andre lag for den som vil sjå og tolke.

HAN (Emil Olafsson)
FOTO: EILIF FJELD

Så dukkar «Han» (Emil Olafsson) opp, søppelkøyrar, ganske enkel, med eit stort sjølvbilde, men mykje uvisse. Men han er openbert stolt av yrket sitt, for når jenta seier søppel, rettar han det heile tida til renovasjonsarbeid. For jenta blir han ein representant for eit anna liv, ho vil at han skal ta henne med til Syden i søppelbilen. Og i den langt frå likevektige flørten med han, er det uvisst kva som er forelsking og høve til flukt. Når mora også møter søppelmannen, er han, – og neppe nokon andre heller, bra nok for dottera. Men kanskje for henne sjølv? Det blir nok ein flørt, og denne gongen med heilt motsette maktforhold. Meir skal eg ikkje røpe, for her er opplevinga, underteksten, humoren, alle laga og alvoret bak vel så viktig som sjølve historia.

I tillegg til den intelligente teksten, er «Eksotisk dans» fysisk og særs visuelt teater. Hildur Kristinsdottir har designa spektakulære kostyme der både mor og dotter tidvis framstår som fuglar. Denne parallellen blir understreka ved Eilif Fjelds scenografi som er svært velfungerande. Eit lite hus mot eit bakteppe av skog og med ei fuglekasse i hagen. Etter kvart forstår vi at huset også er ei fuglekasse for stykkets vesle menasjeri og ein trekkfugl på veg ut. Og så blir det nok ein dimensjon over denne tilsynelatande enkle og unnselege oppsetjinga.

MORA (Madalena Sousa Helly-Hansen) FOTO: EILIF FJELD

I Hildur Kristinsdottirs regi er alle dei ulike laga i teksten tatt godt vare på. Gjennom framifrå personinstruksjon, fysisk spel, alle dei visuelle grepa og ikkje minst med heftig og god nyskriven musikk av Vilde Ilkama Nupen, er det blitt ei mangefasettert og leiken framsyning med rikeleg tolkingsmon og mykje ettersmak. Mot slutten, når Han og Mora tek til å drikke, mistar framsyninga rett nok litt av framdrift og intensitet, men det tek seg opp att i ein overraskande finale med full dekonstruksjon både fysisk og innhaldsmessig der det viser seg at alt er berre søppel.

Emil Olafsson og Madalena Sousa Helly-Hansen er båe røynde skodespelarar, og gir oss nok ein gong solide rolletolkingar. Men det mest imponerande er nitten år gamle Emma Bustnes som ungjenta. Med fysisk spel, ekspressiv dans, tydeleg formidla replikkar, god timing, og ikkje minst detaljrik mimikk er dette ein meir enn lovande debut som det står stor respekt av. Den unge dramatikardebutanten Anna Renolen og den endå yngre skodespelaren Emma Bustnes viser gjennom «Eksotisk dans» at underskogen i norsk teater er både frodig og løfterik.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 27. mars 2023.)

Leave a Reply