Attkjenneleg om morsrolla

TEATER

NYFØDT: Sara Fellmans detaljrike, poetiske og fysiske tolking av ein nyfødt er åleine verd teaterbesøket. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

«Barselfeber»
Teatret Vårt, Storyville
Av: Kjersti Botn Sandal
Regi: Kjersti Botn Sandal
Scenografi: Mari Watn
Lysdesign: Lasse Skrivarhaug
Komponist: Sara Fellman
Med: Johanna Mørck, Sara Fellman og Linn Wennersten

Ein leiken og observant liten humoreske om ulike sider ved å vere mor.

Alle er vi født, og framleis blir fleirtalet av oss foreldre i løpet av livet. Likevel er fødsel og spedbarn eit under dei fleste opplever så unikt at ingen kan ha vore der før. Motiva for å få barn er ulike, og korleis ein oppdrar den vesle er vekslande og skiftar med trendar og forsking. I mellomtida veks generasjon etter generasjon opp i opposisjon til foreldra, men med band som gjer at dei likevel gjer akkurat som opphavet. Om slike kvardagsfenomen har Kjersti Botn Sandal skrive og sjølv sett i scene ein liten humoreske på Teatret Vårt i Molde. Og med bunadsgerilja, sjukehusstrid og frykt for redusert fødetilbod på Nordmøre og i Romsdal som bakteppe, er ein del av tematikken ekstra aktuell.

Det tek til med ein stilisert framstilling av eit foster som veks, blir født og gjer sine første refleksbaserte rørsler. Alt framført utan ord, men til nydeleg nyskriven musikk. Sara Fellman, som også har skrive musikken, gjer ein utsøkt, innlevande, attkjenneleg og uendeleg vakker framstilling av den vesle nyfødde jenta. Denne særs uttrykksfulle og poetiske opninga er åleine verd teaterbesøket. Så blir det heile meir konkret, og vi møter den alt for unge mora (Johanna Mørck), berre 17 år, fullstendig ubudd, naiv, eigentleg ganske uinteressert, og med heilt urealistiske ambisjonar både på eigne og barnets vegner. Ei barnlaus jordmor (Linn Wennersten) kjem med litt realitetsorientering utan at det gjer særleg inntrykk.

Mari Watn har laga ein enkel, men likevel ganske funksjonell scenografi av to ulike rom som skal illudere alt frå livmor og barneseng til ein heim og ein helsestasjon. I dette universet møter vi dei tre aktørane i ulike roller gjennom mange år der den relativt uinteresserte mora etter kvart blir bestemor, og der dotter hennar blir mor like tidleg og ubudd, men med heilt anna innstilling til morsrolla og oppseding. Ho nøyer seg heller ikkje med berre eitt barn.

Dei tre går ut og inn av dei mange rollene på eit saumlaust, tydeleg og lett forståeleg vis, og med enkle middel og mykje leiken humor gir dei oss eit innblikk i nokre av morsrollas uendeleg mange fasettar. Eg må ile til og understreke at denne godt vaksne og barnlause mannlege meldaren nok er så langt frå målgruppa som det er mogeleg å kome. Men fenomena er så daglegdagse og synlege at det er umogeleg å ikkje kjenne att det som forfattar og regissør Kjersti Botn Sandal og dei tre på scena freistar å formidle. Og på reaksjonane i salen, frå latter til tåretørking, var det openbert at dei trefte ein nerve.

Sjølv om både forfattar og aktørane har eigne erfaringar frå temaet, er framsyninga bygd på langt vidare og grundig research. Morsrolla er myteomspunne og både stykkets tittel, «barselfeber» og andre omgrep som «ammetåke» indikerer at det langt frå er berre rasjonalitet forbunde ved kanskje den viktigaste menneskelege oppgåva. Alt dette er godt tatt vare på, og likeins dei mange ulike tilnærmingsmåtane til det å vere mor. Og at ein blir rausare og meir avslappa ved nummer to og tre, for ikkje å gløyme den ambisiøse mora som ikkje er så veldig interessert, men som blir bestemor og skal ta att alt ho forsømte som mor.

«Barselfeber» er laga med stor observasjonsevne og mykje innsikt. Det er leikent, humoristisk og attkjenneleg. Eg vil tru at forfattar, regissør og aktørar kanskje hadde ambisjonar om å seie litt meir enn berre å syne oss røyndomens mange fasettar, men stundom kan det vere nok at teateret held opp spegelen, så får ein kvar tenkje vidare sjølv.

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 23. mars 2023.)

Leave a Reply