Gåtefullt om tap og sorg

TEATER

I EITT: To litt ulike menneske (Ine Jansen og Ingjerd Egeberg) som har vakse seg til ein einskap der dei går i eitt. FOTO: MAGNUS SKREDE

«Møt meg ved morgengry»
Teater Innlandet, Hamar
Av: Zinnie Harris
Omsett av Jørgen Strickert
Regi: Terje Strømdahl
Scenografi og kostyme: Sveinung og Borghild Rudjord Unneland
Med: Ine Jansen og Ingjerd Egeberg

Ei på alle vis gåtefull framsyning, men likevel klok, velspela og svært attkjenneleg.

Den britiske dramatikaren Zinnie Harris (f. 1973) har ein stor produksjon og mange prisar bak seg, men så vidt eg veit er berre to av dramaa hennar sett opp i Norge. I ein samproduksjon med Nationaltheatret hadde Teater Innlandet i førre veke norgespremiere på «Møt meg ved morgengry» (Meet me at Dawn) frå 2017. Det var ei gåtefull, varm, innsiktsfull, humoristisk og ikkje minst særs velspela framsyning.

Eit kjærastepar, Robyn (Ingjerd Egeberg) og Helen (Ine Jansen) er skylt på land etter ei båtulukke. I følgje teaterets program er spørsmålet kva du gjer i ein slik situasjon når det klikkar for kjærasten din. Er dei på fastland eller ei øy, kor lang tid tek det før dei blir redda, og kven av kvinnene er det eigentleg det har klikka for? Spørsmåla er mange, men så syner det seg at situasjonen er heilt annleis enn den ytre handlinga skulle tilseie. Meir vågar eg ikkje seie, for då vil eg røpe så mykje at vesentlege delar av opplevinga vil bli øydelagd for ein framtidig publikummar.

For dette er ei oppsetjing der du i starten berre bør gløyme å forstå, men i staden kose deg over alle dei andre ingrediensane som saman med eit framifrå spel gjer at brikkene etter kvart fell på plass. Utan å røpe for mykje, så er dette ei framsyning som på same tid er konkret og gåtefull, har mange dimensjonar, og som, utan å vere tidsspesifikk, handlar om korleis vi brukar vår tilmålte tid, om kjærleik og trivialitetar, om skuld, tap og sorg, om det er godt eller vondt, eller båe delar å bli avhengig av eit anna menneske. Kort og godt handlar det i røynda om livet, om kompleksiteten ved å vere til. Robyn og Helen er to heilt vanlege menneske som kunne ha vore deg og meg. Den eine litt forsiktig, og den andre meir framfus. Dei har, trass ulikskap, vakse seg saman til ein einskap der dei kjenner kvarandre ut og inn, og der den eine fullfører setningane til den andre. Teksten er mangfaldig og attkjenneleg, og i Jørgen Strickerts særs naturlege og munnlege omsetjing, er den full av klokskap og humor. Og mykje meir.

TILMÅLT TID: Vår tid på jorda er avgrensa, og her er det uvisst om sola renn eller går ned for Helen (Ine Jansen)og Robyn (Ingjerd Egeberg). FOTO: MAGNUS SKREDE

Scenografien er enkel, men likevel meir enn tilstrekkeleg. Eit golv som kan vere ei øy eller ei strand, to steinar som syner seg å vere berg av klede, og ein fint lyssett bakskjerm. Her er det dialogen mellom dei to som er det vesentlege. Framsyninga er tekstrik, men Ine Jansen og Ingjerd Egeberg er særs trygge i rollene, og personinstruksjonen er framifrå. Særleg mot slutten, når vi forstår meir av det heile, men langt frå alt, er det nokre intense og vakre tablå som blir presentert kjenslevart og innlevande av to røynde og svært gode skodespelarar.

Terje Strømdahls regi let dialogen vere i sentrum utan for mykje fysisk handling, dramaturgien er stram og skifta er gode. Men eg har ei innvending. Dette er ei uvanleg gåtefull framsyning. Ja, så gåtefull at eg i Strømdahls regi saknar nokre fleire haldepunkt i starten. Ei litt meir og tidlegare avdekking av kva dette dreier seg om, gjerne berre som små hint. For det er inga god kjensle å sitje nesten halve framsyninga og føle seg dum fordi ein ikkje forstår. Men når det så går opp for ein, blir det til gjengjeld så intenst og opplevingsrikt at ein får lyst til å sjå framsyninga ein gong til.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 28. februar 2023.

2 Responses to “Gåtefullt om tap og sorg”

  1. Marit Nordli sier:

    Så det er ikke slik at Helen døde og robyn fikk et ønske oppfylt – hvor hun ønsker seg én dag sammen med sin kjære? Jeg syntes stykket var helt nydelig spilt – så flinke de var begge to! Og morsomt for oss modølinger at Ingjerd brukte dialekta si her! Det vekslet mellom humor og sorg og noen av oss gikk ut med en liten klump i halsen og tårer i øyekroken.

  2. Terje Strømdahl sier:

    Hei Marit og så hyggelig at du likte forestillingen vår. Godt nytt år til deg 🙂

Leave a Reply