Ein evig flyktning

TEATER

ALDRI FRED: I 2500 år har Moralen (Janne Kokkin) forfølgd og utfordra Medea (Synnøve Fossum Eriksen). FOTO: MARIUS RUA

«Moral ifølge Medea»
Trøndelag Teater, Teaterkjellaren
Av: Athena Farrokhzad
Omsetjing: Kathrine Nedrejord
Regi: Saila Hyttinen
Scenografi og kostyme: Vilde Jønland
Musikk og lyddesign: Gyrid Nordal Kaldestad
Lysdesign: Daniel Takle Piel
Med: Synnøve Fossum Eriksen og Janne Kokkin

Godt spel greier ikkje å dekke over ein svak og lite poengtert tekst.

Det er ikkje mange av verdshistorias drama som kan måle seg med den greske myten om Medea frå Kolkis. Ho som forelskar seg i helten Jason, drep bror sin, flyktar med Jason til Korint der dei får to barn, før ho blir sviken når Jason vel å gifte seg med kongens dotter. Medea reagerer med å ta livet av både rivalen og sine eigne to barn. Etter at Euripides skreiv tragedien om Medea for 2500 år sia, er det blitt eit utal bøker, drama og operaer om denne verdshistorias mest vidgjetne barnemordar, og om kva som kunne få henne til å utføre noko av det mest moralsk forkastelege som er mogeleg.

Den irsk-svenske poeten og dramatikaren Athena Farrokhzad har skrive dramaet «Moral ifølge Medea» som i helga hadde norgespremiere på Trøndelag Teater. I denne forteljinga blir Medea meir ein representant eller metafor enn eit konkret menneske. I 2500 år har ho flykta frå og blitt forfølgd av «Moralen» som stadig utfordrar vala hennar, men som også sjølv blir møtt av ei som veit å svare for seg. På eit tidleg tidspunkt gjer Medea det klårt at nokon måtte vere Medea, og det blei henne, som om det var ein lagnad lagt på henne av verdshistoria, gudar eller forfattaren. Slik blir ho i dette dramaet ein litterær slektning av Judas, med ein historisk skjebne om å utføre det mest nedrige form for svik. Og i motsetnad til Jesus, så er det jo komplekse og samansette roller som Medea og Judas som er interessante å finne ut av. Kva er grunnen til handlingane deira, kor er tvilen, finst det anger, hadde dei eit val? Spørsmålsrekkja er uendeleg, og tematikken til Farrokhzad er i utgangspunktet verkeleg spennande.

I Vilde Jønlands enkle og lune, men samstundes stramme scenografi let regissøren Saila Hyttinen framsyninga bli bygd opp som ei veksling mellom monologar og tette samtalar mellom dei to. Teksten er repeterande og ganske poetisk, og Synnøve Fossum Eriksen som Medea og Janne Kokkin som Moralen er tydelege i rollene. Og dei følgjer kvarandre som skuggar. Innimellom får vi små brot med taust, men fysisk spel og stilisert koreografi, truleg meint å skulle illustrere noko, men som verkar litt umotivert.

Undervegs blir vi sjølvsagt presentert for apologeten Medea. Ho meiner mellom anna at ungane berre er ei forlenging av mora, og når ho har gitt dei liv, kan ho sjølvsagt også ta det. Og ei meir feministisk grunngjeving er at Medeas handling er ein rettvis reaksjon på patriarkatet. Alt dette får sjølvsagt etisk motbør frå Moralen. Men det blir likevel aldri teater som rører meg, som provoserer eller som gir ny innsikt. Teksten er rett og slett for svak. Den er repeterande, den greier ikkje å stille noko skarpt eller engasjere. Og sjølv om dei to på scena gjer solide tolkingar, gir ikkje tekstgrunnlaget nok å spele på. Det som kunne ha blitt ein verkeleg spennande tvikamp mellom Medea og Moralen om store etiske spørsmål, blir i staden ein lite engasjerande intellektuell ordleik utan særleg substans.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 3. februar 2023.)

Leave a Reply