Kven er dei galne?

TEATER

GRESK KOR: «Idioten» blir framført i eit teaterhistorisk spenn frå antikkens greske kor til populærkulturelle referansar og outrert punk. FOTO: LARS GUNNAR LIESTØL

«Idioten»
Kilden Teater
Av: Fjodor Dostojevskij
Omsetjing: Geir Kjetsaa
Dramatisering og regi: Ole Johan Skjelbred
Scenografi: Ole Johan Skjelbred og Ane Ledang Aasheim
Kostyme: Ane Ledang Aasheim
Lysdesign: Mathias Lundgren
Med: Fredrik Høstaker, Isabel Beth Toming, Kristine Hartgen, Elias Moussaoui Anseth, Ulla Marie Broch, Gine Cornelia Pedersen, Eirik Langås Jørgensen, Espen Sigurdsen og Håkon Moe

Surrealistisk og kaotisk om det gode menneskets møte med samfunnets karrierejag og moralske forfall.

Fjodor Dostojevskijs romankoloss «Idioten», opphaveleg ein føljetong frå 1868 til 69, er eit djupt eksistensielt og filosofisk verk som handlar om den unge fyrst Mysjkin. Etter fleire års opphald i Sveits for å bli kurert for epilepsi kjem han heim til St. Petersburg. Mysjkin er ikkje heilt av denne verda, han er eit gjennomgåande godt menneske, naiv, ærleg, empatisk, ein som tek alt i beste meining og som er heilt ukjend med slikt som skjulte agendaer og intrigar. Romanen er sterkt metaforisk med mange religiøse trekk, og både personar og stadar er meir symbolske enn reelle. Mysjkin er som ein Kristusfigur. Han kjem frå Sveits, eller «utlandet», eit slags utopisk annleisland, og når han går av toget i heimbyen, er det ikkje først og fremst i eit møte med St. Petersburg, men som representant for einskildmenneskets møte med samfunnet. Meir enn ei forteljing, er boka ei psykologisk skildring av menneska på godt og vondt. I eit ganske stort persongalleri av i hovudsak aristokratar, men ofte djupt forgjelda, rår det maktkamp, falskneri, begjær, sjalusi og gjennomgåande moralsk forfall, – alt som er motsett av Mysjkins veremåte. Byen er ein stad der alt er til sals, også moralen. I eit samfunn der bløff og løgn er vanlegare enn sanning, blir det gode mennesket Mysjkin så annleis at han blir sett på som ein idiot, derav romanens tittel.

Som vårsesongens hovudsatsing har Kilden Teater i Kristiansand late bysbarnet Ole Johan Skjelbred dramatisere romanen på nytt, og fredag var det premiere på ei heilt surrealistisk tolking nokså fristilt frå tid og stad. For seks år sia sette Skjelbred opp Dostojevskijs «Brødrene Karamasov» på Trøndelag Teater, ei fullstendig absurd oppsetjing, outrert, tidvis ganske uforståeleg og fragmentert til det nesten pulveriserte. Men ei framsyning som likevel greip meg på uforklårleg vis. I Skjelbreds dramatisering av «Idioten» møter vi det same universet. Skodespelarane er oversminka og i overdådige kostyme, kjønn er uvesentleg, det blir spela i store ord og ganske høgrøysta, nesten som proklamasjonar. I form er dette meta, punk, burlesk, trash, splatter og meir til, men samstundes forsyner Skjelbred seg av eit spenn av verkemiddel frå heile teaterhistoria. Det ti personar store ensemblet blir stadig nytta som eit gresk kor som kommenterer og illustrerer det som skjer, ofte med enkel, stilisert og nesten spastisk koreografi. Og framsyninga blir krydra med humor og populærkulturelle og musikalske referansar.

Scenografien til Skjelbred og Ane Ledang Aasheim er ein stor black box der to gullfarga sceneteppe, som på lekkert vis endrar form og funksjon, er det einaste scenografiske element i første akt. I andre akt får vi også inn ein russisk katedral som litt umotivert blir flytta rundt og dekonstruert. Dekonstruksjon er på mange vis eit stikkord, for i den grad det er noka handling, blir ho dekonstruert og fragmentert slik at framsyninga for meg blir ei mengd tablå, som ikkje alltid er like samanhengande, eller forståelege. Russisk persongalleri er ofte vanskeleg å få tak på, men dei fjorten rollene som blir spela av ti personar, er her overraskande enkle å halde greie på. Det er godt ensemblespel og i den teksttunge rolla som ein androgyn Mysjkin, er Fredrik Høstaker trygg og overtydande.

«Idioten» er eit filosofisk-psykologisk verk som stiller mange av dei store eksistensielle spørsmåla ved å vere menneske, som korleis vi nyttar den vesle tida vi har på jorda, om sanningsidealet, om haldninga til det forgjengelege, og om korleis vi opptrer i høve til andre og i møte med samfunnet. I Skjelbreds dramatisering og regi er vi nok innom alle desse temaa. Men her druknar mykje av tematikken i påfunn, digresjonar og overspela karikering. I starten av andre akt, blir det litt meir forståeleg, men aldri nok til at denne framsyninga lykkast heilt.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 6. februar 2023.)

One Response to “Kven er dei galne?”

  1. Bjørn Krogstad sier:

    Det høres ut som om det blir altfor mange referanser til fenomener knyttet til en svært ungdommelig verden: punk, splatter osv. Jeg savner ofte det enkle episke i moderne oppførelser.

Leave a Reply