Musikalsk gjøglarglede

TEATERKONSERT

GJØGLARDUO: Hans Petter Nilsen og Ivar Nergaard er om lag akkurat like galne og underhaldande som originalduoen var. FOTO: OLE EKKER

«Knutsen & Ludvigsen – På tide å stå opp»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen
Regi: Øyvind Brandtzæg
Scenografi: Even Børsum
Lysdesign: Eivind Myren
Musikalsk ansvarleg: Jovan Pavlovic
Orkester: Jovan Pavlovic, Anna Ueland og Håkon Mjåset Johansen
Med: Hans Petter Nilsen, Ivar Nergaard, Madeleine Brandtzæg Nilsen og Thomas Jensen Takyi

Ein interaktiv og velframført teaterkonsert med ein underhaldningsverdi som overgår det meste.

Gjennom meir enn femti år har minst tre generasjonar sunge med og late seg underhalde av den store songskatten frå Knutsen og Ludvigsen alias Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen. Gjennom nesten like mange år har norske teater med vekslande kvalitet presentert ulike sceneversjonar av det absurde universet til desse to, og spesielt om livet i tunnelen. Når Trøndelag Teater nå lagar nok ein sceneversjon, har dei vald å konsentrere seg om songane, og ikkje minst alle ablegøyene som dei to krydra konsertane sine med. Det er blitt ein teaterkonsert der dei presenterer nokre av dei mest kjende visene, uakta om dei har samanheng med tunnelen eller ikkje. Men grevlingen er med, likeins konduktøren, kaptein Knutsen og mykje meir. Resultatet er blitt ein heidundrande, velspela og underhaldande konsert som fekk publikum i ekstase frå første låt. Her det inga aldersavgrensing, for sjølv om det er dei yngste som er hovudmålgruppa, er dette minst like stor underhaldning for alle oss andre.

Regissør Øyvind Brandtzæg har hatt eit luksusproblem med å velje ut berre fjorten songar. Rundt desse har han bygd opp ei framsyning der songane blir integrerte delar av minst like mange sketsjar med akkurat same hysterisk morosame og litt ukorrekte humor som prega konsertane til Knutsen og Ludvigsen. Hovudrollene blir spela av Hans Petter Nilsen (Knutsen) og Ivar Nergaard (Ludvigsen), og det er heilt avgjerande for det framifrå resultatet. Dei to er gode songarar og musikarar, men er først og fremst ein gjøglarduo som har gjort teater saman i rundt ein mannsalder, og slik kjenner kvarandre ut og inn slik at timing, kjemi og alt som trengst for å lage stor humor, er på plass. Med seg til koring og mykje meir, har dei «rypa» Madeleine Brandtzæg Nilsen og Thomas Jensen Takyi som er både grevling og rev. Og i tillegg til at alle desse fire også trakterer ulike instrument, er det eit lite, men ekstremt solid orkester (Jovan Pavlovic, Anna Ueland og Håkon Mjåset Johansen) under leiing av Jovan Pavlovic. Han har, med stor pietet, gitt nokre av songane nye, spennande arrangement, noko som gjer at dette langt frå blir ein konsert med coverlåtar.

Scenografen Even Børsum har gått på skattejakt i teaterets rekvisittlager, og frå snorloftet på hovudscena heng det dei mest utrulege ting, men som effektivt illustrerer det absurde og mangslungne universet til Knutsen og Ludvigsen. Og med lyssettinga til Eivind Myren blir det skapt rom og situasjonar på den store scena.

Knutsen og Ludvigsen er allemannseige, men denne konserten rettar seg i hovudsak til dei yngste, og det ved å vere særs interaktiv. Eitt er at vi alle rett som det er må opp og stå for å synge og nynne med, og å lære å spele nasesekkepipe. Men Nilsen og Nergaard er uvanleg dyktige til å få dei yngste i tale, få aktivisert dei, få nokre av dei opp på scena, og ikkje minst å improvisere avslappa og naturleg til responsen dei får frå bøllefrøa i salen. For her er det ikkje berre lov, men nærast ei plikt å gjere narr av foreldra sine.

Vi er sjølvsagt mange som vil sakne ein og annan song, men utvalet er godt og ganske representativt. Frå opninga med «Dum og deilig» og til finalen med «Kanskje kommer kongen» formeleg kokte det i salen, og alle generasjonar song med av full hals. Desse to songane, og låtar som «Hallo, hallo» og «Grevling i taket» er sjølvsagt egna til stor stemning, men godt var det òg at Brandtzæg hadde funne plass til den langt rolegare «Dinosauren og månen», nydeleg framført av Madeleine Brandtzæg Nilsen. Og ikkje minst til «Eventyret om en melodi» som vel eigentleg var eit solonummer av Gustav Lorentzen, der salen både plystra og nynna med, og der Ivar Nergaard fekk syne at han er ein av landets beste forteljarar.

Til å vere ein teaterkonsert utan nokon raud tråd, har Øyvind Brandtzæg greidd å lage ei overraskande samanhengande framsyning, stramt regissert, men med god plass til improviserte innslag alt etter salens dagsform. Og underhaldningsverdien overgår det meste.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 17. januar 2023.)

Leave a Reply