Leikent og mollstemd

TEATER

HAVARI: Ein julemiddag fleire og fleire nok kan kjenne seg att i. FOTO: KETIL BORN

«Ujul»
Nordland Teater i samarbeid med Moddi og Arktisk Filharmoni
Ide/konsept: Sigrid Strøm Reibo og Pål Moddi Knutsen
Songtekst og musikk: Pål Moddi Knutsen
Tekst og dramatisering: Kristofer Blindheim Grønskag
Regi: Oleg Glushkov
Scenografi og kostyme: Mårten K. Axelsson
Kapellmeister: Sverre Tollefsen Laupstad
Orkester: Arktisk Filharmoni mfl.
Lysdesign: Vegar Angel Nordheim Andreassen
Med: Pål Moddi Knutsen, Reidar Sørensen, Line Heie Hallem, Rune Storsæther Løding, Maiken Vembre og Hannah Schulte Strid

Ei lun og leiken framsyning som ikkje kom heilt i hamn.

Jula er full av tradisjonar, og heilt frå førkristen tid ei av dei viktigaste høgtidene våre. Samstundes er ho ganske ekskluderande for dei som ikkje fell heilt inn i falden. Det er mas, kjøpepress og forventingar, og i dagens samfunn med eksar og bonusfamiliar og eg veit ikkje kva, kan ho vere ei uløyseleg logistikkutfordring. Når alt skal vere perfekt, er det duka for mang ein nedtur.

Om desse skuggesidene ved jula har visekunstnaren Pål Moddi Knutsen skrive ei rekkje nye songar, og saman med Sigrid Strøm Reibo utvikla eit konsept der Kristofer Blindheim Grønskag har laga historier rundt songane og skrive dialogen. Reibos mangeårige samarbeidspartnar, Oleg Glushkov, har hatt regien. På Nordland Teater er dette blitt ei lun, humoristisk, sjølvironisk og litt mollstemd framsyning som ikkje på noko vis er eit oppgjer med jula, men likevel manar til både ettertanke og å stoppe opp litt.

Historia er ganske enkel. Ein familie på tre, Pål (Pål Moddi Knutsen), Maiken (Maiken Vembre) og dottera (Hannah Schulte Strid) bur seg på storinnrykk på julekvelden, og gjer det på eit herleg parodisk og passe overspela vis. Ho har alt for høge ambisjonar, han har resignert, medan dottera representerer fornufta og ettertanken. I ein nydeleg song fortel ho nissen at ho ikkje ønsker seg noko til jul. Samstundes er eit nyskild par som ikkje har fortald slekta om skilsmålet ennå (Rune Storsæther Løding og Line Heie Hallem) på veg heim til familien hans for å halde fasaden og feire som før. Og så er det den pensjonerte og einsame sjømannen (Reidar Sørensen) som lever på minna om henne han aldri fekk.

Moddis nyskrivne, vakre, men ganske blå og mollstemde songar bind det heile saman og presenterer oss for dei ulike lagnadane. Det er nydeleg framført av eit songsterkt ensemble og til dyktig tonefølgje av fem strykarar frå Arktisk Filharmoni og to på slagverk og tangentar. Så langt er dette ei tradisjonell juleframsyning. Men eit uvanleg leikent regigrep i tett samarbeid med scenograf og rekvisitør, gjer at framsyninga blir så mykje meir og langt større enn seg sjølv. Ved at scenearbeidarane blir viktige aktørar med å skape scenografi og situasjonar undervegs får oppsetjinga eit utal metalag. Her er det leik og moro med teaterkonvensjonar, sjølvironi og intelligent humor som toppar seg med ein kvilebenk som nektar å bli bore av scena og meiner han eigentleg har hovudrolla.

Julemiddagen til Maiken og Pål blir ikkje som planlagd, for alle melder avbod i siste liten. Men selskapet blir «redda» ved at dei tre andre av ulike grunnar dukkar opp. Det blir ganske kleint og endar i fullstendig havari. Fram til det punktet har framsyninga vore artig, overraskande og full av humor, men med middagens kollaps, skjer diverre litt av det same med framsyninga. Ho blir føreseieleg, og mistar det leikne og oppfinnsame. Men sjølv om finalen ikkje heilt stod i stil med resten, fekk vi likevel i hovudsak ei velspela, artig, litt trist, og ikkje minst sjølvironisk framsyning med mange lag, også metalag. Moralen er vel at vi kanskje berre bør gløyme alt stresset og jaget mot det perfekte, og heller nytte den mørkaste tida på året til å slappe av og ha det litt hyggjeleg.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 5. desember 2022.)

Leave a Reply