Ein smakebit

TEATER

DOTTERA: Den legendariske russiske ubåtkapteinen frå 1978 har ei dotter (Tiril Heide Steen) som er glad i norsk natur, er hobbyfotograf og droneflygar. FOTO: MARCO VILLABRILLE

«Nye Hjorten Teaters Spektakulære Juleshow»
Nye Hjorten Teater, Trondheim spektrum
Av: Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal
Regi: Mads Bones
Komponist og arrangør: Kyrre Havdal
Scenografi: Gjermund Andresen
Koreografi: Martha Standal
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Orkester: Kyrre Havdal, Hans Petter Vik Sæther, Elvin Venæs, Stian Lundberg, Christian Aftræth Eriksen og Emil Emilson Holmesland
Med: Mads Bones, Olve Løseth, Markus Bjørlykke, Tiril Heide-Steen, Kathrine Strugstad, Ingvill Siegel, Karl-Vidar Lende og Lasse Johansen

Om halvtanna år er det klårt for opning av «Nye Hjorten Teater» i eigne lokale. Det vi i desse dagar får oppleve i Trondheim spektrum, er forhåpentleg berre ein appetittvekkjande aperitiff og teaser, og ikkje eit bilde på sjølve hovudretten.

Dette er ein forsmak på kva vi kan vente oss i 2024, fortalde Mads Bones oss i finalen på «Nye Hjorten Teaters spektakulære juleshow» i Trondheim spektrum. Og framover mot jul skal denne nyvinninga på Trondheims teaterhimmel fylle byens storstove med førjulsunderhaldning. Medan vi ventar på at teaterets nybygg i bakgarden til det gamle hovudpostkontoret skal stå ferdig hausten 2024, kan vi få ein smakebit av kva vi har i vente. Og det var akkurat det dette juleshowet var, ein smakebit eller aperitiff, men forhåpentleg langt frå den komande hovudretten.

For den som ikkje er lokalkjend, eller har levd særs lenge, var «Hjorten», eller «Hjorten Revy- og Varietéteater» som var det fulle namnet, Trondheims revyscene frå 1867 til 1947. Kråkeslottet som husa revyscena låg i Ila og var teikna av arkitekt Karl Norum, ein av landets fremste jugendarkitektar. Han teikna også både Hovudpostkontoret i Trondheim og Britannia Hotell. Så når Trondheim omsider har fått ein kunstmesen ved at Reitanfamilien går inn og finansierer både eit nytt kunstmuseum i det gamle hovudpostkontoret og eit nytt teater i postkontorets bakgard, samstundes som dei også har pussa opp Britannia Hotell til fordoms prakt og vel så det, ja, – så er ringen på mange vis slutta.

Trioen Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal har gjennom dei siste femten åra gitt oss ei rekkje sjangeroverskridande, spektakulære og elleville musikalframsyningar som «Slaget på Testiklestad» og «Juleevangeliet, the Smash Hit Musical» berre for å nemne to av dei mest kjende. Dei har revitalisert humor- og musikalsjangeren. Det særmerkte er eit oppkome av idear, humor i verste «bad-taste-tradisjon», men som er så intelligent at han blir akseptabel for dei fleste, framifrå musikk og gode tekstar med overraskande vriar. Og dei har fått tusenvis av folk som elles sjeldan går i teater, til å strøyme til framsyningane. Når Reitanfamilien nå har hyra nettopp desse tre til den kunstnarlege leiinga av «Nye Hjorten Teater», så er det duka for at Trondheim etter kvart kan få ei annleis og ganske spennande teaterscene.

Men førebels er teateret og den kreative trioen huslause, og i ventetida held dei folk varme med ulike show i Trondheim spektrum. I fjor var det ei nytapping av «Juleevangeliet» og i år er det med eit førjulsshow meir i tråd med revy- og varietétradisjonen.

Gjermund Andresen har laga ein scenografi med ei stor bua trapp i eit slags vinterlandskap og med nummererte luker og dører som ein julekalender. Trappa er tradisjonell som ei trapp der vi ventar oss store entrear som ein dansande Fred Astaire, ein pelskledd Dag Frøland eller ei festkledd Scarlett O’Hara. Men så blir vi lurt, for her ingen spektakulær entré, men tvert om sortien til ein i dobbel forstand snublande inspisient (Karl-Vidar Lende). Han opnar det heile, vil så gjerne introdusere meir enn det køyreplanen legg opp til, og «øydelegg» framsyninga. Før Mads Bones og Olve Løseth kjem inn, kledde i smoking og overtek det heile.

Med seg har dei eit solid musikalteam av Markus Bjørlykke, Tiril Heide-Steen, Kathrine Strugstad og Ingvill Siegel. Mennene i smoking, og kvinnene i glitter. Gjennom fjorten nummer av særs ulik kvalitet får vi presentert både jule- og Beatles-medleyar, litt forsøk på politisk satire, ellevill parodiering, framifrå song, god koreografi og flotte musikalske arrangement. Det vi stort sett kan kalle god underhaldning, men som likevel ikkje kjem heilt i mål. Framføringa til dei sju på scena er framifrå og sceneskifta er imponerande mange og godt synkroniserte. Song- og danseinnslaga er det heller ikkje noko å setje fingeren på, men ikkje alle tekstane er like gode. Kyrre Havdal briljerer i arrangementa, og starten er ein julemedley der overgangane er saumlause. Men endå betre blir det i ein flott, men kanskje litt umotivert, hyllest til Beatles der arrangement og koring etter kvart går opp i ei høgare eining, og der dei greier å sample i alle fall tre låtar samstundes.

Alt dette er flott, men showet fell likevel litt mellom mange stolar. Trioen bak er kjend for kreativitet, og då er ikkje reprisar frå tidlegare produksjonar det vi forventar. Og sjølv om Karl-Vidar Lende gjer maksimalt ut av den spotlightsøkjande inspisienten, er temaet litt for kjend frå den like mislukka suffløren på «slaget på Testiklestad».

Høgdepunkta i dette juleshowet er tre litt ulike songinnslag frå det reint humoristiske, via det patoshumoristiske til det heilt såre og mollstemde, men likevel lett parodiske. Vi har alle eit forhold til Harald Heide Steen jr. sin sovjetiske ubåtkaptein. Når kapteinens dotter nesten femti år etter syner seg å vere hobbyfotograf, droneflygar og særs glad i norsk natur, i tillegg heiter Tiril Heide Steen, og har fått ein framifrå tekst og ein god melodi, så er det duka for ein verkeleg klassikar. Og snakkar vi om julesongklassikarar, så er vel Jussi Björlings «O Helga Natt» blant dei fremste. Når Markus Bjørlykke med operatenorens stemmeprakt og med gravalvorleg pondus framfører «O’helgafri» til same melodi, sunge med same store innleving, men med ein heilt annan og komisk tekst, så blir det stor humor. Den siste sviska var i utgangspunktet ikkje humoristisk, for det var Karl-Vidar Lendes mollstemde og djupt sørgjelege song om «Gutten med trommestikkene», ein parafrase over H C Andersen, men samstundes så overdriven trist og patosfyld at han skriv seg inn i tradisjonen frå Astow Ericsons «Julekveld i skogen».

Med desse tre numra viser «Nye Hjorten Teater» kva vi kan ha i vente. Bones/Løseth/Havdal har i fleire år synt seg som både kreative og særs nyskapande. Det trur eg dei gjer lurt i å hegne om og dyrke vidare. Det er laga mang ein evergreen både på Hjorten, Chat Noir og Edderkoppen, men der også kunne det vere langt mellom drammane. Og forma desse scenene nytta er vel for lengst passé? Så eg vil rå «Nye Hjorten Teater» til å dyrke seg sjølv og sin eigenart i staden for å leggje seg tett opp til glamourtradisjonen til gamle revyscener.

One Response to “Ein smakebit”

  1. Bjørn Krogstad sier:

    Så bra at man gjenoppliver en tradisjon som jeg hørte meget om da vi bodde i Trondhjem!

Leave a Reply