Ein god plass å vere

OPPLEVING

EIT GODT ROM: Her var det berre å slappe av og nyte tilværet. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Saturns Platz»
Rosendal Teater, K-U-K
Av: Wild at Art
Konsept, kunstnarleg leiing m.m. Siri Gjære og Ann-Cathrin Hertling
Scenografi: Terje Aursøy
Lyddesign: Tor Breivik
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Med: Alf Hulbækmo, Mattis Kleppen, Tor Haugerud, Live Maria Roggen, Sunniva Skjøstad Hovde, Jørgen Stoltz, Marte Huke, Tor Ivar Hagen, Andrea Samplamieri, Victor Wilhelmsen, Ann-Cathrin Hertling og Siri Gjære

Det som skulle bli eit lite besøk på noko eg ikkje visste heilt kva var, viste seg å bli ei openberring, og ei lise det var vanskeleg å kome seg frå.

Nokon gongar er det slik at eg ikkje anar kva eg skal skrive, men eg må berre skrive det likevel. Slik er det nå etter at eg i ettermiddag, ein mørk og regntung novemberkveld, lét meg overtale til å stikke innom K-U-K i Kjøpmannsgata rett etter ein lang arbeidsdag. Produksjonsselskapet Wild at Art har snart halde på i ti år, men har diverre gått under radaren min sjølv om eg kjenner fleire av aktørane både frå Trondheim Voices, konsertar, teater og anna. For to år sia, midt under pandemien, sette dei opp «Saturns Hage», som eg altså ikkje såg (eller opplevde er vel rettare å seie), og som det eg fekk med meg i ettermiddag er ei oppfølging og eit framhald av.

Eg visste som sagt særs lite om dette prosjektet på førehand, men ettersom det ikkje er ei «framsyning», men «noko» som startar klokka 13.00 kvar dag, og berre går og går fram til seine kvelden, og det i tillegg er gratis, stakk eg som sagt innom etter arbeid i dag. Eg heldt på å ikkje kome meg derifrå.

Etter å ha signert ein gjesteprotokoll og blitt tilbydd eit eple av ei særs hyggeleg vertinne, gjekk eg gjennom nokre forheng, og kom ut i ein stor kunsthall. Der var det eit tjue-trettitals menneske, eit hav av madrassar, campingstolar, puter og hengekøyer, ulik musikkrigg over heile lokalet samt masse ting og tang, og i hjørnet ein av Kjell Erik Killi-Olsens vortemenn. Om lag midt i rommet stod ei kvinne og song ein meir enn lågmælt song med ubestemmeleg tekst.

Eg fann meg ein stol, sette meg ned, og blei raskt tilbydd ein liten rett av varme eple, og etter kvart også ein kopp god og søt te. Og eg fann meg raskt til rette. Gradvis auka intensiteten på songen, fleire kom til både på vokal og instrument, og mange av dei eg trudde var publikum, tok etter kvart fram eit instrument, eller greip ein mikrofon og tok del i songen. Sjølv seig eg ned i stolen og berre naut tilværet.

Dette i utgangspunktet store og sjellause roterommet, der nokre sat avslappa og koste seg, andre la seg til på madrassane med lukka auge og lét draumane fare, medan ei mor vogga dotter si i ei hengekøye, – det synte seg å vere eit fantastisk godt rom å vere i. Musikk, song og diktlesing kom og gjekk med små avbrot og andre gongar samanhengande. Alt var så avslappa og i utgangspunktet improvisert. Men sjølv med så dyktige musikarar og songarar, trur eg nok at det ligg litt grunnleggjande regi i botn sjølv om dei færraste, om nokon, visste kva som ville bli det neste. Musikalsk var det ei mangefasettert og uvanleg fordomsfri reise der utvalet spente frå Erik Byes «Hildringstimen», Alf Prøysens «Så seile vi på Mjøsa» og ein særs roleg versjon av Grethe Kauslands «Teddyen Min» og til langt heftigare og rocka musikk. Og dette var berre på den vesle tida eg var der. Alt framført av enormt dyktige musikarar og songarar. Og innimellom las Marte Huke frå det eg vil tru er eigne tekstar.

Å kome inn i dette lokalet til K-U-K i kveld var som å lausrive seg frå alt, slappe av, senke skuldrene, la tankane fare og nyte, musikk, song, lyrikk og tilværet. Når eg kika rundt på dei andre i lokalet, var det smil i dei fleste andleta og alle hadde ei så avslappa haldning at ein utanforståande nok kunne lure på kva vi hadde røykt.

Etter det som skulle vere ein stutt visitt, greidde eg motviljug å lausrive meg etter to og ein halv time, berre for å love meg sjølv at eg nok kjem attende ein av dagane som kjem. Slik lise for sjela, og gratis attpåtil, er ikkje kvardagskost. Fram til og med sundag kan du, heilt gratis, droppe innom stort sett når du vil på ettermiddag og kveld. Ei åtvaring til slutt: Besøket kan vere sterkt vanedannande.

One Response to “Ein god plass å vere”

  1. Bjørn Krogstad sier:

    Høres veldig spennende og interessant ut!

Leave a Reply