Langdrygt og fragmentarisk

TEATER

GOLDT: I dette landskapet, som ikkje akkurat liknar ein frodig hage, får vi presentert eit samfunn og ei samfunnsklasse i fullstendig oppløysing. FOTO: GRETHE NYGAARD

«Kirsebærhagen»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Anton Tsjekhov
Omsett av: Kjell Helgheim
Regi: Ole Anders Tandberg
Scenografi: Sven Haraldsson
Kostyme: Maria Gebers
Komponist: Joel Sahlin
Lysdesign: Karl Oskar Sørdal
Med: Nina Ellen Ødegård, Espen Reboli Bjerke, Anders Dale, Jon Lockert Rohde, Anna Ladegaard, Ingrid Rusten, Marianne Holter, Per Tofte, Matias Kuoppala, Christian Greger Strøm og Elg Elgesem

Eit mislukka forsøk på postmodernistisk dekonstruksjon.

Anton Tsjekhovs siste drama, «Kirsebærhagen», hadde premiere like før han døydde i 1904 og berre eitt år før den første revolusjonen i Russland. Nye idear er i emning, det gamle er i ferd med å gå under, men aristokratiet, personifisert ved godseigaren Ljubov Ranevskaja (Nina Ellen Ødegård), ser ikkje signala og held fram med eit øydselt liv som om alt var ved det gamle. Ho er i botnlaus gjeld og godset hennar skal på tvangsauksjon. Forslaget frå oppkomlingen Aleksejevitsj (Espen Reboli Bjerke) om å redde stumpane ved å selje den enorme kirsebærhagen til tomter for sommarhus, blir blankt avvist, og reisa til helvete held fram på første klasse. Til og med dei som forstår situasjonen og ser framover, er karikerte, pompøse og utan realisme. Det er ein slags sorgmunter dystopi over det heile, og med tydeleg frampeik til dagens situasjon.

I Rogaland Teaters oppsetjing er det lett å forstå kva regissør Ole Anders Tandberg har hatt som berande idé. Han vil vise eit samfunn i ferd med å gå i oppløysing, då som nå. Og i tillegg ser det ut til at han også vil dekonstruere Tsjekhov og hans drama. Både gjennom regi, og ikkje minst Sven Haraldssons scenografi, er det tydelege parallellar til 1980-talets postmodernisme der alt var like gyldig, og sanninga hadde mista truverd. Scenografien er ei stor ope scene med ein bakvegg og nokre steinar, alt utan referanse til stykkets innhald. I dette golde landskapet kjem dei livstrøytte menneska og leverer sine replikkar og utsegner meir enn dei snakkar med og til kvarandre, og det i eit tidvis ganske absurd univers. Mot slutten blir symbolikken vel tydeleg når det kjem fullt lys på scena og scenearbeidarar tar til å rydde kulisser medan spelet går som før.

Det er eit talrikt ensemble og mange roller og forteljingar å halde greie på. Skodespelarane gjer gode rolletolkingar innafor dei rammene dei er gitt. Spesielt gjeld det Nina Ellen Ødegård som den livstrøytte og fullstendig urealistiske godseigaren. Men regien legg i liten grad opp til interaksjon. Replikkane blir ofte sagt ut i lause lufta, tablåa er fragmentariske, framsyninga blir lite samanhengande, og ikkje minst noko langdryg.

Stykket er skrive som ein komedie, og framsyninga har mykje god og heilt surrealistisk humor. Ein del absurde song- og musikkinnslag, spesielt der godseigarens bror (Jon Lockert Rohde) verkeleg får vist stemmeprakta si, var kjærkomne brot trass i at dei kunne verke noko umotiverte.

Intensjonane til både regissør og scenograf er openberre, men dei lukkast diverre ikkje i forsetta sine. Hadde eg ikkje sett fleire tidlegare oppsetjingar av «Kirsebærhagen» ville eg ha trudd at dette var ein svak tekst. Det er han ikkje.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 12. november 2022.)

Leave a Reply