Ryktet om min død….

TEATER

PLOPP: Slik kjem ein «lausunge» til verda. Yaana Borg imponerte som utstøytt mor. FOTO: MARCUS VILLABRILLE

«Slaget på Testiklestad»
Nye Hjorten Teater, Oppdalstunet, Sverresborg Folkemuseum
Av: Mads Bones, Olve Løseth, Ole Christian Gullvåg og Kyrre Havdal
Musikk og kapellmeister: Kyrre Havdal
Songtekstar: Mads Bones
Regi: Mads Bones og Olve Løseth
Koreografi: Martha Standal
Kostyme: Solveig Dahle Stoltz
Orkester: Kyrre Havdal, Øyvind Smidt, Hans Petter Wiik Sæther, Kjetil Sandnes og Tore Thorvaldsen Sandbakken
Med: Olve Løseth, Mads Bones, Mira Dyrnes Askelund, Emma Caroline Deichmann, Emil Olafsson, Maria Austgulen, Martha Standal, Tor Ivar Hagen, Mikael Rønne, Christine Gaski, Jenny Bulterud, Yaana Borg, Mariama Fatou Kalley Slåttøy, Gard Hjertaas Bjørnson, Markus Bjørlykke mfl..

I seks sesongar har folk i Trøndelag gått mann av huse for å sjå den elleville parodien på mange av sommarens mest kjende spel. Men sjølv om det blir spela for fulle hus og eit entusiastisk publikum, er det varsla at dette er siste sesong. Og høgst truleg er det like greitt.

I seks år, frå 2014 og berre avbrote av ein pandemi, har den fullstendig respektlause, men samstundes intelligente og observante kvartetten Mads Bones, Olve Løseth, Ole Christian Gullvåg og Kyrre Havdal peika nase av spelfenomenet ved å lage ein parodi som i det meste overgår originalane, og som i motsetnad til dei ganske pompøse og sjølvhøgtidelege spela, evner å fornye seg. Grunnhistoria tar utgangspunkt i det kanskje mest vidgjetne spelet av dei alle, men samstundes eitt av dei mest inkjeseiande, nemleg «Spelet om Heilag Olav». I motsetnad til kristninga av Norge, som eigentleg slett ikkje er tema på Stiklestad, handlar det i parodien om kong Sverre, som 150 år etter Olav Digre fall i unåde hjå paven, og som (og her forlèt vi den autoriserte historia) deretter fann det like godt å avkristne kongeriket. Det måtte sjølvsagt skje på Stiklestad. På veg dit kjem han innom garden Ful der det er eit meir enn mangefasettert gardsfolk, og ettersom dei er kristne (i alle fall i namnet) freistar dei å stoppe kongens vidare ferd.

Kong Sverre (Emil Olafsson) på avkristningstokt.

I dette elleville metateateret der det er så mange metalag at det tidvis er nesten uråd å henge med, er vi innom heile tidsaspektet frå midten av 1100-talet til i dag, og med stadige tjuvlån frå, og visittar og sleivspark til dei fleste av dei mest kjende og største spela. Og sjølv om grunnhistoria ligg nokså fast, er det rikeleg med rom for skråblikk og politiske, humoristiske og/eller satiriske kommentarar til aktuelle hendingar. Slik er dei i år innom både abortstriden i USA, Putins maktarroganse, debatten om kjønnsinkongruens, woke-kultur, krenkehysteri og mykje meir. Og avslutninga er i år litt annleis enn før, for nå er det faktisk kvinnfolka som tar over. For den som har sett alle dei seks versjonane (1, 2, 3, 4 og 5), er det nok spenninga rundt kva som er nytt som held oppe nyfikna. I tillegg til kva dei har gjort ut av den stakkars suffløren. For dette er som sagt metateater der alt kan skje, uavhengig av regi, og det gjer det også. Som når bonden på Ful (Mads Bones) på premieren kastar avlaten til bispen rett gjennom vindauget på den freda Detlistugu så det singlar i glas. Jamvel om det kan hende ikkje verkar slik, er nok den uhjelpelege suffløren langt meir planlagd. Det plar vere ein utanfrå, ein rogalending eller ein austlending som aldri har sett «Elden» og som korkje kjenner eller forstår kodene. I år er det Emma Deichmann som står for sufflien. Til vanleg er ho tilsett på Trøndelag Teater der ho snakkar eit uforfalska norsk. Men det er berre spel, for ho er i røynda dansk, og her får ho vere seg sjølv i ei rolle som ho gjer maksimalt ut, og som er med på å redde framsyninga.

Olve Løseth kommenterer det meste.

For sjølv om det er masse humor, gode parodiar, store, flotte danseopptrinn og eigentleg ein særs god musikal, så er det umogeleg at ein etter sjette oppsetjinga ikkje sit att med ei kjensla av å ha sett det før. Det er rett nok mange referansar til aktuelle tema, og til og med den heilt ferske ruteknusinga greidde Olve Løseth å kommentere. Men alt dette blir likevel berre overflateavvik frå den store historia som ikkje har endra seg så dramatisk. Eg trur difor det er rett av dei at dei nå seier at dette er siste gongen. Det er alltid lurt å gi seg på topp, og sjølv om dei også lova det same i 2017, for så å peike nase av oss og seie at dei berre kødda året etter, trur eg at ryktet om denne spelparodiens død nå er (litt) sannare enn for fem år sia.

Jenny Bulterud og Yaana Borg imponerte som tvillingane Dyda og Tyra

For ikkje å gi det negative inntrykket at det er rein déjà vu å sjå Vol. 6 av «Slaget på Testiklestad», må eg ile til og seie at slik var det ikkje. Om ein ser forbi all humoren, halloien, og det komplett absurde, så er «Slaget» i røynda ein særs god musikal der melodiane til Kyrre Havdal med songtekstar av Mads Bones står fjellstøtt på eigne bein. Og mange av songane bør kunne få eit langt liv etter dette. Koringa og songprestasjonane er framifrå, og når koreografen Martha Standal denne gongen ikkje berre har fått drille og koreografere eit talrikt ensemble, men også har fått med seg ein handfull skikkeleg gode dansarar, så har framsyninga også fått ein ny visuell dimensjon. Gard Hjertaas Bjørnson som med dans og rørsle følgde herolden, eller bodbringaren, Olve Løseth, var eit vakkert og godt grep. I tillegg baud framsyninga på ein del nye, og for meg ukjende aktørar som imponerte både med spel og song, spesielt tvillingane Dyda og Tyra (Jenny Bulterud og Yaana Borg).

Ikkje nok med forhud, heile stellet skal av. Og då går også suffløren Emma Deichmann og statisten Maria Austgulen all inn.

Etter dei første sesongane med «Slaget på Testiklestad» skreiv eg at det var ei oppsetjing som leita etter sin eigen moral. I sesong seks ser det ut til at dei har funne den. I alle fall slår dei fast at moralen er: «You may kill the messenger, but never kill your darlings». Det siste er antitesen på godt manusarbeid, og kan fort bli tolka som ein freistnad på å kunne fri seg frå kritikk frå slike som meg. For det kunne nok ha vore nokre darlings å ta livet av her, men då hadde det heller ikkje blitt det absurde, meiningslause, og på same tid vellukka stykket som det faktisk er. Oppsetjinga meiner altså å ha funne sin moral. Viktigare er det at avslutninga ikkje enda med avkristning slik Sverre ønska, men snarare det motsette. Ein må vel tru at avskorne penisar må vere på line med bibelens historie om avskorne filistarforhudar, og då kan det vel vere rett å vise nettopp til Bøkenes bok der det står at «Det er ei tid for alt». Og det gjeld vel også for elleville spelparodiar?

Leave a Reply