Dronninga av Sunndal

MUSIKKTEATER

FALLITT: Brevet som Lars (Jon Lockert Rohde) og Karen (Karianna Sommerro) les for Lady Arbuthnott (Yngvild Støen Grotmol) gir ikkje rom for tvil. Banken hennar er konkurs, og eit aristokratisk liv er nådelaust over. FOTO: NATHAN W. LEDIARD

«Lady Arbuthnott – frua på Elverhøy»
JazzåTeatret Produksjon AS, Sunndal kulturhus
Libretto: Stig Nilsson
Komponist: Lars Ramsøy-Halle
Regi: Pål Øverland
Musikalsk leiar: Trond Hustad
Scenografi: John Kristian Alsaker
Koreografi: Yngve Horn og Anett Hjelkrem
Kostyme: Mette Welle Jacobsen
Lyddesign: Erik Valderhaug
Orkester: Trond Hustad, Maren Lovise Nygård, Lars Brygelson, Marit Johannsen, Peter Wergeni, Emil Emilson Holmesland, Arild Hillestad og Jo Inge Nes
Med: Yngvild Støen Grotmol, Jon Lockert Rohde, Karianna Sommerro, Erik Wenberg Jacobsen, Anderz Eide, Nils Arne Halle Erstad, Marit Synnøve Berg mfl..

Teaterframsyninga om den styrtrike Lady Arbuthnott og hennar liv i Sunndalen har alt eit godt musikkteater skal ha.

I år er det 25-årsjubileum for JazzåTeatrets årvisse oppsetjing av «Lady Arbuthnott – frua på Elverhøy». Eg melde framsyninga i 2002, og skreiv at produksjonen kunne forsvare ein plass på kva institusjonsteater som helst. Den påstanden står seg godt, for dette er musikkteater på høgt nivå.

James dør i moras armar.

Historia om Barbara Arbuthnott (1822-1904) er like sann som ho er spektakulær. I 1866 kjem ei steinrik britisk adelsdame, språkmektig og kunnskapsrik, til Sunndalen på Nordmøre. Etter å ha blitt enke to gongar, er ho nå på bryllaupsreise med den nye ektemannen William Arbuthnott og sonen James frå første ekteskap. Dei likar seg i Sunndalen og kjem attende to år på rad. Hausten 1868 blir sonen sjuk og dør på veg til Christiania. Det har lenge vore eit vanskeleg forhold mellom mor, son og ektemann og Barbara skuldar William for å vere årsaka til sonens død. Mot ein klekkeleg sum får ho innvilga skilsmål. Sonen blir gravlagd i Sunndal, og Barbara buset seg på bruket Elverhøy. Ho blir ein mesen i bygda, skriv eit par lærebøker, omset Jonas Lie til engelsk og fører eit ekstravagant selskapsliv. Men ho er også ein «man-eater» og ganske kynisk i jakta på yngre menn. Først lever ho saman med gardsstyraren Oluf Endresen. Når han dør, tilset ho Lars Hoås som ny styrar. Kjærasten hans, Karen Lønseth, blir kammerjomfru. At dei to er par, er ikkje til hinder for at Barbara legg sin elsk på Lars og kjøper ein grevetittel til han. Når Karen blir gravid, tek Barbara henne med på ei lang Europa-reise, og barnet blir sett bort i løynd utan at Lars får vite noko.

Lars blir slått til «greve».

Men alt har ein ende. Eit øydselt liv kombinert med at den skotske banken hennar går konkurs, fører til tvangsauksjon, og dei siste ti åra lever ho i ussel fattigdom saman med Lars og Karen. Men bygdefolket gløymer ikkje og hjelper til med både husvære og mat. I 1904 dør Barbara Arbuthnott, og så kan endeleg Lars og Karen gifte seg.

Med stor lojalitet til historia har Stig Nilsson (libretto) og Lars Ramsøy-Halle (musikk) skrive musikkteateret «Lady Arbuthnott – Frua på Elverhøy». Ettersom om lag alt blir sunge, er det nærast som ein opera å rekne. I Pål Øverlands stramme og oppfinnsame regi, med profesjonelle i berande roller og rundt seksti lokale amatørar, er det blitt ei imponerande framsyning. På ei relativt lita kulturhusscene har John Kristian Alsaker laga ein velfungerande scenografi som saumlaust kan veksle mellom dei ulike tablåa, og med rom for fleire overraskingar. Trass i avgrensa plass, får vi det eine masseopptrinnet meir spektakulært og presist enn det andre der det mellom anna er ballett med både årer, plankar og tallerkenar. Dans, kor og songprestasjonar er utmerka, og i grava sit eit ni-personars orkester under kyndig leiing av Trond Hustad. Med ei fin blanding av messing og strengar får dei fram alt frå det overdådige til det mollstemde.

Spåmannen Torkild

Torkild, ein slags sjåar eller sjaman som stadig kommenterer og spår, er eit godt forteljargrep. Tenoren Erik Wenberg Jacobsen gjer maksimalt ut av rolla, og hans sterke finalenummer sit framleis i øyregangen. Nils Arne Halle Erstad overraskar i den solide tolkinga av sonen James, og scena der han dør i armane til mor si, er av dei sterkaste i framsyninga. Jon Lockert Rohde syner oss klassereisa til Lars Hoås frå lærar til «greve», og får godt fram rivingane mellom kjærleiken til Karen og lojaliteten til husfrua. Karianna Sommerro som Karen har dei same lojalitetsproblema, og den såre tolkinga av at ho må setje bort barnet deira, er blant oppsetjingas mange høgdepunkt. I rundt ti år har Yngvild Støen Grotmol spela Barbara Arbuthnott. Ho er myndig, tydeleg, aristokrat til fingerspissane og tidvis kynisk, men også velgjerande og raus. Ho er redd for kjærleiken, men likevel amorøs så det held. Alle desse kontrastane formidlar Støen Grotmol overtydande og særs truverdig samstundes som ho også glitrar i songnumra. Som når ho i finalen syng klokkeklårt og reint med eit volum som er nærast kviskrande.

Spektakulære og velkoreograferte masseopptrinn

«Lady Arbuthnott – Frua på Elverhøy» vekslar mellom det elleville og det såre. Det blir spela i høgt tempo med imponerande synkrone skift, og dramaturgien byr på stadige overraskingar og høgdepunkt. Og den som trur at Barbaras fall skulle gjere andre akt til ein nedtur, må tenke om att. Frå start til slutt går denne framsyninga berre ein veg, og det er opp.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 27. juni 2022.)

One Response to “Dronninga av Sunndal”

  1. Bjørn Krogstad sier:

    Veldig gammel dame! Født i 1822, men dør to ganger! Først i 1904, siden i 2004!

Leave a Reply