Hedda ved eit vegskilje?

KOMMENTAR

ÆRESPRIS: Hedda-komiteens ærespris gjekk i år høgst fortent til Mira Zuckermann for gjennom tjue år å ha bygd opp teiknspråkteateret «Teater Manu» til å bli blant dei verdsleiande i sin sjanger. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Hedda-prisen er i ferd med å bli større enn forsvarleg, og kan risikere å miste legitimitet.

Heilt sia 1998 har norsk teater feira seg sjølv ved å dele ut Hedda-pris for framifrå prestasjonar i norsk scenekunst. Prisen blir delt ut i Oslo og har fått namn etter Henrik Ibsens «Hedda Gabler». Ein fagjury på sju har årleg vurdert til saman rundt 150 produksjonar over heile landet før dei i god tid før prisutdelinga, offentleggjer tre nominerte i kvar kategori. Prisen fekk raskt status som noko av det gjævaste ein scenekunstnar kunne få, spesielt fordi nesten alle landets framsyningar blei vurdert av ein breitt samansett jury.

I 2017 blei det også laga festival veka før prisutdelinga. Heile 34 scenekunstinstitusjonar har gått saman om det som kallast Hedda-dagane der rundt 40 teater frå heile landet, med eit utal gjestespel, viser både scenekunstnarar, hovudstadens innbyggjarar og tilreisande eit solid tverrsnitt av breidda i norsk teater. I tillegg blir det arrangert ei rekkje faglege arrangement. Det er mange teaterfestivalar rundt om i landet, men på få år har Hedda-dagane vakse seg til å bli den mest vesentlege møteplassen for dei som er interessert i teater i Norge.

Trass i pandemien blei det faktisk spela mykje teater dei siste to åra. Men det har ikkje vore prisutdeling sia 2020, så i år var det heile 270 produksjonar som blei vurderte av ein utvida jury på ni. Frå fem priskategoriar i 1998, var det nå heile tretten. Og på grunn av at prisen omfatta to produksjonsår, var det fem nominerte i kvar kategori. I tillegg blei det delt ut tre spesialprisar der ingen var nominerte på førehand. Nytt av året var pris for beste danseframsyning og beste musikkteater.

Etter å ha vore med på heile festivalen, sett seksten produksjonar, deltatt på fleire fagseminar, før- og ettersnakk og ikkje minst møtt bransjefolk frå heile landet, sit eg att med ein god del refleksjonar. Frå å vere utdeling av ein særs prestisjefylt pris, fekk vi i 2017 også nokre bransjedagar. På rekordtid (fire festivalar på fem år) er mitt inntrykk at Hedda-dagane har vakse seg til å bli meir vesentleg enn sjølve prisen og utdelinga.

Festivalen er så avgjort kome for å bli, men eg trur dei ansvarlege bak både festival og pris kan ha godt av å tenkje seg om dersom Hedda-prisen ikkje skal miste legitimitet. Eitt er at sjølve prisutdelinga er ein ganske langdryg nedtur etter at vi har fått presentert så mykje framifrå teater tidlegare i veka. Når ein skal dele ut seksten prisar der alle vinnarane også skal halde takketalar, og det i tillegg er 65 nominerte som skal få namna sine opplesne, blir det vanskeleg å gjere utdelinga til noko meir enn ei stor vareoppteljing. Ho er sjølvsagt spennande for dei det gjeld, men trass i nokre få kunstnarlege innslag, ikkje spesielt interessant, og heller ikkje særleg god underhaldning.

Men viktigare enn sjølve prisutdelinga, er alle kategoriane og alle produksjonane som skal vurderast. Korleis kan ein sikre at dette blir rettferdig og fagleg forsvarleg. Eg sat sjølv i Hedda-juryen for nokre år sia. Vi var då ein jury på sju som årleg vurderte drygt 150 produksjonar over heile landet. Gjennomsnittet i juryen låg på å sjå 50 til 60 framsyningar i året, men vi var nokre som var oppe i både 75 og 90. Arbeidet er kjempespennande, og det er noko av det mest givande eg har vore med på, så trass i masse arbeid og berre symbolsk honorering, ville eg ikkje ha vore dei tre åra forutan. Men det er umenneskeleg at folk som alle har full jobb med anna arbeid, og nokre av dei i tillegg er småbarnsforeldre, skal nytte så mykje tid, ikkje minst til reiser. Når Hedda-komiteen i år har utvida med to nye kategoriar (dans og musikkteater), nærmar det seg for lengst tolegrensa. Juryen er rett nok utvida, men særleg dansekategorien fører til langt fleire produksjonar å vurdere. Som tidlegare jurymedlem veit eg at det rett som det er vil vere framsyningar som går under radaren, og slik har det diverre alltid vore. Men med den store utvidinga som nå har skjedd, meiner eg sjølv at det ikkje lenger står i menneskeleg makt å sjå nok, og å yte alle produksjonar rettvise.

Dersom fleire framsyningar blir oversett, vil skepsisen til prisen auke, og han kan fort miste legitimitet. Det har ikkje skjedd ennå, og eg har ikkje noko svar på utfordringa, men eg trur Hedda-komiteen snarast bør ta diskusjonen om Hedda-prisen er blitt for omfattande.

(Kommentaren stod i Klassekampen onsdag den 22. juni 2022.)

Leave a Reply