Best for dei innvigde

TEATER

SJARMØR: Den botnfalske Nino (Emil Rodrigo Jørgensen), greier å forføre båe venninnene, først Lila (Hanne Mathisen Haga, og seinare Elena (Julia Bache-Wiig). FOTO: KNUT ÅSERUD

«Min briljante venninne»
Hålogaland Teater, Scene Vest
Av: Elena Ferrante
Dramatisert av: April de Angelis
Regi: Trine Wiggen
Scenografi: Ingrid Tønder
Kostyme: Anette Werenskiold
Videodesign: Jonatan Sundstrøm
Komponist: Espen Mauno
Lyddesign: Jim-Oddvar Hansen
Lysdesign: Lauri Lundahl
Med: Julia Bache-Wiig, Hanne Mathisen Haga, Guri Johnsen, Iver Innset, Emil Rodrigo Jørgensen, Kristoffer Anker Gustavsen, Kine Helene Kvalvik Eliassen, Kristine Henriksen, Alexander Rindestu, Kristian Fredrik Figenschow, Margrét Vilhjálmsdóttir, Christina Sleipnes, Kim Jøran Olsen, Andre Vik, Frederic Molund og Ann Mari Nordengen.

Det er openbert ikkje alle romanar som eignar seg for å bli dramatiserte.

Elena Ferrantes fire voluminøse band om dei to venninnene Elena Greco og Lila Cerullo, har begeistra ei heil verd av lesarar. Elena og Lila veks opp i etterkrigstidas Italia, i ein arbeidarbydel i Napoli prega av klassekamp, kvinneundertrykking, sosiale skilnadar og den lokale mafiaen. Vi følgjer dei to jentene frå skulestart i 1952 fram til Lila forsvinn i 2010. Det er ein uvanleg breitt anlagd sosial roman med eit stort og fargerikt persongalleri, og der ingrediensane er kjærleik, intrigar, maktkamp, gryande feminisme, klassereiser og ikkje minst eit vennskap som blir sett på store prøver.

Den britiske dramatikaren April de Angelis har dramatisert bøkene for teater, og Oslo Nye Teater hadde norgespremiere hausten 2019. Nå har Hålogaland Teater slått på stortromma, nytta nesten heile ensemblet sitt og laga ein seks timars framsyning i fire aktar inkludert servering av to-rettars italiensk middag og vin i pausane. I Trine Wiggens regi går dei seks timane raskt, men det er ikkje dermed sagt at oppsetjinga yter romanen fullstendig rettvise.

For å skape illusjon av både Napoli, heimar og arbeidsplassar, har Ingrid Tønder laga ein stilisert scenografi der ho nyttar heile det opne scenerommet, og der det berre er nokre møbelgrupper som kan skape ulike settingar. I tillegg er det ei mengd mobile draperi. Dei blir også nytta til gode videoprojeksjonar der vi både kjem nærare på skodespelarane, og der det frå bakscena er mogeleg å skape inntrykk av meir spesielle situasjonar. Samspelet mellom den opne scenografien og videobruken fungerer i hovudsak godt sjølv om det nok manglar litt på miljøskildringa. Noko av dette blir kompensert med Anette Werenskiolds tidsriktige kostyme.

Trine Wiggens regi fortel historia delvis i retrospekt og samstundes lineært gjennom seksti år. Eit særs godt grep er å la Guri Johnsen vere den gamle Elena som både fortel og kommenterer det som skjer. Johnsen er ein framifrå skodespelar, og i hennar rolege, attendeskodande betraktningar får vi eit lite gløtt av det episke som har gjort desse bøkene så populære. Fine brot og sceneskift blir det også med nydeleg italiensk song.

Dei to venninnene Elena og Lila blir spela av Julia Bache-Wiig og Hanne Mathisen Haga. Dei gir solide tolkingar i store, tekstrike roller og med eit spenn i alder frå skulestart til godt vaksne. Men det manglar nok litt for å forstå innhaldet i vennskapet til dei to. Med unnatak av ei sterk fabrikkscene i tredje akt, blir forholdet mellom dei meir skildra enn spela.

Bøkene er på fleire tusen sider, og det er ei så mangefasettert og samanvove historie at det er vanskeleg å kutte utan å miste vesentlege ingrediensar. Det er framsyningas store problem. Når så mykje skal med, blir det episodisk og fragmentarisk, og berre nokre få gongar får aktørane høve til å dvele og utdjupe slik at vi kjem under huda på dei og historia. Det er heile sju familiar som skal presenterast, persongalleriet blir for stort, og når seksten aktørar skal spele nærare femti roller utan kostymeskift, blir det vanskeleg å henge med, jamvel for oss som har lese bøkene. Dette blir kompensert med ein del overspel som meir karikerer enn portretterer personane det gjeld. Unnataket her er Iver Innset som gir oss ei overtydande og truverdig tolking av den kyniske, mafiøse og sleske Michele Solara.

Hålogaland Teater satsar stort, og for dei innvigde som har lese bøkene og kanskje sett HBO-serien, kan dette vere eit hyggeleg gjensyn. Som teater står det nok ikkje heilt på eigne bein.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 2. mai 2022.)

Leave a Reply