Vi har alle vårt.

TEATER

LAGNAD: Kanskje kan dei finne kvarandre, for alle har dei løynd bagasje FOTO: MAGNUS SKREDE

«MEGAMEGA»
The Krumple og Teater Innlandet, Tynset kulturhus
Av: The Krumple
Regi: Vincent Vernerie og ensemblet
Scenografi og kostyme: The Krumple
Koreografisk bistand: Catherine Béziex
Med: Vincent Vernerie, Oda Kirkebø Nyfløtt, David Tholander, Léna Rondé og Maja Bekken.

Livet er ikkje lineært, og brått kan det skje ting som snur rundt på alt.

Misunn ingen det skin av lykke han eig, for du kjenner ikkje hans løynde sorger, heiter det i eit gamalt ordtak. Slik tenker eg etter å ha sett «MEGAMEGA», ei uvanleg assosiasjonsrik framsyning som er ein samproduksjon mellom the Krumple og Teater Innlandet. I eit fysisk og leikent teaterspråk med fullt av overraskingar gir dei oss på illustrerande og opplevingsrikt vis fem heilt kvardagslege lagnadar som bør vere til å kjenne seg att i for dei fleste.

The Krumple er eit lite og litt lauseleg samansett teaterkompani grunnlagt i 2013 etter avslutta teaterutdanning i Paris. Dei seks som starta det heile er frå USA, Frankrike, Danmark og Norge, og har laga sju produksjonar samstundes som dei også har sett av tid til eigne ting. Geografi, logistikk, – og pandemi, har gjort at dei også har nytta seg av andre samarbeidspartnarar. Aktørane har ulike spesialfelt som trylling, figurteater, dans og song, og det gjer at dei, trass i at dei er få, kan nytte mange forskjellige språk og uttrykksmåtar, noko vi fekk tydeleg prov på i «MEGAMEGA».

Oppsetjinga er spekka med symbolikk, og det er uråd å få med seg alt. Men det er nok heller ikkje meininga, for her er det så rikt med assosiasjonar og opplevingar, at du eigentleg berre kan lene deg attende og ta med deg det som treff deg og la resten vere. I tillegg er dette ei framsyning der ettersmaken er uvanleg stor, og der inntrykka dukkar opp lenge etter teppefall.

Scenografien er tilsynelatande enkel og illuderer eit brettspel som kan vere eit bilde på eit langt frå lineært liv. Plutseleg kan noko skje som endrar alt, eller som i brettspelterminologien får deg til å vende tilbake til start. Og det er dette «MEGAMEGA» (eit anagram for GameGame) handlar om. I opninga kjem dei fem aktørane, kledde i nøytrale spelgevant, men i ulike farger, hoppande inn på brettet, og tar til å flytte seg fram rute for rute. Etter kvart endrar dei seg frå spelbrikker til fem ulike personar med kvar sin lagnad, – og bør å bere. Det er han som har falle litt utanfor samfunnet Vincent Vernerie), kirurgen som aldri får fred (Maja Bekken), den gamle dama som forbannar alt og alle og særleg elektriske ståsyklar (Léna Rondé), ho som er skadd og som blir trakka på (Oda Kirkebø Nyfløtt) og kvardagsfilosofen med eit løynd traume eg skal halde meg frå å avsløre (David Tholander).

Oppsetjinga er bygd opp av ei mengd tablå med mange og godt synkroniserte sceneskift der vi saumlaust glir mellom dei fem, og litt interaksjon mellom dei. Ikkje alle rollene er like tydelege, og i den grad vi kan snakke om lyte eller traume, er dei kanskje ikkje av dei mest dramatiske. Men også små brot kan bli eksistensielle avhengig av korleis du taklar dei. Og at nokre av dei kan vere ganske trivielle, gjer også at dei er lette å kjenne seg att i.

Ekspressivt og nesten utan ord gir the Krumple oss ei velspela og underhaldande, og stadig overraskande framsyning om heilt eksistensielle spørsmål. Det er vakkert, humoristisk, det er visuelt, og blir framført til illustrerande og fine musikkval frå Mozart til Daniel Herskedal

Dei ulike spesialitetane til dei fem blir nytta godt og effektivt, som i song, koreografi, og ikkje minst i David Tholanders magi. På eit naivistisk og stillfarande vis gir han oss eit vell av overraskingar, og finalen der han auser av bagasjen sin som frå ei Sareptas krukke, er både sår og vakker. Og når brettspelet til slutt nærast reiser seg og blir noko heilt anna, er det ei avslutning som gir publikum mangt å tenke på lenge etter teppefall.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 18. mai 2022.)

Leave a Reply