Illusjonar og undring

TEATER

REDDANDE ENGEL: Det kakerlakken trudde var ein engel, viste seg å vere ein nattsvermar, men reddande var han lell. FOTO: MALEJO

«Kakerlakken med den stygge frakken»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Martine Grande
Dramatisert av: Kristoffer Blindheim Grønskag
Regi: Johannes Holmen Dahl
Illustrasjonar: Martine Grande
Komponist: Trygve Nielsen
Animasjonar: Håvard Strand og Torjus Førre Erfjord
Med: Ragne Grande

Ei unnseleg lita framsyning med mange og overraskande lag.

I 2013 debuterte Martine Grande som forfattar med den illustrerte barneboka «Kakerlakken med den stygge frakken…og hovudet fullt av triste tankar». Grande er både forfattar og animatør, og ho gjorde etter kort tid også animasjonsfilm av boka. Saman med systera, skodespelaren Ragne Grande, fann ho i 2015 ut at ho i tillegg ville lage teater av historia, Kristoffer Blindheim Grønskag fekk ansvaret for dramatisering, og i regi av Johannes Holmen Dahl, og med mange andre gode hjelparar blei det teater i 2015. I ein samproduksjon med Trøndelag Teater, er nå framsyninga tatt opp att, og onsdag var det premiere for eit entusiastisk og særs deltakande publikum.

Scenografien er enkel, ein stor kvit skjerm og eit par skap på sida av den opne og elles ganske nake scena. Ragne Grande ønsker velkommen, og tar til å fortelje at ho nå skal blande fantastiske farge. Ho kjem raskt i tale med publikum og etablerer på rekordtid ein kontakt med, og eit engasjement hjå dei unge som det er lenge sia eg har sett make til. Nennsamt opnar ho malingsspann for å blande farger, men så syner det seg at malinga er noko vi berre må innbille oss. Slik gir ho på pedagogisk vis innføring i ein del av det som er teaterets magi. Men når ho så kastar den fiktive malinga på skjermen, blir den på magisk vis fargelagt, og det dukkar opp vakre fargerike landskap.

Alt dette er berre ein introduksjon til den eigentlege historia der Ragne Grande er ein kakerlakk som elskar sol, sommar og varme, og som blir trist av dei andre årstidene. Betre blir det ikkje av at ho har ein grøn frakk ho meiner er ganske stygg, og at ho blir mobba og hundsa av dei andre insekta.

Korleis det går, skal eg ikkje røpe, men denne vesle sviska av ei teaterframsyning på berre dryge halvtimen, har mange lag og historier. I botn ligg det tunge tema som utanforskap og mobbing, men i det ytre er framsyninga ein uvanleg opplevingsrik leik med farger og teikningar. Og det er eit imponerande synkront samspel mellom Grande, det animerte og playback av fem ulike forteljarstemmer. Spesielt dyktig er det når ho syng trestemt med to av dei. Grande har det unge publikummet i si hole hand, og spelar aktivt på deira deltaking. Etter ei imponerande opning, mister framsyning midtvegs litt intensitet, men tek seg godt opp att mot finalen. «Kakerlakken med den stygge frakken» er ei multimedial og særs opplevingsrik framsyning, Ho er vakker, underhaldande, og ikkje minst full av overraskingar.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 30. mai 2022.)

Leave a Reply