Tung Bør å bere

TEATER

KLEIN KURTISE: Bør (John Brungot) gjer kur til Josefine (Karianna Sommerro), men ikkje alle kjærteikn lukkast. FOTO: ØYVIND MALUM

«Bør Børson jr.»
Turnéteatret i Trøndelag, Opera Trøndelag og Fylkesmusikarane i Trøndelag
Av: Johan Falkberget
Libretto: Harald Tusberg
Musikk: Egil Monn-Iversen
Regi: Ivar Tindberg
Scenografi: Gjermund Andresen
Kostyme: Anne Spets
Koreografi: Eli Stålhand
Arrangement og musikalsk ansvarleg: Christian Aftret Eriksen
Kapellmeister: Jon Kristian Bye
Med: John Brungot, Karianna Sommerro, Jo Bjørner Haugom, Tore B. Granås, Sigrid Vetleseter Bøe, Torstein Fosmo, Kathrine Strugstad, Vetle Røsten Granås, Lars Eggen, Eivind Dundas, Sigmund Kveli, Hildur Norum, Maia Reppe og Ingvill Siegel.

John Brungot gir meir nyanserikdom til tolkinga av Bør Børson jr.

«Bør Børson jr.», Johan Falkbergets satiriske oppgjer med jobbetid, jantelov og bygdedyr har gjennom vel hundre år hatt eit stort publikum. Boka blei tidleg dramatisert og filmatisert. Men høgdepunktet kom då Harald Tusberg og Egil Monn-Iversen i 1972 laga musikal av romanen med ein strålande Rolv Wesenlund i hovudrolla. Filmen frå 1974 med mange av dei same aktørane, er framleis populær. Musikalen er sett opp eit utal gonger sia, men ikkje alltid like vellukka. For mange har Rolv Wesenlund vore den ultimate Bør. Til nå. For i den nye storsatsinga til dei turnerande scenekunstorganisasjonane i Trøndelag har dei henta heim John Brungot i tittelrolla, og sjølv om han ikkje har same stemmeprakta som Wesenlund, gir han Bør eit meir sårbart uttrykk og langt større nyanserikdom.

Turnéteatret i Trøndelag, Opera Trøndelag og Fylkesmusikarane i Trøndelag har laga ein stor og påkosta produksjon som etter premieren i Stjørdal skal turnere i heile Trøndelag i to månader. Regissør Ivar Tindberg har vore ganske tru mot originalen, og det er sjølvsagt blitt akkurat den elleville og underhaldande musikalen folk vil ha. Men i detaljane ligg det viktige endringar.

Gjermund Andresens scenografi er rigga for turné, men er likevel imponerande illustrerande og funksjonell. Orkesteret, dusinet fullt, sit på bakscena, tidvis synleg, og gir solid tonefølgje. Eit så stort orkester gir mykje lyd, medan songnumra framleis skal vere mogelege å høyre. Det ga stundom litt skingrande resultat, men vil truleg gå seg til. Ensemblet på fjorten er ei blanding av skodespelarar, songarar og amatørar, men Tindberg har stort sett fått fram det beste i dei alle.

John Brungot er i sitt ess når han får boltre seg i dei komiske detaljane som er så mange at det er vanskeleg å få med seg alle. Han gir oss ein Bør full av sjarm, men også sårbar og openbert usikker. Denne nyanserikdomen gir eit meir mangefasettert bilde av denne oppkomlingen som eigentleg berre vil alle vel. Butikkjomfru Laura Isaksen blir humoristisk og myndig tolka av operasongaren Sigrid Vetleseter Bøe, og hennar stemmeprakt er med på å løfte framsyninga. Alle aktørane er karikerte og sjarmerande overspela. Med eitt viktig kontrasterande unnatak. Josefine, storbondedottera og Børs store kjærleik, representerer fornuft og fordomsfridom. Karianna Sommerro har lenge vist at ho har potensial til noko stort, og her får ho endeleg syne at ho både er ein god skodespelar og ein framifrå musikalartist.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 4. april 2022.)

Leave a Reply