Livet er eit rollespel

TEATER

KLISJE: Den tradisjonelle røyrleggjar/heimeverande-scena. FOTO: FOTO.SAMFUNDET.NO

«Sidespringerne»
Studentersamfundets Interne Teater, Knaus
Av: Jo Strømgren
Regi: Tord Sommer
Scenografi: Ola Våge
Kostyme: Stella Pettersen
Med: Kari Melhuus Jenssen, Agnete Berge Skår, Fredrik Lundberg Paulsen, Dennis Eliassen og Mikkel Angelo Anchissi Joner

Ein stram og overraskande velspela komedie om utruskap, men djupast sett om noko så eksistensielt som jakta på lykka.

Jo Strømgrens teaterunivers er heilt særeige, og stykka hans er sjølvsagt prega av fysisk teater, det vil seie koreografert rørsle meir enn vanleg dans. Ofte snakkar skodespelarane kaudervelsk, og like ofte er manuset skrive spesielt for dei aktørane som skal framføre det. Og som difor spelar med sine eigne namn. Det siste var situasjonen då Strømgren for fire år sia skreiv den umoralske komedien «Sidespringerne» for Kilden Teater i Kristiansand. Då Studentersamfundets Interne Teater (SIT) i haust leika seg med tanken om å setje opp denne komedien om utruskap, hadde dei ikkje eingong manuset. Før dei fekk det, måtte Strømgren vite kven som skulle spele dei fem rollene, og etter det eg har forstått, tilpassa han det også litt.

Samstundes som det å spele seg sjølv, eller ein karikert versjon av deg, får fram sider ved deg du ikkje visst du hadde, eller som du kanskje ikkje er like stolt av, gir det også ein viss tryggleik å få vere seg sjølv. Det er i alle fall openbert på Knaus i Studentersamfundet i Trondhjem. Eg har følgd SIT i meir enn førti år, og sett både floppar og høgdepunkt, men det er lenge sia eg har sett ei framsyning av dei der skodespelarane er meir trygge på seg sjølve og dermed også leverer så solide rolletolkingar.

Knaus er ei særs vanskeleg scene, men denne gongen har scenograf Ola Våge greidd å få til ei særs god og effektiv sceneløysing der vi vekslar relativt saumlaust mellom ei lita leilegheit og eit psykologkontor i Trondheim. Små finurlege detaljar og ein svingbar vegg var alt som skulle til.

Vi er altså i Trondheim og opningsscena er i leilegheita Kari (Melhuus Jenssen) og mannen hennar leiger ut, men som ho også nyttar til elskovsreir. I løpet av framsyninga syner det seg at ho har ein elskar for kvar av vekedagane, og vi får tru at mannen, som vi aldri møter, får ein av helgedagane. I det vesle husværet har ho nå besøk av den relativt enkle røyrleggjaren Fredrik (Lundberg Paulsen). Det opnar med ei klassisk og heilt sjablongmessig røyrleggjar/heimeverande-scene så dampande erotisk at eg knapt har sett maken. Før det syner seg at Fredrik rett nok er enkel, men slett ikkje røyrleggjar, og at dette berre er eit rollespel for at Kari skal bli kåt. Og etter kvart blir framsyninga meir og meir eit rollespel der det lenge ikkje er heilt greitt å vite kva som er røyndom og kva som er spel. For etter kvart dukkar to av dei andre elskarane også opp. I konfrontasjon med dei andre, går båe for å vere mannen til Kari, men det er heller ikkje rett. Dei er Dennis (Eliassen), ein oppblåst bergensar med liten kuk og endå mindre sjølvinnsikt, og det er den kultiverte og pengesterke, men ganske grå Mikkel (Angelo Anchissi Joner). I ein skikkeleg komedie med slektskap til dei gamle forvekslings- og for viklingskomediane, blir det sjølvsagt pinlege møte og konfrontasjonar. Pinleg for dei det gjeld, men hysterisk morosame for oss som ser på. Og alle dei komiske og artige opptrinna blir vakkert balansert og kontrastert av det som skjer hjå psykologen Agnete (Berge Skår), eit slags korrektiv til handlinga ettersom alle dei fire andre på ulike vis syner seg å vere hennar klientar.

IKKJE KØDD: Psykologen Agnete let seg ikkje vippe av pinnen av den oppblåste Dennis. FOTO: FOTO.SAMFUNDET.NO

Korleis det går til slutt skal eg halde meg langt frå å fortelje, men det må sjølvsagt bli både konfrontasjonar, oppgjer og meir til. Og det var ikkje Strømgren om det ikkje skjedde både absurde og heilt uventa ting.

I ei slik komedie blir det sjølvsagt mange sceneskift, men dei blir gjort heilt ope og synlege som fine brot med musikk og strobelys, og der vi også får litt av det fysiske spelet som er særmerkt for Strømgren utan at eg kan sjå at nokon er kreditert for koreografien.

«Sidespringerne» er eit tekstrikt stykke, og god komedie krev i tillegg alltid presis timing. På den vesla scena har regissør Tord Sommer verkeleg greidd å få til eit drama med få daudpunkt, med fine skift, med god presisjon og ikkje minst imponerande personinstruksjon. Amatørar har ein tendens til å overspele litt, men her er det halde akkurat på det nivået som trengst for å få fram dei komiske sidene ved kvar av dei fem på scena. Spelet er forbausande bra, og som sagt er det lenge sia eg har sett ei framsyning frå SIT med så høgt nivå på aktørane. Spesielt var Agnete Berge Skår særs truverdig i rolla som psykologen, i starten den einaste rolege og profesjonelle, men som gradvis, særs gradvis også synte andre sider. Ho var så naturleg og nedpå, og uttrykte ofte like mykje med finstemt mimikk som med ord.

Framsyninga er halvannan time utan pause, og sjølv om noko av intensiteten fell litt mot slutten, var det likevel ein dramaturgi det står respekt av. Høgdepunkta stod i kø, og den vanskelege timinga med å ta akkurat lange nok pausar medan publikum jublar og ler, blei turnert framifrå. Dette var rett og slett både underhaldande og særs godt presentert.

One Response to “Livet er eit rollespel”

  1. […] Interne Teater (SIT), og sist såg eg henne i ei framifrå rolletolking i Jo Strømgrens «Sidespringerne» i Studentersamfundet i mars i år. Ho er ein god skodespelar, men i «Hjemkomst» overgår ho seg […]

Leave a Reply