Frykta for frøken

TEATER

BALANSEGANG: I dette klasserommet måtte ein trå varsamt om ein skulle unngå frøkens lite pedagogiske reaksjonar. FOTO: HALLVAR BUGGE JOHNSEN

«Klasserommet»
Cirka Teater, Rosendal Teater
Av: Anne Marit Sæther
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi: Gilles Berger
Kostyme: Berit Haltvik With
Lysdesign: Eirik Torsethaugen
Musikarar: Erlend Smalås og Martin Smidt
Med: Anne Marit Sæther

Vondt, sårt, men også varmt om særs formative år.

I snart førti år har Cirka Teater i Trondheim produsert leikne, visuelle, fysiske, humoristiske og grensesprengjande framsyningar på aller høgste nivå. Kjernen i kompaniet er ekteparet Anne Marit Sæther og Gilles Berger der ho skriv, instruerer og spelar medan han lagar heilt magisk scenografi. Med det særeigne teaterspråket sitt har dei i årevis gledd og underhalde publikum i alle aldrar, for sjølv om det ofte ligg eit alvorleg tema bak produksjonane, er det likevel teatermagien og opplevinga som er det viktigaste. I «Klasserommet», som hadde urpremiere på Rosendal Teater i helga, er samfunnskritikken langt tydelegare, men framleis utan at Cirka gir slipp på dei særeigne varemerka sine.

I august 1964 tok Anne Marit Sæther til på folkeskulen i Trondheim. Saman med 23 andre forventingsfulle elevar møtte ho opp til første skuledag. I seks særs formative år var denne klassa og fellesskapet deira eitt av dei viktigaste haldepunkta i livet hennar. Dette var på ei tid då pedagogikken og skulepolitikken var gjenstand for enorme endringar, og Sæther fekk ein klassestyrar som nok ikkje hadde følgt med i timen. Fru Dørum, eller frøken, som det heitte den gongen, hadde oppnamnet «Døden». Ho var så avgjort av den gamle skulen med vekslande humør, og der empati og innleving openbert var framandord. Men vi er alle samansette vesen, og den same læraren hadde også ein lidenskap for teater og iscenesette stadig ambisiøse skuleframsyningar. For Anne Marit Sæther blei det seks år med frykt, iblanda kameratskap, og altså teater.

Meir enn femti år etterpå har ho tatt tak i historia og kontakta gamle klassekameratar for å høyre korleis dei opplevde desse åra. På bakgrunn av tilbakemeldingane har ho laga «Klasserommet», ei teaterframsyning som byr på det meste av det god scenekunst kan. Saman med regissør Kjersti Haugen, som også har hjelpt til med manus, har Sæther laga ei underhaldande, vemodig og blå, men også ganske humoristisk framsyning eg trur dei fleste vil kjenne seg att i. Det er ei blanding av forteljarteater og enkel dramatisering der Sæther spelar alle rollene, både seg sjølv, medelevar og frøken. Med stadige tilvisingar til samtidige tidsbilde tek Sæther oss kronologisk gjennom dei seks barneskuleåra. Og ikkje minst med solid musikalsk følgje av Erlend Smalås og Martin Smidt. Med vokal og eit dusin ulike instrument gir dei oss songar i spennet frå sekstitalets populærmusikk til salmar og Margrethe Munthe. Slik både kommenterer og illustrerer dei framsyninga.

Med vekslande stemme- og dialektbruk, stor innleving, ekspressivt fysisk spel og masse god mimikk presenterer Sæther oss overtydande for alle dei ulike rollene og historiene. Og ho har fått eit vell av minner og anekdotar å formidle. Med eitt unnatak. Han som truleg hadde det verst og difor kunne ha fortald mest, valde å teie og leggje desse åra i gløymeboka. Slik blei hans tagnad og manglande deltaking likevel det såraste og sterkaste bidraget til historia.

Scenografien til Gilles Berger er alltid ein viktig ingrediens i Cirka Teaters produksjonar. Denne gongen er den tilsynelatande enkel og dempa. Men berre tilsynelatande. Ei stor tavle og seksten stolar i miniatyrformat, akkurat store nok til at dei til naud går an å sitje på. Dei viser seg å kunne nyttast til det meste, og symbolikken i formatet til desse stolane er hjarteskjærande. Utan ord fortel dei kor små og hjelpelause ungar kan vere i slike lukka rom der både psykisk, og i alle fall tilløp til fysisk avstraffing, er del av kvardagen i heile seks år.

Små teaterkompani som gjer alt sjølv kan fort få tunnelsyn. Å hente inn Kjersti Haugen på regi har gitt det naudsynte eksterne blikket som spesielt har tatt vare på dramaturgien i tillegg til framifrå personinstruksjon. «Klasserommet» er blitt ei velregissert og sår reise attende til ei ikkje alt for fjern fortid. Med varme, innleving, og heldigvis også mykje humor, blir vi minna på kor sårbare dei minste er, og kor viktige desse første skuleåra kan vere. «Klasserommet» er ei av dei mest gripande framsyningane Cirka Teater har laga, og det seier ikkje lite.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 7. mars 2022)

Leave a Reply