Er mennesket grunnleggjande vondt?

TEATER

KONKYLIEN: Ralph (Magnus Lund) og Piggy (Leander Gilsåmo) før vondskapen overtok. FOTO: GURO KULSET MERAKERÅS

«Fluenes herre»
Teaterlaget i BUL Nidaros, ungdomsgruppe 2
Av: William Golding
Dramatisert av: Nigel Williams
Omsett av: Hilde Hagerup
Regi og scenografi: Rickard Skjong
Med: Magnus Lund, Mikkel Røe Grut, Leander Gilsåmo, Sverre Farstad III, Catharina Lindgren, Erle Kulset Merakerås, Ellinor Nymoen Rørtveit, Ola Nygård, Sverre Haugland og Ole Kristian Brattli

Teaterlaget i BUL Nidaros har omsider fått rista av seg pandemien, og opnar den nye våren med det dystopiske dramaet «Fluenes herre».

Då William Golding skreiv den ganske dystopiske romanen «Fluenes herre» i 1954, mykje som ein pendant eller motsats til Daniel Defoes «Robinson Crusoe», fekk ikkje boka spesiell merksemd. Kanskje var det for nær krigen, og i ei tid då framtidsoptimismen framleis var rådande. Men etter både Suez- og Cuba-krise, og med aukande redsle for atomkrig, fekk romanen nesten ikonisk status på tidleg 60-tal, og i 1983 fekk Golding Nobelprisen i litteratur i det som både då og i ettertid blei kritisert som ein pris gitt til ein roman og ikkje eit forfattarskap.

I boka skildrar Golding eit fly med britiske kostskulegutar som blir sende vekk frå det som truleg er ein atomkrig og til det foreldra trur er tryggleik. Flyet havarerer, naudlandar på ei aude øy, piloten dør medan gutane greier seg. Raskt trer fire av dei fram som tydelegare enn dei andre. Det er den rasjonelle og kloke Piggy (Leander Gilsåmo), pyknikar med briller og difor eit klårt mobbeoffer. Det er lågmælte sanningssøkaren Simon (Sverre Farstad III), den openberre leiartypen Ralph (Magnus Lund), og den påståelege og sjølvmedvitne rivalen Jack (Mikkel Røe Grut). Gutane forstår at dei må tenne eld for å kunne bli sett og redda, og dei freistar å lage eit samfunn der ein konkylie blir som eit septer eller symbol på makt. Det utviklar seg raskt ei rivalisering der overtru og ei form for religiøsitet eller avgudsdyrking overtek for det rasjonelle. Piloten heng død høgt oppe i eit tre, og når det bles trur ungane at det er eit monster eller skrømt. Trass i at Simon undersøker saka og nøkternt slår fast at monsteret er eit menneske, grip redsla og massesuggesjonen om seg, og gutane svarar med å ta livet av Simon. Berre Piggy held på menneskeverdet. Jegeren Jack, som har drepe eit villsvin, og nærast gjort grisehovudet om til eit gudebilde, vinn fram, samhaldet går i oppløysing, Piggy blir kasta utfor ei klippe, og i jakta på også å finne og ta Ralph, øydelegg gutane heile livsgrunnlaget sitt ved å setje fyr på øya. Men så blir dei oppdaga, og ein kvitkledd marineoffiser reddar situasjonen nærast som ein Messias.

Det er ungdomsgruppe 2 i Teaterlaget i BUL Nidaros som presenterer oppsetjinga i BUL-salen på Gildevangen i Trondheim. Dette er 16 til 18 år gamle ungdomar, nokre av dei med fartstid frå sommarspel på Munkholmen og nokre ganske ferske. Det har vore ein lang og vanskeleg prøveperiode med korona og restriksjonar, men sjølv om regissøren testa positivt torsdag kveld, blei det like premiere som planlagt dagen etter. Rickard Skjong har både instruert det unge ensemblet og vore scenograf. Scenografien er løyst særs godt med eit landskap av europallar, tauverk, drivved og rot og rask. Ved å nytte både scena og golvet framom, får Skjong skapt ulike rom og situasjonar, og sceneskifta der ungdomane går ut og inn, flyttar seg over scena, gøymer seg og leitar skjer forbausande presist og med god timing. Denne delen av regien har Skjong meistra bra. Personinstruksjonen står nok litt attende, men det skulle berre mangle med eit så stort og urøynd ensemble. Typane han har fått fram er likevel tydelege, og vi forstår raskt kven som er kven og kva dei representerer. Men det er store manglar på diksjon, og nyanserikdomen i spelet er ikkje alltid god nok. Det blir mykje utestemme og roping. I starten av andre akt, var dette langt betre, så situasjonen var ikkje svart, men det er nok i nyansar i spel og stemmevolum at det største forbetringspotensialet til denne framsyninga ligg.

Leander Gilsåmo som Piggy er naturleg nok den mest lågmælte, og difor også den mest truverdige. Og det same gjeld Sverre Farstad III som Simon, men han ser vi ikkje så mykje til ettersom han blir drepen alt midtvegs i første akt. Magnus Lund som Ralph veks gjennom heile framsyninga, og blir meir og meir truverdig. Og i finalen er smerta hans i både kropp og sinn formidla så vi kjenner det. Og så er det Jack, vondskapen sjølv, tydeleg framstilt av Mikkel Røe Grut. Samstundes som det alltid er skurkane som er dei mest interessante i eit drama, er det likevel ikkje enkelt å spele ein dritsekk så overtydande som han gjer.

Etter ein alt for lang pandemipause var det godt å endeleg få sjå ein produksjon frå Teaterlaget i BUL. «Fluenes herre» blir vist dagleg, men berre fram til og med måndag 21. mars, så her må ein vere rask.

Eit lite etterord:
Uavhengig av spelet til dei ni entusiastiske ungdomane på scena, må eg få henge på eit spørsmål til dei repertoaransvarlege i teaterlaget. Rett nok fekk William Golding Nobelprisen for boka, og ho fekk også ikonisk status på 60-talet som eit sivilisatorisk meisterverk. Med romanen ønska Golding å syne at mennesket er grunnleggjande vondt, og at vi berre kan greie oss med ein sterk leiar eller Gud om vi skal overleve. Dette har vore ein seigliva myte, men både empiri og forsking viser at Goldings idear er reint tankespinn utan rot i røyndomen. Og det finst faktisk ei tilsvarande historie som den om desse kostskolegutane, men i motsetnad til Goldings forteljing, er denne sann. I 1965 tjuvlånte seks tenåringsgutar i det vesle øyriket Tonga i Stillehavet ein båt. Dei dreiv av, og kom seg etter kvart i land på øya Ata der det ikkje hadde vore busetnad på hundre år. Gutane blei rekna som avlidne, men dei greidde seg godt og overlevde på regnvatn og det dei kunne fange og samle av fisk, frukt, – og høner. Ein av dei brakk beinet, men dei spjelka det så det grodde heilt fint. Etter femten månader blei dei funne i god behald. Dei hadde stått saman og skapt eit lite samfunn der problema blei løyste til fellesskapets beste. Den sanne historia om gutane på ei aude øy, syner at mennesket er sosialt og slett ikkje vondt. Og dette er også blitt underbygd både av annan empiri og forsking. Goldings historie har synt seg å være fantasi og fri fiksjon, og har ikkje på noko vis lenger den ikoniske statusen ho hadde. Det må difor vere lov å spørje kva som var årsaka til at teaterlaget valde denne historia. Nei, eg er ikkje for sensur, og ein må framleis både lese og sjå Golding. Men å presentere denne forteljinga hans ukritisk utan annan kontekst enn den han sjølv laga, er litt underleg med den kunnskapen vi har i dag.

One Response to “Er mennesket grunnleggjande vondt?”

  1. Bjørn Røe sier:

    Megt god gjengivelse og analyse! Jeg var på samme forestilling som Amund, og hans kommentarer er også informative og hjelper på min forståelse av stykket!

    mvh
    Bjørn Røe

Leave a Reply