Drepande sjalusi

TEATER

SIGER?: Mozart er død, men enno har ikkje Salieri fatta at musikken, og dermed namnet, vil leve evig. FOTO: TERJE VISNES

«Amadeus»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Peter Shaffer
Omsett av: Øyvind Berg
Regi: Mads Bones
Scenografi: Katja Ebbel
Kostyme: Christina Lovery
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Koreografi: Tor Ivar Hagen
Musikalsk ansvarleg: Åsmund Flaten
Musikarar: Skjalg M. Raaen, Stian Lundberg og Morten Skaget
Med: Øyvind Brandtzæg, Emil Olafsson, Natalie Bjerke Roland, Ingrid Bergstrøm, Jo Saberniak, Emma Caroline Deichmann, Tor Ivar Hagen, Fabian Heidelberg Lunde og Snorre Ryen Tøndel

Draumen om å bli namngjeten og udødeleg kan ta ganske øydeleggjande vegar.

I keisarbyen Wien var Antonio Salieri hoffkomponist, vanka i dei høgste sirklar og fekk oppført og applaudert alt han komponerte. Draumen om ry og evig liv såg ut til å gå i oppfylling. Så dukka den noko yngre Wolfgang Amadeus Mozart opp, og Salieri måtte erkjenne kor middelmåtig han var samanlikna med eit slikt musikalsk geni. Inntil vidare var han likevel den einaste som såg Mozarts genialitet. Kva gjer ein då? Dei fleste slepp geniet fram, men hjå Salieri sigra sjalusien og vondskapen, og han gjorde alt for at Mozart ikkje skulle få oppdrag eller lukkast. Etter Mozarts alt for tidlege død, må Salieri likevel erkjenne at han har tapt. Og for å bli hugsa for ettertida, tyr han i staden til herostratisk ry gjennom illgjerning. Slik regisserer Salieri si eiga forteljing om at det var han som var årsaka til Mozarts død. Dette er ein myte Alexander Pushkin skreiv om alt i 1830, og som i 1979 fekk nytt liv då den britiske dramatikaren Peter Shaffer skreiv dramaet «Amadeus».

Trøndelag Teater og regissør Mads Bones har vald å lage ein modernisert og rocka versjon der vi både er i 1780-åras keisarlege Wien og i eit platestudio i 1970-talets progrockmiljø. Dette er eit forbausande godt grep, og blir framifrå underbygd av den eineståande scenografien til Katja Ebbel, dei ekstremt fantasirike kostyma til Christina Lovery og ikkje minst av Åsmund Flatens musikalske arrangement. Med særs dyktige musikarar gir dei oss nye versjonar av fleire av Mozarts komposisjonar, og i andre akt nærast eksploderer det som ein gedigen rockeopera der Ingrid Bergstrøm, Snorre Ryen Tøndel og Natalie Bjerke Roland gir oss stemmeprakt så det held.

Øyvind Brandtzæg er Salieri og vi følgjer han som forteljar og hovudaktør når han gjer opp rekneskap over seg sjølv. Han er den danna og vellukka med fasaden i orden. Medan vedunderbarnet Mozart (Emil Olafsson) er infantil, opptatt av tiss og bæsj, og tidvis så ufordrageleg at det er lett å mislike han. Salieri regisserer sine vondarta intrigar, medan Mozart trur Salieri er ein venn. Sjølv om både Brandtzæg og Olufsson leverer teksttunge og intense tolkingar, kjem vi, med unnatak av Salieris inderlege oppgjer med Gud, likevel aldri heilt under huda på dei. I Mads Bones’ regi blir dei litt for eindimensjonale. Annleis er det med Natalie Bjerke Roland som gir ei sterk og langt meir kompleks tolking av Mozarts kone, Constanze.

«Amadeus» er storslått, spektakulær og tidvis ei visuell og musikalsk openberring. Men framsyninga greier aldri å bestemme seg for om ho skal vere ein rockeopera eller eit drama om sjalusi og vondskap. Og vegen fram til den manglande avgjerda blir nok også i lengste laget.

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag 17. mars 2022.)

Leave a Reply