Flukta frå seg sjølv

TEATER

KYSSET: Er dette eit kjærteikn, eller freistar dei å fortære kvarandre? FOTO: TERJE VISNES

«Nokon kjem til å kome»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Jon Fosse
Regi: Sigurd Ziegler
Scenografi, kostyme og lysdesign: Norunn Standal
Komponist, lyddesign: Alf Lund Godbolt
Med: Hans Petter Nilsen, Madalena Sousa Helly-Hansen og Carl Martin Eggesbø

Stramt, repeterande og humoristisk om det umogelege i å rømme frå seg sjølv.

Etter å ha skrive romanar i ti år debuterte Jon Fosse som dramatikar med «Nokon kjem til å kome» i 1992. Men det skulle ta nærare fire år før stykket blei uroppført. I ettertid er dramaet blitt eitt av Fosses mest berømte, og det har gått sin sigersgang over heile verda sjølv om det er relativt langt mellom oppføringane her heime. Når Trøndelag Teater nå set det opp, er det blitt ei velspela, stram og overraskande humoristisk framsyning.

Handlinga går føre seg på fleire plan. Den ytre forteljinga er enkel. «Han» (Hans Petter Nilsen) og «Ho» (Madalena Sousa Helly-Hansen), eit par vi får vite lite om, har kjøpt seg eit gamalt hus i havgapet, langt frå folk. Han er godt vaksen, medan Ho er litt yngre, og hit rømmer dei frå noko usagt, og for å vere berre dei to og leve med og i kvarandre i ei utopisk tosemd. Han er optimistisk, medan Ho er meir skeptisk, og meiner at nokon kjem til å kome. Det syner seg å vere rett når «Mannen» (Carl Martin Eggesbø), ein harmlaus, men sosialt utilpass ung nabo dukkar opp.

Det viser seg at dette var heimen til besteforeldra hans, og at det er han som har seld dei huset. Mannen er einsam og kontaktsøkjande, og det som skulle bli ein idyll, blir det motsette, men med ein uforløyst slutt der vi ikkje får nokon indikasjon på korleis det går.

Dramaet har fleire lag, og det er rom for mange tolkingar, frå det psykologiske om det umogelege ved å flykte frå seg sjølv, via sjalusi og det erotiske, og til eit ope skrekkdrama. I Sigurd Zieglers regi er vi innom alle desse tre tolkingane, men kanskje med mest vekt på dei to siste. Saman med scenograf og lysdesignar Norunn Standal har han laga ei minimalistisk setting som likevel er illustrerande og gir rom for mykje, også for tung symbolikk. På Studioscena sit publikum opp mot veggen på alle fire sider medan scena er ei slags øy, skild frå resten med ein meters avgrunn som ein vollgrav. Den avgrensa øymetaforen er eit godt bilde på huset og den fjerne verda rundt.

Oppsetjinga er Sigurd Zieglers profesjonelle debut som regissør. Han er opphaveleg utdanna lege og har arbeidd som forskar samstundes som han har skrive teaterkritikk for Morgenbladet. Så tok han regiutdanning ved Kunsthøgskulen i Oslo der han var ferdig i fjor. «Nokon kjem til å kome» er ein regidebut det står respekt av. I tillegg til å vere innom fleire av tolkingshøva i dramaet, har han også lagt stor vekt på det repeterande i dialogen, og ikkje minst den uforløyste og absurde humoren som ligg i både tekst og handling. Han let skodespelarane ta seg god tid, det er klåre og godt avleverte replikkar, og det er ikkje minst mykje bruk av god mimikk.

Dei tre på scena er tydelege og komfortable i rollene. Carl Martin Eggesbø er den som ytre sett har fått mest å spille på, og gir oss ein tilsynelatande harmlaus bygdeungdom som etter kvart blir både ekkel og trugande. Hans Petter Nilsen og Madalena Sousa Helly-Hansen som Han og Ho spelar meir på det subtile og psykologiske og gjer det overtydande. Han startar som den rasjonelle medan Ho er meir skeptisk og i kjenslenes vald. Men når Mannen invaderer livet deira, blir rollene byta om. God bruk av mimikk gjer også mykje av det usagte godt synleg.

Framsyninga er symboltung både i spel og effektar, men ein del av symbolikken blir både påtrengjande og litt for tydeleg som om regissøren er redd vi ikkje skal forstå. I ei elles rein, klår og minimalistisk oppsetjing kunne han med fordel ha kutta i dette. Med unnatak av eit repeterande, velmeint, men heilt mislukka kyss som står som eit både godt og litt humoristisk bilde på kva Han og Ho vil, men ikkje får til..

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 28. februar 2022.)

Leave a Reply