ÅRETS FRAMSYNINGAR 2021

Teateråret 2021 har vore prega av pandemi og streik, og mange produksjonar er kansellerte eller utsett til seinare. Klassekampens meldarar gjer i dagens avis opp status. Sjølv om det ikkje er blitt like mange framsyningar som før, har avisa meldt til saman rundt 50 framsyningar. Ettersom teaterstenginga råka Oslo hardast, og eg freistar å dekkje resten av landet, har eg skrive heile 29 av desse meldingane. I tillegg har eg også skrive 11 meldingar for andre eller berre på bloggen.

Dei to framsyningane eg har trekt fram ved årets slutt er «Driv» av Cirka Teater og mange fleire, ei framsyning som var like mykje ein installasjon eller eit multimedialt kunstverk, og som både var ei feiring av Trondheim Kammermusikkfestivals 25-årsjubileum (eit år på etterskot) og at landet opna opp att (ei stakka stund) i haust.

Musikalane har ikkje den høgaste kred’en innafor scenekunsten. Difor er det godt å kunne trekkje fram ein representant for denne sjangeren som var så mykje meir. Nordland Teaters største satsting nokon sinne var ei oppsetjing av den svenske musikalen «Så som i himmelen», kjend frå filmen med same namn. Men det vesle regionteateret greidde å tilføre historia fleire nye dimensjonar og gjorde henne til noko langt meir enn ei sentimental tåreperse.

ÅRETS FRAMSYNING #1

«Driv»
Cirka Teater mfl. Nedre Elvehavn, Trondheim
Regi: Anne Marit Sæther, Gilles Berger og Espen Dekko

Cirka Teater sprenger stadig nye grenser. Til Trondheim Kammermusikkfestivals 25-årsjubileum gjekk dei saman med komponisten Ståle Storløkken, vokalgruppa Trondheim Voices, to trommeslagarar, ei rekkje dansarar, og Luftforsvarets Musikkorps, og laga noko av det mest sanselege, spektakulære og storslåtte eg har opplevd. Med magisk lyssetting og scenografi, og i 40 cm djupt vatn i den gamle tørrdokka på Trondhjems Mekaniske Verksted, ga dei oss ei visuell og musikalsk oppleving av det heilt sjeldne.

ÅRETS FRAMSYNING #2

«Så som i himmelen»
Nordland Teater, Mo i Rana
Regi: Morten Borgersen

I sin største og mest påkosta produksjon nokon sinne, greidde Nordland Teater å tilføre musikalen «Så som i himmelen» fleire nye dimensjonar og gjorde oppsetjinga til langt meir enn ei sentimental tåreperse. I Milja Salovaaras imponerande fleksible scenografi, og i Morten Borgersens regi og gode personinstruksjon fekk vi eit uvanleg samspelt og energisk ensemble, solide rolletolkingar, formidable songprestasjonar, og alt toppa av ein forrykande debut frå Karoline Dons som motoren i framsyninga.

ÅRETS FRAMSYNING – HEIDRANDE OMTALE:

Avisa gir ikkje plass til meir enn to framsyningar frå kvar av meldarane, men eg kunne tenkje meg å ta fram tre til. Eg lenker dei til meldingane eg i si tid skreiv i avisa og/eller på bloggen, så om de klikkar på namnet til framsyninga, kan de sjølve lese meir om dei på bloggen min.

«Utvik senior«
Regi: Nina Wester
Det dreier seg om «Utvik senior» av Nina Wester i samarbeid med Rimfrost Produksjoner og Hålogaland Teater, eit stykke framifrå doku-teater om stormaktspolitikk og forteiing, og korleis det har gått ut over heilt sakeslause fiskarar.

«Vástádus eana – The answer is land»
Regi: Elle Sofe Sara
På opninga av Festspela i Nord-Norge fekk eg høve til å sjå Elle Sofe Saras «Vástádus eana», ei sanseleg oppleving av dans, joik, lys og musikk. Eg plar vegre meg når det gjeld å skrive om dans, men her gjorde eg eit unnatak.

«Vi er krigere«
Regi: Trine Wiggen
Og i haust var eg på eit lite grendehus utanfor Fredrikstad og såg urpremiera på Monica Isakstuens «Vi er krigere» i Trine Wiggens særs varsame regi, og i ein scenografi som ga oss ein uvanleg autentisitet.

Leave a Reply