Rett og slett stor scenekunst

TEATER

HUMØR: Julebordet medan det ennå er god stemning. FOTO: ERIK JOHANSEN

«Alle tiders julebord»
Trøndelag Teater, gamle scene
Av: Hans Petter Nilsen, Ivar Nergaard og Nora Evensen
Regi: Nora Evensen
Med: Hans Petter Nilsen, Ivar Nergaard, Gunhild Hjertaas, Kathrine Strugstad og Kriss Stemland

Klassisk tragedie på sitt aller beste, og presentert i ei form som gjer det til folkeeige.

Det er openbert fleire måtar å skape stor scenekunst på. Det får vi tydeleg presentert på Trøndelag Teaters gamle scene i desse dagar. God dramatikk blir ikkje berre skriven av dramatikaren i si skrivestove eller av eit kollektiv på ei scene. Den kan også utvikle seg og bli foredla over år. I 1998 var det vesle teaterkompaniet «Adamseplene» (Hans Petter Nilsen, Ivar Nergaard og Klaus Sonstad) med som eit artig innslag i eit større førjulsprosjekt som heitte «Ramp i julelyset». «Adamseplene» blei etter kvart historie, og Nilsen og Nergaard, for ikkje å snakke om publikum, fann etter tre år ut at julebordsinnslaget var etla til noko langt større. Så laga dei to den ganske rølpete førjulskabareten «Alle tiders julebord». I nokre år blei han spela på Theatercafeen og Gamle scene på Trøndelag Teater før han fekk eit ambulerande tilvære på utestadar i Trondheim. Nå er framsyninga attende som gjestespel på Trøndelag Teater, og med regihjelp av Nora Evensen og sikker foredling frå herrane Nilsen og Nergaard, har framsyninga vakse frå å vere ein anekdotisk førjulspotpurri til å bli eit komplett, og ikkje minst særs godt stykke teater. Sjølv har eg sett dei fleste av oppsetjingane sia 1999, og har hatt gleda av å følgje med på utviklinga.

Opplegget er like enkelt som det er genialt. Alle har vi vore på julebord, ein fest med høge forventingar, men som ofte kan bli både rotbløyte, oppgjer med sjefen, frustrasjonsseminar og langt frå den hyggelege ouverturen til julehøgtida som institusjonen eigentleg skal vere. Ved å presentere eit lite julebord i det endå mindre, men etter kvart marknadsleiande nisjefirmaet Lager & Angeros, kan Ivar Nergaard og Hans Petter Nilsen portrettere og kommentere samtida, tidsanda, aktuelle politiske tema og ikkje minst menneskesinnet på eit både underhaldande og attkjenneleg vis. Kjell Rune Fjøstoft (Ivar Nergaard) er administrerande direktør og Svein Berg (Hans Petter Nilsen) er lagersjef i dette vesle firmaet som har spesialisert seg på sal av dobørstar. Og etter all uvissa, heimesitjinga og trøystespisinga under pandemien har dobesøka auka, og Lager & Angeros har opplevd ein eventyrleg salsauke. Så i år er det ekstra grunn til å feire. Som vanleg har dei kosta på seg musikk der Kriss Stemland på piano og Kathrine Strugstad på vokal presenterer amerikanske julesvisker i tradisjonen frå Nat King Cole til Frank Sinatra. Og Gunhild Hjertaas i serveringa syter for mat og rikeleg med drikke.

Gjennom åra er dei to typane utvikla og foredla. Fjøstoft er ein temmeleg ekkel sunnmøring med det han i alle fall trur sjølv, er litt meir intelligens og kulturell kapital enn den andre. Men når alkoholinntaket aukar, blir det ikkje mykje att av den klassiske danninga, og historiene og vitsane hans, for ikkje å snakke om påfunna, blir berre plumpare og plumpare. Og bak den tidvis ganske skråsikre fasaden skjuler det seg ein tragisk og temmeleg ynkeleg fyr. Svein Berg, derimot, har kanskje ikkje all verdas intellekt, og han har ikkje forstand på metaforar. Men han har til gjengjeld ein sosialdemokratisk ryggmargsrefleks som gjer at han veit akkurat når det er nok. Der Fjøstoft freistar å halde på ein viss fasade, ligg kjenslelivet til Svein Berg tjukt utanpå han. Og sjølv om Berg også er einsleg og djupt tragisk, er han likevel ein person til å bli verkeleg glad i. Gjennom alle desse åra har Nergaard og Nilsen fått reindyrke dei to til den reine perfeksjonisme, og det er heilt fantastiske personportrett dei gir oss.

Humoren deira er dryg, men ikkje verre enn det som kan vere vanleg i slike lag, og eg har dei to mistenkt for innimellom nærast å teste ut kva som er publikums tolegrense for når det ikkje lenger er artig. I dagens krenkeregime, kan sikkert mange meine at mykje av det som blir presentert er langt over streken. Men førebels er reaksjonane gode fordi dei fleste forstår kva som ligg bak, og at dette ikkje eigentleg er bad taste-humor, men i staden skarp harselas med nettopp den typen humor.

Til Lager & Angeros sitt vesle julebord er det altså også leigd inn musikk, men den blir stadig avbroten av alle innfalla til dei to gjestane og Strugstad og Stemland får ikkje fullført så mange av songane. Det er sjølvsagt ganske kleint, og etter kvart når det også ei tolegrense. Det gjer det også for den myndige serveringsdama Gunhild Hjertaas som til slutt set skapet ettertrykkeleg på plass. Men før det har ho levert ein herleg parodi på menyjåleriet som har tatt fullstendig overhand på ein del spisestader. I staden for å få nyte maten og taffelet i fred, blir gjestane stadige avbrotne av lange kåseri om stuttreist fermentert ditt og datt frå kua Guro på Frosta eller geita Heidrun i Meldal.

Hovudsettinga i «Alle tiders julebord» er stort sett den same frå år til år, men drøset ved bordet endrar seg med samtida. I år var det sjølvsagt både pandemi og stortingsval som blei kommentert og debattert. I tillegg til mykje anna. Personleg fann eg også dialogen betre og meir flytande enn nokon gong. Han var mindre episodisk og langt meir naturleg enn det eg har opplevd tidlegare.

Hans Petter Nilsen og Ivar Nergaard kan etter kvart desse to rollene ut og inn, og dei leverer i røynda karakterspel av verkeleg høg klasse. Gunhild Hjertaas er trygg og myndig i rolla som serveringsdame. Kathrine Strugstads stemmeprakt og skodespelarerfaring, til solid tonefølgje frå Kriss Stemland, gir akkurat den julestemninga eit julebord bør ha. Tidlegare har ensemblet gitt publikum den same julestemninga med ein finale som eit kraftig brot der dei to festdeltakarane og Hjertaas trer ut av rollene og blir med musikarane på framføring av The Pogues ikoniske julesong «Fairytale of New York» i ei framifrå omsetjing dei har gjort sjølve. Men i år har dei laga ein langt meir elegant overgang der den same songen blir ein naturleg og integrert del av framsyninga og ein nydeleg illustrasjon på dei to forhutla menneska vi er blitt presenterte for.

Eg starta denne meldinga med at det var mange måtar å skape stor scenekunst på. Hans Petter Nilsen og Ivar Nergaard har gjennom to tiår slipt og foredla dette stoffet, og med hjelp av Nora Evensen har dei nå skapt eit komplett og ikkje minst særs godt stykke norsk scenekunst. Publikum elskar det dei får servert, og alt er utseld. Men dei som trur at dette berre er uhøgtideleg og artig førjulshumor, må gjerne tru det. Men det er milevis frå sanninga. I røynda er dei vitne til eit stykke klassisk tragedie med alle tragediens ingrediensar. «Alle tiders julebord» er, tru det eller ei, blitt eit komplett stykke teater som kan måle seg med det meste av norsk scenekunst.

Leave a Reply