Eksperimentelt og godt

TEATER

SPOOKY: Eit møte i parken blir skilsetjande for Kim.
FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

«Skyggen av et liv»
Nattframsyninga, UKA 2021, Cirkus, Studentersamfundet i Trondhjem
Av Bendik Johansen, og Jørgen Mathias Danielsen Sollie
Regi: Aksel Adrian Langum Øien
Scenografi: Ane Forseth
Kostyme: Ingunn Nysæter
Med: Jacob Hågensen, Elise Hegstad, Mathias R. Myrvoll, Tomine Øyen, Fredrik L. Paulsen, Maria Grankvist Buhaug og Eirin Wågan

Ein god og intelligent tekst, stram regi, og godt spel. Kva meir kan ein ønske seg?

Heilt sia UKA-95 sette eit støkk i alle oss som var til stades på den første nattframsyninga «Vi kjente ham i grunnen ganske godt», ei oppsetjing som framleis står som noko av det beste eg har sett, har det vore tradisjon å produsere litt svart og utforskande teater under UKA. Dette har vore SIT sin verkstad og leikegrind der det ikkje berre var lov, men ei plikt å eksperimentere, og det med stor fallhøgde. Med eit slikt utgangspunkt har det sjølvsagt vore produsert både likt og ulikt i åra etter, og det er neppe noka overrasking at avstanden til den første framsyninga har vore ganske stor. Godt er det difor å kunne melde at årets nattframsyning er eit langt steg i riktig retning, og ei oppsetjing som fortener eit stort publikum, for her var det meste på plass.

Nattframsyninga skal i tillegg til å vere eksperimentell, ofte også være litt svart eller dyster, og «Skyggen av et liv» føyer seg godt inn i denne tradisjonen. Kim (Jacob Hågensen) som nyleg har mista systera si, Aurora, kjenner både på skuld og skam, men vennegjengen og særleg kjærasten (Elise Hegstad) får han på føtene att. Men på ein typisk trøndersk sommardag når gjengen møtest i parken, skjer det ganske spooky saker. Kim kjem i snakk med to originalar eller uteliggjarar, Fritz (Mathias R. Myrvoll) og Abel (Tomine Øyen), og det blir ei skilsetjande samtale for han. Fritz held ein filosofisk og intrikat monolog der han med stor innsikt og klokskap fortel om kva ein ser og ikkje ser, og syner samstundes at han veit meir om Kim og Aurora enn ein kunne vente.

Eg skal halde meg frå å fortelje meir frå handlinga for her er overraskingar, cliffhangers og forteljingar i retrospekt i ei stor, intrikat og herleg blanding. Grensene mellom dette livet og kva som er på andre sida, eller skuggane for den del, er flytande. Og sjølv den mest innbarka realist let seg villig forføre inn i det okkulte, eller kanskje rettare det som måtte vere på andre sida. Effektiv bruk av skuggebilde, skjønnånda Umbra (Eirin Wågan) og ein uvanleg god og intelligent tekst med mange lag og imponerande bruk av allitterasjon gjer denne framsyninga til ei ettertenksam og sanseleg oppleving. Dei to tekstforfattarane, Bendik Johansen, og Jørgen Mathias Danielsen Sollie, har ausa av overskot, men samstundes halde ei streng line så her er få daudpunkt og ingen transportetappar. Regien er også stram, personinstruksjonen overraskande god, og skodespelarane er neddempa og særs truverdige, utan unnatak. Eg skulle gjerne ha sagt meir om denne framsyninga, men vil ikkje øydeleggje overraskinga, og vil heller tilrå at flest mogeleg ser henne. For dette er faktisk godt og velspela teater.

Leave a Reply