Attende til normalen?

REVY

ELLEVILL: Den ekstremt smale trøndersporten «basse» med kuler av oppklipte sykkelslangar i ein ikkje heilt nøktern presentasjon. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

«Razzmatazz»
UKA-21, Studentersamfundet i Trondhjem
Av Forfattarkollegiet og komponistkollegiet
Regi: Ida Norskaug og Andreas Gregersen
Kapellmeister: Halvard Huldt-Nystrøm
Scenografi og kostyme: Kulissegjengen og Kostymegjengen
Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT) Nora Bjørvig Henriksen, Inga Ragnhild Skogseth, Fredrik Vildgren, Thea Kristine Fremstad, Hanna Breen Gravem, Jacob Wulff Wold, Martin Næss og Rikke Skindlo.

Trondheimsstudentane feirar at pandemien er over, men med mange såre undertonar.

I ein meir enn hundreårig tradisjon har Trondheimsstudentane annakvart år feira både seg sjølve og byen. Med eit par tusen friviljuge, eit utal av konsertar, teater og seminar er den tre veker lange UKA-21 landets desidert største kulturfestival. Motoren i det heile er revyen, og sjølv om dette er ein dugnad av glade amatørar, har UKE-revyane vore trendsetjande og nyskapande for norsk revytradisjon, og mange er dei songane som er blitt del av den norske vise- og allsongarven.

I helga var det premiere på UKE-revyen «Razzmatazz», eit namn som signaliserer at nå er det endeleg slutt på pandemi og isolasjon. Nå kan ein feire og gå vidare. Det er også gjennomgangstemaet i revyen. Forfattarkollegiet og dugnadsgjengane har som vanleg arbeidd i halvtanna år, men spesielt denne gongen er at berre to veker før urpremieren visste dei ennå ikkje om dei kunne spele for 20 eller 600. Alle nummera som feira pandemiens slutt tyder på at dei satsa på det siste, men eitt av revyens beste innslag omhandla også konsekvensane av pandemien.

Ein god revy skal vere ei blanding av alvor og skjemt, av politisk satire og tull og tøys, og ikkje minst av eit blikk som både ser verda og studentanes eigen navle. I tillegg skal det være ei Trondheimsvise, ei drikkevise og ei studentvise. Denne revyen har alle desse sidene, og ofte med ei litt uventa vinkling. Til eigenkomponert musikk frå eit kompetent orkester, godt synleg på dreiescena, tek det til med eit feiande opningsnummer om at nå er forbodstida endeleg forbi. På eit vis tok dei oss attende til dei førre tjueåra, og personleg fekk eg gjennom både scenografi og framføring «Cabaret»- og fin-de-siècle-assosiasjonar. Utan at eg veit om det var tilsikta.

Det åtte personar store ensemblet starta litt famlande med ein del uforløyste og overspela sketsjar. Men så tok det etter kvart av. Meiningslaus, men intelligent tull og tøys kan vere revy på sitt beste, og eit prov på det var eit hysterisk artig innslag om noko så prosaisk som at ei sak har to sider, men ein klut minst åtte, presentert med den fingerspisskjensla og timinga som gjer at poenga sit. Eit tilsvarande nummer var presentasjonen av eit instrument som kunne hjelpe deg med enkle svar i inkjeseiande samtaler.

Trondheimsvisa denne gongen baud på ein ny vri med ein metasong om kor mange viser denne byen eigentleg kunne tole. Lokalpolitiske forhold blei tatt opp i fleire innslag som sexklubben til ein nær slektning av ordføraren, og Odd Reitans oppkjøp av halve byen. Men det som verkeleg sat, var to songar om meir aparte sider ved Trondheim og Trøndelag. Som at Trønder-sodd, ei tunn kjøtsuppe skal vere festmåltid, og eit ellevilt innslag om den ekstremt smale idrettsgreina «Basse» som ingen utanfor Trøndelag har høyrt om.

Høgdepunkta for meg var to heilt ulike sider av kva ein revy kan vere. Ei vakker og trist vise om einsemd i ei koronatid, framført berre til eige pianoakkompagnement. Og ei ellevill og særs allsongvennleg vise om at nå er alt attende til normalen. Vi trur sjølvsagt det handlar om pandemien, men her er det storpolitikken som er tatt på kornet utan at eg skal røpe meir.

«Razzmatazz» er blitt ein velspela og underhaldande revy, framleis litt uferdig, men absolutt i tråd med det beste av UKE-tradisjonane.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 13. oktober 2021.)

Leave a Reply