Leikent og humoristisk

TEATER

GODMODIG: Korkje Kaptein Krok eller sjørøvarane hans er så veldig skumle, sjølv om barna openbert ikkje likar seg i fangenskap. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

«Peter Pan»
UKA-21, Cirkus, Studentersamfundet i Trondhjem
Av Erling Pedersen, fritt etter J.M Barrie
Regi: Aasta Valen
Scenografi: Ella Indstøy
Kostyme: Anna Bowe
Komponist og kapellmeister: Amund Skretting Bergset
Med: Tord Sommer, Sigrid Festøy, Ali Waarieh, Nikolay Elven, Vida Hofsøy-Woie, Ingrid Marie Lunder, Marte Sonni Guldvog, Agnete Berge Skår og Kari Melhuus Jenssen

Ei leiken og humoristisk oppsetjing med mykje magi og ganske greie skurkar.

Sia 1977 har det vore tradisjon å setje opp barneteater under UKA, og det har vore ein god miks av sjølvskrivne stykke og dei meir klassiske historiene. I år er det «Peter Pan» som blir sett opp i Cirkus på fengselstomta. Historia er over hundre år gamal og skriv seg frå den skotske forfattaren James Matthew Barries teaterstykke frå 1904 og romanane hans frå same tida. Studentersamfundets Interne Teater (SIT) har late Erling Pedersen skrive om stykket, men jamvel om her er ei rekkje moderne og populærkulturelle referansar og avstikkarar, er han tru mot sjølve historia. Og det er blitt ei leiken, humoristisk frodig og ganske velspela oppsetjing.

Peter Pan stakk av frå foreldra sine rett etter fødselen i redsle for å bli gamal. Han har busett seg på eventyrøya Aldrilandet saman med attgløymde barn, alvar, indianarar og havfruer. Dei lever i ein slags våpenstillstand med piratane til Kaptein Krok og ein stor krokodille. Saman med fea Tingeling kjem Peter ein dag flygande inn gjennom vindauget til familien Darling i London der foreldra skal i selskap så storesyster Wendy får i oppgåve å passe litlebroren John-Michael. I originalen er dette siste natta til Wendy som barn, for nå skal ho flytte i eige rom. Og ho har to småbrør som heiter John og Michael, men som nå altså er slått saman til ein. Peter og Tingeling tar med seg Wendy og broren til Aldrilandet der Wendy får ansvar som mor for dei morlause, og den som kan fortelje historier til barna. Så er det sjølvsagt duka for litt action med både krokodilla og dei vonde sjørøvarane som viser seg å ikkje vere så fæle likevel, men eigentleg ganske sjarmerande.

Historia om Peter Pan har eit utal tolkingar og lag, og kan slik sett treffe både gamal og ung. Her er på eine sida redsla for å bli vaksen, menn som ikkje vil ta ansvar, ødipale morsbindingar og mykje seksuell undertekst. For ungane på andre sida, er det ei spennande og magisk historie om ei draumeverd og litt ikkje så veldig skummel kamp mot det vonde. I denne oppsetjinga er dei ulike vaksentolkingane tona ned til ganske forsiktig undertekst, medan det er magien, og ikkje minst leiken og humoren som blir framheva.

Peter (Tord Sommer) er ein samansett fyr, litt helten som ordnar opp med Kaptein Krok, men samstundes ein ganske stusseleg kar som ikkje heilt får orden på livet sitt. Båe desse sidene blir godt tatt vare på, og Sommar spelar både særs energisk og truverdig. Wendy (Sigrid Festøy) er framsyningas fornuft, ei som på terskelen til vaksenlivet tek ansvar, og dette greier ho fint utan å bli moralist eller nokon tante Sofie. Men ein artig vri er at SIT har laga litt metateater med referansar til annan populærkultur, og på scena blir det klårt uttrykt at dette er så absolutt ikkje Kardemomme by! Tingeling (Vida Hofsøy-Woie) er ei komplisert rolle det ikkje alltid er like enkelt å tolke, men Hofsøy greier dei ulike sidene bra. Ho er på eitt vis partnaren til Peter, men samstundes går ho stadig eigne vegar og er ikkje heilt til å lite på. Ho er språklaus, men kommuniserer effektivt med miming. I denne oppsetjinga lever ho på mange vis sitt eige liv, og er like ofte ute blant publikum som oppe på scena. Kaptein Krok (Ali Waarieh) er ein myndig sjørøvarkaptein som er besett av å hemne at Peter i si tid kappa av han handa. Men i Waariehs tolking er han også ein godmodig kar, glad i søtsaker og, som det syner seg til slutt, – ein mann av ære. Sjølv om spelet jamt over var bra, må eg til slutt få trekkje fram Kari Melhuus Jenssen som spela mange små roller, men med eit så stort komisk talent at ho greidde å lage humoristisk konfekt ut av dei alle.

I Barries originalmanus er det eit svært rollegalleri, men i denne oppsetjinga er alvane, indianarane og havfruene nokon vi berre så vidt høyrer om. Likevel spelar det ni personar store ensemblet ei rekkje roller, og sceneskifta er mange. Nokre av dei blir nok vel synlege sjølv om det hjelper godt at orkesteret formidlar musikalske overgangar og gjer kunstpausane mindre. Musikken følgjer handlinga fint, og skapar gode stemningar, men i starten var han vel høg slik at det ikkje alltid var like enkelt å høyre kva som blei sagt.

Scenografien var enkel og funksjonell, men kanskje noko sparsam. Samstundes var det mange klossar å flytte på i samband med sceneskifta. Her kunne nok scenograf og regissør stramma inn litt. Elles tar regien til Aasta Valen godt vare på dramaturgi og handling, og personinstruksjonen er også gjennomgåande god.

SIT og forfattar Erling Pedersen har med denne oppsetjinga av «Peter Pan» laga ei framsyning med fart, litt magi, og svært mykje humor. Alle dei meir moderne og populærkulturelle referansane fungerte godt og gav ein ekstra dimensjon. Personleg kosa eg meg med det eg såg, men eg er litt usikker på i kor stor grad dette treff småskuleungane, eller om det berre er godt barneteater for oss vaksne?

Leave a Reply