Så mange spørsmål

TEATER

HOPP: Eg ville det ikkje, – eg berre gjorde det, seier Den eine. Den andre står att med spørsmåla. FOTO: ESPEN STORHAUG

«Eg er vinden»
Turnéteatret i Trøndelag, Verdal
Av: Jon Fosse
Regi: Nora Evensen
Scenografi: Milja Salovaara
Komponist: Magnus Børmark
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Med: Terje Ranes og Tore B. Granås

Eit forsiktig men vellukka brot med Jon Fosses scenetilvising.

Jon Fosse skreiv «Eg er vinden» i 2006, og stykket blei sett opp på Nationaltheatret året etter til særs gode kritikkar. Men med unntak av eit par gjestespel under Fossedagane på Det Norske Teatret tidlegare i haust, er ikkje dramaet sett opp her i landet før det sist onsdag hadde premiere på Turnéteatret i Trøndelag.

«Eg er vinden» handlar om to personar, «Den eine» (Terje Ranes), og «Den andre» (Tore B. Granås). Det startar med at Den eine har tatt livet av seg ved «berre å gjere det». Resten er ein tenkt dialog mellom dei to der Den andre i retrospekt freistar å nøste opp kva som hende og kvifor. Før det heile endar der det starta med at Den eine hoppar på sjøen og druknar. Og den andre sit att med spørsmål, fortviling og kanskje skuldkjensle.

I Fosses tekst er det tydeleg at Den eine er ein mann, medan det er uklårt kva kjønn Den andre har. Teksten seier heller ikkje så mykje om kva for relasjon dei to har, i det heile fortel Fosse lite anna enn det som faktisk skjer. Og i tilvisinga hans skriv han at «Eg er vinden speler seg ut i ein tenkt og så vidt illudert båt, og handlingane er også tenkte, og skal ikkje utførast, men illuderast.»

I Nora Evensens regi har ho både vore lojal mot teksten og utfordra han. Framsyninga blir spela ord for ord utan strykingar. Det er også eit greitt val å spele båe aktørane som menn. Men i ein overdriven iver etter å lage pedagogisk teater om sjølvmord, gjer programmet eit poeng av at dei to er nære venner som har vore der for kvarandre så lenge dei kan hugse. Det er det ikkje dekning for i teksten, og det er heller ikkje noko i framsyninga som skulle tyde på gamalt nært vennskap. I teksten ligg det derimot nokre svake, men tydelege erotiske undertonar som godt kunne ha vore spunne vidare på, for er det kanskje eit forhold mellom dei to?

Og så har Evensen brote fullstendig med Fosses scenetilvising om at handlinga berre skal illuderast og ikkje utførast. Ho har laga ei varsam dramatisering der det heile blir spela på dekket av ein seglbåt, og der handlinga, som skulle vere berre tenkt, blir ganske konkret. Det siste opplever eg personleg som eit godt val og gjer nok at det er enklare for publikum å følgje historia.

Scenografien til Milja Salovaara er ein trebåt med tett dekk og med draperi som kan minne om eit stort råsegl. Det er ei ganske forsiktig fysisk møblering, men gir likevel ei fin og forståeleg ramme om det som skjer. Saman med effektiv lyssetjing av Ingrid Skanke Høsøien og Magnus Børmarks like varsame musikalske bakteppe får ein fram stemningar og situasjonar utan at det blir påtrengjande.

Jon Fosses dialog kan verke stutt, litt oppstykka og fell ikkje alltid så naturleg. Eg plar vere kritisk til at nynorsk dramatikk i Trøndelag som oftast skal omsetjast til trøndersk, men her fungerte det. Både Ranes og Granås fekk nytte sine ulike trønderske dialektar, og det førte til at dialogen med eitt blei mykje meir truverdig, og ikkje minst naturleg. Dei to har fått heilt ulike spelestilar der Tore B. Granås er kjenslemennesket som viser både glede over livet, redsle og meir til. Medan Terje Ranes har ein kjøleg distanse til rolla, og blir ein person vi forstår har problem, men som vi aldri kjem heilt innpå. Dei to står godt til kvarandre, og det er vel som det skal vere at vi sit att med fleire spørsmål enn svar når ringen er slutta og Den eine seier: «No er eg borte. Eg er borte med vinden. Eg er vinden.»

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 25. oktober 2021.)

Leave a Reply