Rekviem for den siste pølse

TEATER

KLIMAFORKJEMPAR: Med entusiasme og stor energi leiar Sigrid (Husjord) oss gjennom ei avskil med den siste grillpølsa. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Skal vi grille?»
Rotvollfjæra, Trondheim
Idé, regi og scenografi: Sir Grand Lear
Manus: Lea Burrows og Troels Thorsen
Koreografi: Asrun Magnusdottir
Komponistar: Tobias Hellmann og Kristoffer Rosing-Schow
Med: Sigrid Husjord

Under kyndig leiing av eit fyrverkeri av ein skodespelar blir vi med på avskila med den siste grillpølsa i eit eksistensielt og halvreligiøst oppgjer med eiga haldning til klimaspørsmålet.

Kloden går til helvete. Og det går opp for fleire og fleire at om vi skal redde klimaet, må noko drastisk gjerast. Men kva er dei rette tiltaka? Og vil vi gjere det som er naudsynt dersom den private kostnaden eller offeret blir for stort? Dette er dei store spørsmåla som teaterkompaniet Sir Grand Lear tek opp i ein artig, velspela og tankevekkjande liten humoreske. Temaet er grillpølsa, – elska og underkjend. Den som alle i familien kan samle seg om, den som kjapt stiller svolten når du ikkje har tid til eit fullt måltid, og som trass i selskap av dyre steiker og anna barbecue-snadder likevel er den viktigaste ingrediensen når vi samlar oss til grilling og festleg lag. Og som, – berre vedgå det, – faktisk smakar ganske godt. Men som altså er eit kjøtprodukt. Og skal vi redde kloden, må vi redusere kjøtforbruket. Men er vi villige til å ofre pølsa?

Det er i alle fall Sigrid (Sigrid Husjord). Ho har invitert til eit siste grillmåltid i Rotvollfjæra der vi i ein semireligiøs seanse er med på å ta farvel med pølsa. Sigrid har lese seg opp på klima-avtalar, rapportar og statistikk og leverer faktabasert kunnskap så det held. Ho vedgår ope at i valet mellom det ho kallar «bensert» og gourmetrestauranten Credo, vel ho grillpølsa på bensinstasjonen. Men nå er det slutt. Og det er ikkje kva som helst for ein finale vi er inviterte til. Dette skal vere CO2-nøytralt, så ho har rigga opp ein sykkel på ruller. Den ladar eit batteri der straumen går vidare til ein grill. Og der ligg den siste pølsa. Ho har lese at 40 proffsyklistar er nok til å halde nokre hus med straum (rett nok utanom varme, men lell…), og til å sykle og generere straum har ho vald seg 13 år gamle Anna, for det er jo hennar generasjon Sigrid skal redde. At det syner seg å ta ganske mange timar å generere nok energi for å få grilla den stakkars pølsa, får bli ei bisak. For denne avskilsseansen syner seg etter kvart å bli nesten noko eksistensielt, både for Sigrid og oss.

GRAVFERD: Eit siste farvel til pølsa.

Som deltakarar i det heile, står vi i ring rundt grillen som nesten kan bli som eit alter der offeret skal gjerast. Og Sigrid held oss i age på eit utal kreative vis med eit minst like kreativt program, eller klima-guide der vi må både synge, danse og vedgå våre klimasynder. Men det er håp, for vi får tilgiving. Slik publikumsdeltaking blir som oftast ganske kleint for dei fleste av oss, men i denne oppsetjinga var det faktisk berre artig. Og hovudårsaka til det er at Sigrid Husjord fyller rolla så energisk, sjarmerande truverdig og full av liv at det var berre å gi seg med og over. Ho var eit fyrverkeri av ein skodespelar, og nesten utan daudpunkt heldt ho det gåande med høg temperatur og eit enormt tempo i vel ein time. Sigrid Husjord er norsk, men om du ikkje har høyrd om henne, skuldast nok det at ho etter utdanning i København og New York i hovudsak har spela i Danmark der ho mellom anna har fått ein Reumertpris for beste kvinnelege birolle, tilsvarande den norske Heddaprisen. Og for tida er ho tilsett på Det Norske Teatret og Rommen scene, så det blir etter kvart mogeleg å sjå meir til henne, også for eit norsk publikum.

Teatergruppa som står bak dette prosjektet som blir spela samstundes og i eigne produksjonar både i Danmark og på Island, er Sir Grand Lear. Det blei starta i 2014 av danske Lea Burrows og norske Ingvild Rømo Grande, båe scenografar. Det var opphaveleg eit scenografiselskap, men har etter kvart blitt eit teaterkompani som i følgje eigen heimeside spesialiserer seg på å setje opp produksjonar der skiljet mellom sal og scene blir eliminert. Det har dei til fulle greidd med denne oppsetjinga. Innhaldet i denne produksjonen er sjølvsagt livsviktig, og temaet høgst alvorleg, men tilnærminga er naivistisk og humoristisk. Og faktisk også full av overraskande dramaturgiske brot. Når dei i tillegg får eit slikt oppkome av ein skodespelar til å vere verten vår i det som vel eigentleg er ei tunn og litt banal historie, så er det gjort på eit så kreativt og artig vis at vi trur fullt og fast på både engasjementet og overtydinga til Sigrid, og vi let oss rive med.

Framsyninga er også blitt spela på to andre sjønære plassar i Trondheim, og då med Berit Rusten (Sjøbadet) og Øyvind Brandtzæg (Korsvika) i hovudrolla. Og «Skal vi grille?» vil dukke opp att etter dette, så det er viktig å følgje med om du vil vere med på å redde kloden, eller kanskje berre ha ei litt spesiell teateroppleving.

Leave a Reply