Kjem ikkje vidare

TEATER

AVSTAND: I eit upersonleg gravkapell blir avstanden stor både fysisk og mentalt. FOTO: ERIK BIRKELAND/TINGH

«Gift»
Teatret Vårt, Molde
Av: Lot Vekemans
Omsett av: Arne Lygre
Regi: Victoria Meirik
Scenografi: Norunn Standal
Lyddesign: Håkon Elias Pettersen
Lysdesign: Norunn Standal og Jonas P A Fuglseth
Musikk: Daniel Herskedal
Med: Johanna Mørck, Bjørnar Lisether Teigen og Daniel Herskedal

Eit tidlegare ektepar møtest etter 11 år, og trass i ein tung felles lagnad har dei lite å prate om.

Nyttårsaftan i 2009 tek «Han» (Bjørnar Lisether Teigen) med seg to koffertar og dreg frå «Ho» (Johanna Mørck) som han har vore gift med i nokre år. Elleve år seinare møtest dei att i gravkapellet på det som var den felles heimplassen deira. Der ligg også sonen Jakob gravlagd. Dette er settinga i «Gift» som torsdag hadde norgespremiere på Teatret Vårt i Molde. Stykket hadde urpremiere i 2009, og er skrive av den nederlandske dramatikaren og forfattaren Lot Vekemans (f. 1965). Ho er til nå lite kjend her i landet og berre ein av dei mange romanane hennar er omsett til norsk. I «Gift» held Vekemans og regissør Victoria Meirik korta tett inntil brystet og avslører historia lag for lag. I starten er det ikkje mykje å forstå anna enn at Han og Ho har ei sams fortid og nå møtest for første gong på lenge.

Til dette gravkapellet kjem dei to på ein regnvåt dag. Samtalen går trått, og det er openbert at det er ei forhistorie som gjer det vanskeleg å kommunisere. Gradvis får vi vite at dei møtte kvarandre for tjue år sia, gifta seg, fekk sonen Jakob som blei drepen i ein påkøyrsel, og at Han berre stakk av og flytta til Sverige i 2009 medan Ho blei att. Nå møtest dei fordi grava til sonen skal flyttast ettersom gravplassen er forgifta. Det siste er ei historie som er vanskeleg å tru på, og som viser seg å vere nettopp det.

I Victoria Meiriks regi følgjer vi dette tidlegare ekteparet i nokre få intense timar i gravkapellet. Han er tilsynelatande velfungerande, arbeider som journalist og held på å skrive ein roman som er dels sjølvbiografisk. Ho bur på same plassen, kjem seg ikkje vidare, dyrkar sorga og er full av agg og bebreidingar. Samtalen er naturleg nok klein og anstrengt, men i Arne Lygres omsetjing er han likevel både truverdig og munnleg. Men i staden for at denne dialogen skal føre oss, eller dei to på scena, vidare, blir han meir ein situasjonsrapport om to heilt ulike måtar å takle sorg og sakn. Så lenge vi blir haldne på pinebenken og får nyfikna vår pirra, er dette spennande og interessant. Men når det meste er avkledd, er det diverre lite att å fortelje, og framsyninga tar til å gå på tomgang. Rett nok er det mange brot og stemningsskift undervegs, men dei fører ikkje til noko, og kjem ofte brått og ganske umotivert.

I Norunn Standals scenografi er salen ein stor black box der det er stilt opp rundt 200 tomme stolar på golvet medan publikum sit i to radar langs veggane. To personar i ein slik stor sal illustrerer sjølvsagt både fysisk og mental avstand, men gjer også at vi som publikum ikkje kjem tett nok på det som skjer.

På scena er to av Teatret Vårts mest røynde skodespelarar. Dei (Bjørnar Lisether Teigen og Johanna Mørck) leverer gode og solide tolkingar, men både tekst og regi har gitt dei for lite å spele på. Det som bergar framsyninga, og gjer at det likevel kjennest som det skjer noko, er at Daniel Herskedal har skrive melankolsk og sår musikk som han sjølv framfører på horn. Han både kommenterer og blir aktiv del av framsyninga, og skapar med det vare og illustrerande stemningar.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 30. august 2021.)

Leave a Reply