Ikkje heilt overraskande

KOMMENTAR

Etter at Renate Reinsve vann prisen for beste kvinnelege skodespelar i Cannes, skriv mange som om ho brått dukka opp frå inkje. Sanninga er ei heilt anna.

BRÅSTART: Alt i sitt første år etter Teaterhøgskulen, i 2014, vann Renate Reinsve ein Heddapris, norsk teaters høgaste utmerking. FOTO: HEDDAPRISEN/ØYVIND MARKUSSEN

Renate Reinsve har vunne ein av dei gjævaste prisane ein skodespelar kan oppnå, og gratulasjonane er sjølvsagt mange og fortente. Verdspressa undrar seg over korleis ein så dyktig skodespelar har gått under radaren så lenge, og Aftenpostens meldar oppdaga henne ikkje før for eit par år sia. Men for dei som følger litt meir med i scenekunstfeltet (og for så vidt også på filmlerretet) er Renate Reinsve faktisk ein av dei mest meritterte skodespelarane i Norge, og dette trass i at ho er berre 33 år.

Renate Reinsve var ferdig utdanna på KHIO (teaterhøgskulen i Oslo) i 2013 og fekk straks engasjement på Trøndelag Teater der ho debuterte i september 2013 i Marit Moum Aunes oppsetjing av «Peer Gynt». Allereie i den tredje produksjonen ho var med i, som læraren i «Besøk av gammel dame» av Friedrich Dürrenmatt i regi av Tyra Tønnessen, gjorde ho seg særs bemerka. Så god var denne tolkinga at ho vann Heddaprisen for beste kvinnelege medspelar i 2014. Det er ikkje så mange som vinn ein Heddapris allereie det første året som skodespelar.
Berre tre produksjonar seinare, i starten av sitt andre år etter eksamen, vekte ho nok ein gong oppsikt. Som Maja Rubek i «Når vi døde våkner», også den i regi av Tyra Tønnessen, blei ho nok ein gong nominert til Heddaprisen for beste kvinnelege medspelar. Denne gongen vann ho ikkje, men delt andreplass i NM i teaterkunst er absolutt noko å ta med på CV’en.

Som om ikkje dette var nok, blei ho i sitt tredje år som skodespelar nominert til Amandaprisen for beste kvinneleg birolle i filmen «Welcome to Norway».
Kva for andre skodespelarar i dette landet er det som i løpet av dei første tre åra etter utdanning får to Heddanominasjonar og ein Amandanominasjon, og vinn ein Heddapris? Eg trur Renate Reinsve er ganske åleine om denne bragda.

Etter gode læreår ved Trøndelag Teater flytta Renate Reinsve til Oslo der ho er tilsett ved Det Norske Teatret og har vore med i åtte produksjonar. I tillegg har ho medverka i fleire filmar og også fått tid til ein barnefødsel. Blant produksjonane på Det Norske Teatret, kan eg spesielt trekkje fram rolla som Frøya i Robert Wilsons «Edda» der heile ensemblet fekk Heddaprisen i 2017 for særleg kunstnarleg innsats. Altså nok ein pris.

Eg har vore så heldig å få følgje Renate Reinsves karriere frå ho gjekk ut teaterskulen for åtte år sia. Eg har sjølvsagt ikkje sett «Verden verste menneske», og sjølv om prisen i Cannes heng høgt over det meste, må eg vedgå at eg er ikkje veldig overraska over at ho gjekk heilt til topps som beste kvinnelege skodespelar. Renate Reinsve er ein skodespelar av dei aller beste i landet. Ho er uaffektert og naturleg, og særs nedpå med eit spel der dei bitte små nyansane utgjer heile forskjellen. Ho har eit scenisk nærvær som er heilt eksepsjonelt. Eg hugsar spesielt maratonoppsetjinga «Andre verdskrigen – Natt i verda» i regi av Erik Ulfsby der Reinsve i sin entré berre gjekk roleg, særs roleg, over scena. Eg meiner å hugse at ho ikkje sa eit ord, berre gjekk sakte over scena. Likevel gjorde ho det på eit vis som fekk meg til å føle at eg, berre gjennom denne enkle entreen, hadde hatt ei stor teateroppleving. Dette er Renate Reinsve i eit nøtteskal, ein meister i dei heilt ørsmå detaljane, ein skodespelar med fingerspisskjensle for dei avgjerande nyansane.

Så jamvel om eg ennå ikkje har sett filmen og rolletolkinga som ga henne pris i Cannes, er eg ikkje veldig overraska. Men eg gler meg stort på hennar vegner, og stiller meg sjølvsagt i rekkjene av gratulantar.

(Kommentaren stod i Klassekampen tysdag den 20. juli 2021, men blei først presentert på Facebooksida mi.)

Leave a Reply