Varsamt og vakkert om det vanskelege

TEATER

STORT: Under Fredrikkes stjernehimmel forstår både ho og vi at vi er del av noko langt større. Men at noko også er mikroskopisk lite. FOTO: EIRIK BØRSETH

«Supernova»
RAA Produksjoner, Vitensenteret i Trondheim
Manus og regi: Ane Aass
Videodesign: Tone Myskja
Musikk: Maria Kannegaard og Siri Gjære
Lyddesign: Erlend Solli Aune
Lyskonsulent: Sune Schjelderup
Med: Madeleine B. Nilsen

Ei uvanleg vakker og sanseleg teaterframsyning om noko av det mest tabuiserte som finst.

Det vesle teater- og produksjonsselskapet RAA Produksjoner har heilt sia starten i 2005 laga framsyningar for barn og ungdom der vanskelege og ofte tabuiserte problem blir behandla varsamt og med stor innleving. Slik er det også med den siste produksjonen deira, «Supernova», som hadde urpremiere i planetariet i Vitensenteret i Trondheim denne helga. Med nydelege, og lett forståelege metaforar tek dei denne gongen opp eit så vanskeleg tema som kva som skjer når ein av foreldra dine blir sjuk og dør.

Målgruppa for framsyninga er barn frå åtte år og oppover, og Fredrikke, hovudpersonen sjølv, er ei jente om lag på denne alderen. Fredrikke (Madeleine B. Nilsen) er ei heilt vanleg jente som bur saman med mor og far, og som lever eit relativt sorglaust liv. Det er mykje som tyder på at ho er ei skikkeleg pappajente. Så ein dag får ho vite at pappa er sjuk, at han har ein kul i magen som må opererast bort, og at det er kreft. Det er eit ord ho kan, og som ho forbind med død. Og når ho, som ein unge utan dei vaksne sine atterhald, spør direkte om pappa skal døy, blir svaret nei. I staden tek faren henne med ut under stjernehimmelen og fortel om den, om galaksar, endeløyse, om tid, vektløyse og om dei verkeleg store spørsmåla. For menneska har alltid stjernene og himmelkvelvinga bydd på symbolikk, myter og tolkingar, i tillegg til faktisk hjelp og assistanse. Pappa er tidlegare sjømann og fortel også om korleis ein før i tida navigerte etter stjernene.

Firmamentet byr som kjent på eit utal tolkingar og mogelege metaforar, og manusforfattar og regissør Ane Aass nyttar dei i rikeleg monn. Stjernebildet Kassiopeia består av fem stjerner, men slik har det ikkje alltid vore. Supernovaen SN 1572 eksploderte og forsvann. Når pappa fortel Fredrikke om det, undrar ho seg difor over om ho kanskje er del av familien Kassiopeia. På same vis blir det trekt parallellar til atom, celler, – og kreftceller. Kan ein sjå likskap mellom korleis ei stjerne og ein kreftsvulst oppstår? All metaforbruken er kreativ, pedagogisk og gjer at dette blir både forståeleg og underhaldande, – ja til og med underhaldande trass i den ganske mørke settinga. For pappa blir diverre etter kvart ein «supernova».

Under kvelvinga i planetariet i Vitensenteret er det berre ei seng, ein globus og ei stålampe. I dette rommet (i dobbel tyding) framfører Madeleine B. Nilsen historia som ein monolog. Ho har ei innleving og ei eiga evne til å framstå ungjenteaktig, og gir oss ei særs truverdig og levande tolking av Fredrikke. Vi blir med på heile reisa frå faren får diagnosen, gjennom alle forteljingane hans om stjernene og verdsrommet, gjennom operasjon og sjukdomsforløp der han ikkje lenger har same tolmod og humør som før, og til han blir ein supernova.

Trass i Madeleine B. Nilsens gode tolking, er det likevel framsyningas uvanleg vakre bruk av samspel mellom musikk, animasjon og spelet hennar som gjer at dette blir slik ei mektig teateroppleving. Kunstnaren Tone Myskja har laga opplevingsrike og fantastiske animasjonar, strekteikningar som utviklar seg til noko større og som nesten får eige liv når dei blir projiserte på den flotte himmelkvelvinga i planetariet. Og Maria Kannegaard og Siri Gjære har skrive musikk som er nydeleg, skjør og like varsam som resten av produksjonen. Slik blir denne vesle framsyninga på berre førti minutt ei sjeldan god sanseleg oppleving der eitt av dei vanskelegaste temaa som finst blir handsama på ein forståeleg, naturleg og forsiktig måte. Under Fredrikkes stjernehimmel forstår etter kvart både ho og vi at vi er del av noko større. Barn er mykje meir rasjonelle vesen enn mange trur, og gode forklåringar er alltid langt betre enn trua på at det er mogeleg å skåne dei for alt som er vondt og vanskeleg. Ane Aass har med denne produksjonen synt oss korleis også dei mest tabuiserte områda kan bli gitt eit kunstnarleg uttrykk og bli behandla både vakkert og varsamt.

(Ein forkorta versjon stod i Klassekampen tysdag den 23. mars 2021.)

One Response to “Varsamt og vakkert om det vanskelege”

  1. Forsker-Frederic sier:

    Ikke glem Planet-Pettter som styrer timinga til all videodesignet under forestillingen!

Leave a Reply