Heimstadlære

TEATER

BORTE: Med kartet i hand syner Marianne Meløy oss alt som forsvann i kommunereforma. FOTO: ESPEN STORHAUG

«Hei, kjære heim»
Turnéteatret i Trøndelag, Smia kulturhus, Leksvik
Av: Trønderhøns
Regikonsulent: Aslak Moe
Visuell utforming: Trønderhøns og Aslak Moe
Med: Marianne Meløy, Ingrid Bergstrøm og Siri Gjære
Musikk: Erlend Smalås og Kriss Stemland

Upretensiøst og sjarmerande om alt som knyter seg til det heimlege.

Med ujamne mellomrom har trioen Trønderhøns i mange år sett musikalsk, kritisk og ikkje minst humoristisk skråblikk på heilt vanlege og kvardagslege forhold. Dei tre er Siri Gjære, Marianne Meløy, og Ingrid Bergstrøm. På kvar sin kant har dei meir enn nok anna å halde på med, men frå tid til annan kjem dei saman og lagar kabaretar der dei auser av sitt overskot. Om det er noko som heiter feelgood-teater, så må det vere dette. Det er stundom godt å gå oppglødd og i godt humør ut av ein teatersal, og kanskje spesielt i tida vi nå er inne.

Det blir mykje heimeliv for dei fleste for tida, og då er det naturleg å setje søkeljoset på heimen, og alle fasettar av han. Heim er plassen vi kjem frå, staden vi bur, og det er ein metafor for å høyre til, for identitet og meir til. I ei lun setting med golvteppe og ein mjuk sofa tek dei tre oss med på ei musikalsk reise der dei i løpet av halvannan time er innom så ulike tema som kommunesamanslåingar, identitetspolitikk, namnetradisjonar, korsstingsbroderi og mykje meir. Dei er Marianne, Ingrid og Siri, og gjer det heile ganske nært og personleg ved å by på sjølve med ulike forteljingar frå oppvekst, bakgrunn og det heimlege.

Det tek til med uformell småprat med publikum. I bakgrunnen heng eit stort innramma flyfoto, som syner seg å vere frå Leksvik, kveldens arena. Dei tre spør salen om alt og inkje om staden og den nye kommunen Indre Fosen, og kommenterer og noterer flittig, før dei set i gong.

Marianne Meløy er ein god forfattar og ein minst like dyktig kåsør. Ho leikar seg med orda og serverer uvante vinklingar på det meste. Ingrid Bergstrøm og Siri Gjære kompletterer med sine historier, anekdotar og refleksjonar. Og saman med dei to dyktige musikarane Erlend Smalås og Kriss Stemland, byr dei på forførande musikk og eit drygt dusin songar, noko sjølvlaga og resten i ein litt blå og mollstemd country-tradisjon. Dei frir uhemma til publikum, og vi let oss villig forføre.

Framsyninga er laga for turné, og blir spela på eit titals ulike plassar. Sjølv såg eg henne i Leksvik og blei slått av kor mykje dette handla om det heimlege og kvardagslege akkurat der. Slik vil framsyninga endre seg frå stad til stad, og ikkje berre med små tilpassingar, men med store tekstlege og scenografiske endringar. Det ligg mykje arbeid og research bak dette, og det gir framsyninga ein ekstra lun og heimekoseleg dimensjon. Eg skal ikkje seie meir, men her ligg mange hyggelege overraskingar for den som er opptatt av og glad i heimstaden sin. Sjølv gjekk eg særs oppglødd ut i vinterkulda og kjende at det var godt å bli tatt med heim.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. februar 2021.)

Leave a Reply