Kvinnas tredje alder

TEATER

FRODIG: Tre fargerike og godt vaksne damer som løftar det dei kallar «kvinnas tredje alder». FOTO: HANNA FAUSKE

«Grrls over 60»
Rosendal Teater
Av: Panter Tanter Produksjoner
Manus: Creacion Colectiva
Regi: Panter Tanter/Azra Halilovic
Scenografi: Brit Dyrnes
Video: Hanna Fauske
Dans: Celine Meillaurd
Med: Kari Hustad, Sissel Horghagen og Berit Rusten

Fargerik og frodig feiring av kvinna i «den tredje alder».

Trioen Panter Tanter, som består av Berit Rusten, Sissel Horghagen og Kari Hustad, har i ei årrekkje vore eit opprørsk uroelement i trøndersk teaterliv. Med ikkje så reint lite ballast frå dei gamle propagit-teatera har dei skapt sin eigen sjanger og laga både tradisjonelle produksjonar og meir geriljaprega performance. Stundom er dei i overkant insisterande, men det dei gjer er alltid dagsaktuelt og aldri likegyldig.

Nå har dei laga ein produksjon som tek opp eit fenomen dei kallar «alderisme», og som handlar om aldring, og om folks og samfunnets haldning til eldre kvinner. Det er blitt ei utdjuping og problematisering av temaet, men kanskje vel så mykje ei musikalsk og scenisk feiring av godt vaksne kvinnfolk.

Med seg denne gongen har dei den langt yngre dansaren Celine Meillaurd. Det har vore eit godt val, for dansen hennar visualiserer og bind framsyninga saman slik at ho ikkje berre blir ei rekkje frittståande tablå. Det opnar med ein slags spastisk dans som eg oppfatta som ei tilbliing, knoppskyting eller fødsel, om du vil. For dette handlar om livet og livslaupet. Heilt til endes. I ein fargerik scenografi, laga av kunstnaren Brit Dyrnes, og i spektakulære kreasjonar fortel dei tre oss at dei vil attende til punken. Ikkje til musikken, men til opprøret. Og med knurrande r’ar fortel dei oss at «Grrrls over 60» er opprørske damer som mellom anna kviler på skuldrene av amerikanske «Guerrilla Girls» og russiske «Pussy Riot».

I ei mengd tablå der sceneskifta ikkje alltid er like saumlause, tek dei oss til ulike sider ved aldringa, til samfunnets usynleggjering og utstøyting, til skam over kropp og utsjånad, og til kva einskilde gjer for å stoppe og skjule det nokre ser som forfall, men som like gjerne kan kallast patina. Dei syner kva for ressurs eldre kvinner er, og at kulturlivet hadde vore nærast fritt for publikum og brukarar var det ikkje for det vi forakteleg kallar kulturkjerringar.

Og med videoprojeksjonar og ei blanding av ganske frivol humor og beiskt alvor, og ikkje minst gjennom ei rekkje flotte og velharmoniserte songar, tek dei oss med gjennom tematikken, og haustar stadig applaus for argumenta sine undervegs. Dei akkompagnerer sjølve songane med traktering av eit utal instrument henta frå alle verdas hjørne.

Denne fargerike og frodige framsyninga er noko av det mest komplette eg har sett av Panter Tanter. Den er mangefasettert og nyanserik, og sjølv om den nok kunne ha hatt godt av eit noko strammare regigrep, var det først og fremst ein flott hyllest til kvinnas «tredje alder», eit rungande ja til livet. Til heile livet.

Meldinga stod i Klassekampen fredag den 19. februar 2021.)

Leave a Reply