Godt å vere forelska

TEATER

TO BLIR EITT: I eit nydeleg koreografert samspel går dei to på scena nærast opp i eitt. FOTO: TERJE TROBE

«Forelska!»
Rosendal Teater, sal 2
Av Kompani Morell
Co-produsert av DansiT og Rosendal Teater
Konsept utvikla med: Emely Read & Nicolas Barton Wines
Regi: Ane Aass
Koreografi: Karoline Bergh Ellingsen
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Med: Karoline Bergh Ellingsen og Emilie Mordal

Leikent, varmt, humoristisk og velspela om kor fint det er å vere forelska.

Det er inga aldersgruppe som har monopol på å vere forelska. Jamvel om hormona herjar som verst i puberteten, og det er dei fertile åra etterpå som har fått hegemoniet både i litteraturen og dramatikken, er forelsking noko som kan skje med folk i alle aldrar. Det har den vesle gruppa Kompani Morell tatt tak i med ei vakker, varm, velspela og ikkje minst sjarmerande lita framsyning som hadde urpremiere på Rosendal Teater i helga. Kompaniet består av Karoline Bergh Ellingsen frå Trondheim og Emilie Mordal frå Klæbu (som frå kommunesamanslåinga i fjor også er Trondheim). Ellingsen er utdanna dansar og Mordal skodespelar, men båe har meir enn brukbar kompetanse på den andre sitt felt, og i denne framsyninga utfyller dei kvarandre på eit framifrå vis.

I ein enkel scenografi med ein benk som også kan vere reol, nokre puter og bøker fortel dei to at dei er Karoline og Emilie, og at dei har sett seg føre å lage ei framsyning om å vere forelska. Så dei har gått til forskinga, prata med folk og lese ei mengd kjærleiksromanar. Og med utgangspunkt i seg sjølve går dei til verket og presenterer det som vel dei fleste vil hugse som si første forelsking, – den ganske naive og uskuldsreine, men akk så sterke forelskinga på barneskulen. Karoline har funne dagboka si frå dei siste åra før ungdomsskulen, og den handlar om ein person. Det er ikkje henne sjølv, men Han med stor H, som ho for at dette ikkje skal bli alt for kleint, kallar Lukas.

Med opplesing frå dagboka til Karoline, frå søte draumar om det som aldri blei, naivistisk ungjentelyrikk og ikkje minst sjølvskriven song, får vi presentert vakre og fine minne som heilt sikkert kunne ha vore frå barndomen til dei fleste i salen. Og med nydelege saumlause brot gir Emilie oss litt pedagogisk faktaopplysning om dei ulike hormona som rir kroppen vår. Kva er det som gjer at det kjennest så godt å vere forelska, og som gjer at vi handlar så irrasjonelt? Med ei fin veksling av historiske tablå, lun og litt sjølvironisk humor, fakta om kropp og hormon og ikkje minst illustrerande og vakker dans, får dei fram det vi alle kjenner så godt, men som for aldersgruppa det gjeld kan vere litt kleint å prate om. Dei ufarleggjer det meste og viser oss, og kanskje i første rekkje målgruppa, at slik har menneska vore til alle tider. Og at det er fint og godt sjølv om det stundom kan vere både leit og sårt.

Emilie Mordal har eg følgd sia ho debuterte som ei imponerande Alice i Teaterlaget i BUL si legendariske oppsetjing «Alice i Eventyrland» i 2007 og via fleire solide roller på institusjonsteater etter at ho var ferdig utdanna. Karoline Bergh Ellingsen har eg ikkje hatt høve til å sjå på scena før nå. Men dette er to unge damer som står uvanleg godt til kvarandre. Og som eg alt har skrive, utfyller dei kvarandre og blir stundom nærast som eitt. Dei er båe trygge i rollene, og det er tydeleg at dette er noko dei er meir enn fortrulege med. Regien til Ane Aass gir gode saumlause brot i vekslinga mellom forteljing, dans og fakta. Den forsiktige, vare, men likevel så velfungerande lysdesignen til Ingrid Skanke Høsøien er med på å understreke det varme og visuelle. Karoline Bergh Ellingsens dans er både vakker og illustrerande, og i nokre scener går dansen og dei to på scena opp i ei høgare eining.

«Forelska!» er ei leiken, levande, tilsynelatande enkel, men varm og god lita framsyning som eg trur vil gå rett inn i kvardagen til målgruppa, men som også vekkjer til live minna i alle dei av oss som har hatt den gode kjensla det er å vere forelska.

One Response to “Godt å vere forelska”

  1. Bjørn Krogstad sier:

    Så varm og flott anmeldelse! Jeg skulle ønske at alle kunstanmeldere kunne være så rause!

Leave a Reply