Manglande dramatisering

TEATER

KJØNNSROLLER: Med fotballen som bakteppe og metafor er det mykje som kan seiast om kjønn og makt. FOTO: ERIK BIRKELAND/TINGH

«Sportskoret»
Teatret Vårt, Molde
Av: Elfriede Jelinek
Omsett av: Elisabeth Beanca Halvorsen
Regi og scenografi: Kristian Lykkeslet Strømskag
Med: Sara Fellman, Johanna Mørck og Julie Støp Husby

Ein intelligent tekst formidla utan tilstrekkeleg dramatisering.

Den austerrikske forfattaren og dramatikaren Elfriede Jelinek fekk nobelprisen i litteratur i 2004 og har ein solid produksjon bak seg av både romanar og dramatikk. Likevel er det forbausande sjeldan at ho blir sett opp på norske teater. Difor skal Teatret Vårt ha ros for at dei nå presenterer «Sportskoret». Med fotballen som bakteppe og metafor freistar dei å seie ein del om mellom anna makt, kjønnsroller og feminisme.

Jelineks tekst er relativt stutt og skrive som ei form for argumentasjonsrekkje, og ikkje som eit drama med roller og scenetilvising. Tittelen viser til at dette er eit kor, og eg oppfattar også teksten som eit kor av mange ulike stemmer. Jelinek leikar seg med språket, og manuset er fullt av språklege dobbel- og trippeltydingar der ein skal henge godt med for å få med seg alt. Det er ein tett og særs god tekst, og Elisabeth Beanca Halvorsens omsetjing har greidd det kunststykket det er å få med seg det aller meste av denne språklege leiken der kontrastar, kjønnsrelaterte og kulturelle tolkingar og mykje meir byr på ei oppleving i seg sjølv. Samstundes er dette også gjennomsyra av underliggjande feminisme og kritikk av kjønnsroller og ujamne maktforhold.

Teatret Vårt og regissør Kristian Lykkeslet Strømskag presenterer oss for tre kvinnelege fotballspelarar, Sara Fellman, Johanna Mørck og Julie Støp Husby, som på ei scene forma som ein fotballbane framfører teksten nærast som ei rekkje monologar med litt interaksjon. Her er ikkje noko kor, og det heile blir litt forvirrande fordi det er vanskeleg å forstå om dette er tre konkrete kvinnelege idrettsutøvarar, om dei er generelle representantar for kvinneidretten, eller berre mange ulike stemmer. For eg oppfattar at det faktisk også er mannlege ytringar her. Dei tre på scena har fått alt for lite å spele på. Og ein intelligent og leiken tekst blir såleis framført som ei lang rekkje med ord utan tilstrekkeleg dramatisering og utan at spelet har særleg samanheng med orda.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 29. januar 2021.)

Leave a Reply