Lågmælt og nedpå

TEATER

IDYLL: Nært og ømt, men ikkje noko varar evig. FOTO: ARILD MOEN/TINGH

«Scener fra et ekteskap»
Teateret Vårt, Molde
Av Ingmar Bergman
Omsett og tilarbeidd av Arne Lygre
Regi: Tatu Hämäläinen
Scenografi: Tatu Hämäläinen og Phillip Isaksen
Komponist: Tatu Rönkkö
Med: Kjersti Botn Sandal og Bjørnar Lisether Teigen

Innsiktsfullt, lågmælt og intenst om den vanskelege kjærleiken.

Mykje har skjedd sia Ingmar Bergman i 1973 laga TV-serien «Scener fra et ekteskap» med Erland Josephson og Liv Ullmann i hovudrollene. For to år sia fekk Rogaland Teater Arne Lygre til å omsetje og tilarbeide teksten til dagens forhold. Seks timelange episodar blei skorne ned til godt under det halve. Nå har Teatret Vårt i Molde nytta Lygres dramatisering, og skore henne endå meir inn til beinet. Det er blitt eit tett, intenst og velspela kammerspel.

Teaterets hovudscene er gjort om til eit ope amfi med eit stort rosa teppe nærast som ein manesje, og der publikum sit rundt på alle fire sider. Med unnatak av ein mobiltelefon, er her ingen rekvisittar. Alt er nådelaust nake, heilt ope og ekstremt synleg slik forteljinga om dette ekteparet også etter kvart blir formidla. Marianne (Kjersti Botn Sandal) og Johan (Bjørnar Lisether Teigen) har vore gift i ti år, har to døtrer og eit godt liv på alle vis. Dei er lukkelege og ser seg sjølve som unnataket som stadfestar regelen. Men så forelskar Johan seg hovudstups i ei yngre kvinne, flyttar ut, og gjennom ei rekkje tablå, følgjer vi Marianne og Johan gjennom ti års kamp mot seg sjølve og den andre, om det vanskelege brotet, om alle banda som framleis finst, og fram til ein vakker epilog med ei slags forsoning, eller rettare erkjenning.

Tatu Hämäläinens regigrep er lågmælt og uvanleg nedpå. På mange vis tar framsyninga form av at vi blir vitne til og deltakarar i eit terapirom. I opninga sit Johan og Marianne blant publikum, på kvar si side av salen, og startar famlande med å fortelje om seg sjølve. I fullt lys og med ein fysisk distanse i grell kontrast til den kjærleiken og intimiteten dei fortel om, får vi innsikt i livet deira frå dei møttest til dei etter ti års lukkeleg ekteskap undrar seg over kor heldige dei er.

Etter den lange og lågmælte introen, med lange pausar som er med på å understreke intensiteten, flyttar dei seg inn på teppet og lyset blir dempa. Gjennom nokre kronologisk formidla tablå, der skifta berre er markerte med musikk nærast som lydkulisser, blir vi så vitne til den vanskelege kjærleiken, til utruskap, løgn, tretter og vondskap, men heile tida med det underliggjande at dei eigentleg vil kvarandre godt.

Kjersti Botn Sandal og Bjørnar Lisether Teigen har ikkje anna enn kvarandre og teksten å stø seg på, men nettopp difor blir formidlinga deira så sterk, levande og truverdig. Han litt umoden og ho meir reflektert, men tidvis sjølvutslettande. Det er framifrå personinstruksjon, og dei to gir oss eit kammerspel som vekslar varsamt mellom det stillferdige og dei store kjenslemessige utbrota.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 25. januar 2021.)

Leave a Reply