Eitt hus – to historier

TEATER

FLEIRE PLAN: Kontrasten mellom kjellarens mørke historie og familieidyll i hovudetasjen der bakteppet er portrettet av Hirsch Komissar. FOTO: MARCO VILLABRILLE

«Leksikon om lys og mørke»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Simon Stranger
Dramatisert av: Anne Birgitte Holtan
Regi: Maren E. Bjørseth
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Koreografi: Ida Wigdel
Lysdesign: Eivind Myren
Videodesign: Stein Jørgen Øien
Lyddesign: Alf Lund Godbolt
Med: Kenneth Homstad, Duc Mai-The, Mira Dyrnes Askelund, Maria Omarsdottir Austgulen, Ida Göransson, Mats Moe, Hildegunn Eggen og Hans Petter Nilsen

Mange tablå og lite dveling i ei dramatisering som ikkje levde opp til romanens nivå.

For to år sia gav Simon Stranger ut romanen «Leksikon om lys og mørke». Der fortel han den bisarre historia om sin jødiske svigerfamilie som berre nokre få år etter krigen busette seg i Rinnanbandens berykta «bandekloster» i Trondheim. Med utgangspunkt i ein snublestein etter konas oldefar, Hirsch Komissar, har han nøsta opp to heilt ulike, men samstundes relativt parallelle historier. Han følgjer Norges verste torturist, Henry Oliver Rinnan, frå oppvekst som mobbeoffer i Levanger og til hans Sonderabteilung Lola under krigen der han fekk rekvirert ein villa i Jonsvannsveien og nytta den til festing, tortur og likvidering. Samstundes følgjer Stranger familien Komissar frå januar 1942 og fram til i dag. Hirsch Komissar dreiv saman med kona, Marie, ein klesforretning i Trondheim. I januar 1942 blei han arrestert, og saman med ni andre blei han skoten som sonoffer under unntakstilstanden i oktober 1942. Kona og sønene Gerson og Jacob kom seg til Sverige og overlevde krigen. Gerson gifta seg med Ellen Glott og busette seg i Oslo, men Marie fekk etter kvart overtala dei til å flytte til Trondheim for å hjelpe til i forretninga. Og utan å fortelje dei det på førehand, skaffa ho dei husvære i «bandeklosteret» som ho sjølvsagt fekk ganske rimeleg.

Slik gjekk det til at Strangers svigermor som lita jente vaks opp og leika i eit hus som berre ti år tidlegare hadde vore åstad for dei mest fryktelege ting. Ein roman om dette var i utgangspunktet eit umogeleg prosjekt, men Simon Stranger gav oss ei lesaroppleving av ei bok. Det var eit psykologisk innblikk i vondskap og fornedring og korleis øydeleggjande minne bokstaveleg og fysisk kan sitje att i veggane, og eit verdig minne om Hirsch Komissar.

Nå har Anne Birgitte Holtan dramatisert romanen, og i Maren E. Bjørseths regi var det fredag urpremiere på Trøndelag Teater. Dramatisering og regi er relativt tru mot romanen som er bygd opp som eit alfabetisk leksikon der kvar bokstav har sitt kapittel. Det blir veksla heilt saumlaust og ikkje kronologisk mellom historiene om Rinnan og Komissarfamilien. I romanen fungerer dette fordi Stranger får høve til å ta seg tid og utdjupe alle scenene. Men i dramatiseringa blir det i staden ei alt for lang rekkje tablå der det berre heilt mot slutten blir rom for å dvele. For den som ikkje har lese boka eller kjenner historiene, vil eg tru det er vanskeleg å følgje med. Dette er forsøkt kompensert med at mykje er blitt vel tydeleg, og både i kostyme, utsjånad og spel blir det lite att til det subtile, eller til publikums fantasi.

Katrin Bombes scenografi er ein stor installasjon over tre etasjar som endrar litt karakter frå første til andre akt. Etter pause, får vi eit velfungerande spel på kontrastane mellom familielivet på 50-talet og dei groteske scenene i kjellaren berre ti år tidlegare, toppa av det fullstendig absurde når ungane i Komissarfamilien skal spele skodespel i kjellaren. Koring og musikk, i utval eller skriven av Alf Lund Godbolt, gir fine brot og rom for refleksjon. Eivind Myrens utsøkte og diskré bruk av lys gir enkle og gode illusjonar, medan utstrekt bruk av videoprojeksjonar, mellom anna for å få fram årstider, situasjonar og tekstleg forklaring, blir stundom påtrengjande tydeleg.

Med unnatak av Kenneth Homstad, som stort sett spelar berre Rinnan, fyller dei andre sju på scena eit utal roller. Skifta går raskt og nesten umotivert, og er ikkje alltid like vellukka. Best er nok Maria Omarsdottir Austgulen som på imponerande og forståeleg vis vekslar mellom Ellen Komissar og nazisten og drapsofferet Marie Arentz. Duc Mai-The gir ei verdig og fin tolking av Hirsch Komissar, men det er Kenneth Homstads framstilling av Henry Rinnan som vil bli hugsa. Og jamvel om den er framifrå, er dette ei vesentleg innvending mot framsyninga. Det blei for mykje Rinnan og for lite Komissar, og Rinnan blir den einaste vi kjem under huda på, med eit lite unnatak for Ellen Komissar som aldri fann seg til rette i Jonsvannsveien.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 2. november 2020.)

Leave a Reply