Ord versus musikk

TEATER

TVEKAMP: Intens nærkamp mellom ordet (Kate Pendry) og musikken (cellisten Lene Grenager). FOTO: MAY-IRENE AASEN

«Enemy of the people»
Rosendal Teater
Av: Kate Pendry og Lemur
Lyddesign: Thorolf Thuestad
Lysdesign: Ingeborg Staxrud Olerud
Med: Kate Pendry, Bjørnar Habbestad (fløyte), Hild Sofie Tafjord (horn), Michael F. Duch (bass) og Lene Grenager (cello)

Ei kjenslemessig reise i spennet mellom det stringente i språket og det langt meir uklåre i musikken.

Performancekunstnaren, dramatikaren og skodespelaren Kate Pendry, opphaveleg frå England, har laga ei rekkje produksjonar sia ho busette seg i Norge i 1995. Framsyningane er ofte kontroversielle, sterkt politiske, men gjerne med ein underliggjande svart humor. For fire år sia starta ho eit samarbeid med kvartetten Lemur. Den består av samtidsmusikarane Bjørnar Habbestad (fløyte), Hild Sofie Tafjord (horn), Michael F. Duch (bass) og Lene Grenager (cello). I førre veka var det premiere på «Enemy of the people» som er ganske annleis enn det eg tidlegare har sett av Pendry.

Som tittelen fortel, er dette ein slags parafrase over Henrik Ibsens «En folkefiende» der den sanningssøkjande Dr. Stockmann finn ut at vatnet i byens badeanstalt er forureina, men møter motstand fordi stenging kan føre til inntektstap. Nærare hundre år etter laga Steven Spielberg filmen «Haisommer» som er ein parallell til Ibsen ettersom ein i starten valde å ikkje stengje stranda av frykt for det same inntektstapet. Og tre år etter opplevde verda den forferdelege Jonestown-massakren der 914 menneske døydde i eit kollektivt sjølvmord etter å ha drukke gift. Dette er eit bakteppe som vi gjennom fleire videoprojeksjonar får gløtt inn i.

Vi sit i ein halvsirkel om ei sirkelforma scene der dei fire musikarane står stasjonært medan Pendry flyttar seg rundt. Ein mindre sirkel, eit teppe der eld og vatn blir projisert, er eit symboltungt minne om kva dette dreier seg om, om sjølve eksistensen vår.

Framsyninga er ei veksling mellom Pendrys insisterande monologar og improvisert musikk der ho freistar å utforske kontrastane mellom det tydelege i det verbale, og musikkens og lydanes mindre openberre meiningsinnhald. For publikum er det nok meir dei kjenslemessige assosiasjonane dette vekkjer enn eigentleg noko narrativ. Og ettersom Pendrys monologar ofte druknar litt i musikken, må ein sjå dei meir som eit ekstra instrument enn som meiningsberande setningar. Musikken følgjer og kommenterer henne, og det blir spesielt sterkt når ho mot slutten går i nærkamp med kvar av musikarane.

Med litt førehandsinformasjon forstår vi kva produksjonen ønsker å tematisere og problematisere. Ei anna sak er om dei greier det. For meg blei det nok litt for fragmentarisk, og eg fekk aldri heilt tak på parallellane til «Haisommer» og Jonestown. Best var det når assosiasjonane tok meg heilt andre stader, og i finalen der alle fem samt to teknikarar gav oss eit mektig kor.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 6. november 2020.)

Leave a Reply