Oppbrot og forsvinning

TEATER

I EI KLEMME: Eg (Trude Øines) veit ikkje kva ho skal gjere når verda og alt det trygge ramlar saman over hovudet på henne. FOTO: KNUT BRY

«Jeg forsvinner»
Hålogaland Teater, Scene øst
Av: Arne Lygre
Regi og scenografi: Anders T. Andersen
Komponist: Adrien Munden
Kostyme: Mette Welle Jacobsen
Lysdesign: Øystein Heitmann
Med: Trude Øines, Ketil Høegh, Camilla Frey, Catharina Vu og Ida Løken Valkeapää

Særs velspela, men ikkje alltid like lett å henge med i alle dei ulike forteljingane.

«Jeg forsvinner» av Arne Lygre blei gitt ut i 2011 og vann Ibsenprisen i 2013. Stykket er spela fleire stader i utlandet, men er til nå berre sett opp to gongar her heime. Kva som er årsaka til denne vegringa frå norske teater, veit eg ikkje. Det kan i alle fall ikkje liggje i sjølve sceneteksten, for Lygres manus er sterk lesnad. Men det er ein tekst som set store krav til både regissør og skodespelarar ettersom her ikkje er så mykje korkje av handling eller ytre staffasje å stø seg på.

Dramaet har mange forteljingar, som er bygd opp om tre hovudlag. Det er inga eigentleg historie, men det handlar i stor grad om oppbrot og kva som skjer når det trygge raknar. Skal ein bli att i det kjende tilværet, som er truga av eitt eller anna vi meir anar ann forstår? Eller skal ein flykte til det usikre og ukjende, som likevel kanskje er tryggare?

Arne Lygre gjer historia så generell som mogeleg, så her er ingen detaljar som kan innsnevre merksemda. Difor har ikkje dei fem rollefigurane namn, men blir i staden omtala som eg, mi venninne, dottera til venninna mi, mannen min og ei framand kvinne. I botn ligg ei historie om desse fem. På ei scene bygd opp som eit svart platå, er dei einaste rekvisittane ei rekkje koffertar og reisevesker. Dette kan vere kor som helst, men det er openbert, og kanskje litt for synleg, at nokon er på reisefot.

Det tek til med at eg (Trude Øines) fortel at dette er heimen hennar. Her har ho vakse opp og levd heile livet. Her held ho til med mannen sin, som ho elskar, og det er her ho trivst. Ho fortel at ho er særs lukkeleg, men i eit tonefall som ikkje er spesielt overtydande. Så kjem venninna hennar (Camilla Frey) inn, og vi blir fortald verbalt, men langt frå kjenslemessig, kor nær dei er kvarandre. Nesten som ein familie, seier dei. Vi får etter kvart vite at venninnas dotter (Catharina Vu) er av garde for å hente mannen (Ketil Høegh), og medan dei ventar og pratar om det kvardagslege og trivielle, forstår vi også at det er eitt eller anna som trugar der ute. Vi får aldri vite kva, men det er openbert at ei krise er i emning, og at det tryggaste kanskje er å reise. Så kjem dottera attende utan mannen, og det eksistensielle valet om å reise eller bli, blir endå verre å ta stilling til.

Samstundes, og akkurat dette ordet er eit nøkkelord i dramaet, for samstundes skjer det dramatiske ting også andre stader. Framsyninga er bygd opp om tre nivå. Det er det faktiske spelet på scena, om eg og folka rundt henne. Det er scenetilvisingar og ei slags forklaring på kva som skjer. Og det er parallelle forteljingar som skjer samstundes ein annan stad. Gjennom desse historiene møter vi ei rekkje ulike lagnadar, fleire ganske dystopiske og trasige, men etter kvart nokre litt meir håpefulle. Slik får Lygre fortald om mellommenneskelege forhold og medkjensler, og ikkje minst om menneskas evne til å halde fram og aldri gi opp.

Det kan fort bli forvirrande når ein på eit saumlaust vis fortel så mange historier. I manuset har Lygre nytta typografiske verkemiddel til å skilje mellom dei ulike nivåa. I ei iscenesetting må ein sjølvsagt bruke andre middel, og her er vi truleg ved det største problemet med denne oppsetjinga. Regissør Anders T. Andersen let skodespelarane hoppe frå eg-forteljinga til dei parallelle, og attende att, utan noka form for forklåring, brot eller pausar. Det blir ikkje enkelt å følgje med, og dette er tidvis noko øydeleggjande for framsyninga som difor heller ikkje kjem heilt i hamn.

Dramaet har mykje tekst og lite fysisk handling. Det gjer det særs krevjande for skodespelarane som i hovudsak kjem godt frå oppgåva. Særleg imponerande er Trude Øines som eg. Trass i at ho har små nyansar å spele på, greier ho likevel å nytte heile registeret frå den nesten naive og «å så lukkelege» i starten, til den klaustrofobiske og langt meir desperate personen mot slutten.

Finalen er mannens epilog der han i motsetnad til eg, vel å bli. Og når dét i tillegg er saman med ei framand kvinne (Ida Løken Valkeapää), blir det eit nesten humoristisk malapropos til alt vi tidlegare er blitt fortald. Så var det kanskje håp likevel? Sjølv om eit kor med trykkjande og nesten suggererande musikk skulle tyde på noko anna.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 12. oktober 2020.)

Leave a Reply